Brudespore
Brudespore | |||
Systematikk | |||
Rike: | Planteriket | ||
Klasse: | Einfrøblada | ||
Orden: | Aspargesordenen | ||
Familie: | Orkidéfamilien | ||
Slekt: | Gymnadenia | ||
Art: | G. conopsea | ||
Vitskapleg namn | |||
Gymnadenia conopsea
(Linné) R.Br.
| |||
Økologi | |||
Habitat: | alkalisk jord | ||
Utbreiing: | Eurasia |
Brudespore (Gymnadenia conopsea) eller engbrudespore er ei plante i brudesporeslekta Gymnadenia i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1]
Utsjånad
endreBrudespore er ei høgreist plante som kan blir opp mot 50 centimeter høg. Planta har eit aks med blomar som kan variere i farge frå rosaraud til kvit. Leppa er utan teikningar.
Systematikk
endreBrudespore var tidlegare delt inn i to underartar, nominatunderarten G. conopsea ssp. conopsea, kalla engbrudespore, og underarten G. conopsea ssp. densiflora, kalla praktbrudespore. I samband med raudlistevurderinga i 2021 blei dei to underartane vurderte til å være separate artar i brudesporeslekta.[2][3][4][5] Brudespore er no den normerte nemninga for arten G. conopsea,[1] men han blir òg omtalt som engbrudespore. Praktbrudespore er namn på arten G. densiflora, som står på raudlista som nær truga (NT).[6]
Det har òg vore diskutert om svartkurle (Nigritella nigra) skal inlemmast i brudesporeslekta, slik det er gjort i mange klassifiseringer, mellom anna i Sverige, men ein har valt å oppretthalde svartkurleslekta Nigritella som ei eiga slekt.[2][5]
Suomen Lajitietokeskus (Finlands Artdatacenter) oppgir desse underartane i Finland:[7]
- nominatunderarten G. conopsea ssp. conopsea (finsk namn ahokirkiruoho)[8] med varietetane
- G. conopsea ssp. alpina (finsk namn lettokirkiruoho)[11]
Utbreiing
endreBrudespore treng kalk i jorda, men kan elles vekse både i skog, på myr og i fjellet, og han er utbreidd over det meste av landet.[12] I raudlistevurderinga (2021) blir brudespore rekna som livskraftig (LC).[2]
Arten finst òg i Sverige (status LC, svensk namn brudsporre),[13] i Danmark (sjælden, dansk namn langakset trådspore)[14] og i Finland (VU, finsk namn punakirkiruoho),[15] alle stader rekna som underart.
Brudespore (engelsk namn common fragrant orchid) er vanleg over det meste av Dei britiske øyane. I både den britiske og den irske raudlista har arten status som livskraftig (LC),[16][17] på same måte som lokalt i England og Wales,[18][19] og han er ikkje nemnd for tiltak i Skottland.[20]
I Estland (estisk namn harilik käoraamat) veks brudespore over det meste av landet og er rekna som livskraftig (LC).[21] I Latvia (latvisk namn odu gimnadēnija)[22] veks arten over det meste av landet på fuktig mark. På den latviske raudlista er han klassifisert med usikker status (kategori 4 – nepietiekami pētītas).[23] I Litauen (litauisk namn pievinis plauretis) finst arten spreidd over det meste av landet, mest i nord og aust. Han er rekna som sårbar (VU).[24][25]
I Benelux er arten (nederlandsk namn grote muggenorchis, fransk namn orchis moucheron) i sterk tilbakegang i Nederland og finst no mest i Limburg. I Flandern i Belgia finst han berre få spreidde stader, medan han i Vallonia er vanlegare i Ardennane.[26][27] I den nederlandske raudlista er arten rekna som kritisk truga (CR, ernstig bedreigd).[28] I Belgia er han òg rekna som kritisk truga (CR, ernstig bedreigd) i Flandern, men sårbar (VU, vulnérable) i Vallonia.[29][30] I Luxembourg er han rekna som sårbar (VU).[31]
Hybridar
endreHybriden mellom brudespore og duftspore (Gymnadenia conopsea × odoratissima eller Gymnadenia ×intermedia)[32] har vore registrert i Sverige.[33] Dei tre taksona i brudesporeslekta på Dei britiske øyane som no har status som eigne artar, er førebels ikkje så godt kartlagde. Ein reknar med at brudespore dannar hybridar med både praktbrudespore (Gymnadenia conopsea × densiflora) og grannbrudespore (Gymnadenia borealis × conopsea).[34]
Brudespore dannar intergeneriske hybridar (hybrid mellom ulike slekter) med ei lang rekkje artar frå fleire slekter. Hybriden med fjellkvitkurle (Gymnadenia conopsea × Pseudorchis straminea) er registert nokre stader i Noreg[35] og i Sverige.[36] Hybriden med kvitkurle (Gymnadenia conopsea × Pseudorchis albida eller ×Pseudadenia schweinfurthii)[37] er registrert i Sverige[38] og på Dei britiske øyane i Yorkshire og Skottland.[34] I Sverige er brudespore rapportert å kunne danne ein hybrid med nattfiol (og då helst skognattfiol) (Gymnadenia conopsea × Platanthera bifolia), men funnet er ikkje verifisert.[39] Hybriden med salepsrot (Anacamptis pyramidalis × Gymnadenia conopsea eller ×Gymnanacamptis anacamptis)[40] er observert sporadisk i England.[34]
Hybridar med flekkmarihand (Dactylorhiza maculata ssp. maculata × Gymnadenia conopsea) er funne på Austlandet, i Trøndelag og nord til Troms[35] og spreidde stader i Sverige.[41] I Nederland (der som Dactylorhiza maculata × Gymnadenia conopsea eller ×Dactylodenia legrandiana) er han truleg utdøydd.[42] Hybriden med skogmarihand (Dactylorhiza maculata ssp. fuchsii × Gymnadenia conopsea eller ×Dactylodenia heinzeliana)[43] er funnen på Austlandet, i Trøndelag og nord til Troms,[35] spreidde stader i Sverige,[44] på Dei britiske øyane,[34] i Estland[45] i Litauen[24] og i Nederland (der med namnet Dactylorhiza fuchsii × Gymnadenia conopsea eller xDactylodenia st-quintinii).[46] Hybridar med grasmarihand (Dactylorhiza incarnata ssp. incarnata × Gymnadenia conopsea eller ×Dactylodenia vollmannii nothossp. vollmannii)[47] er registrerte i Røros og Hattfjelldal i Noreg,[35] spreidde stader i Sverige[48] og to gonger i Cornwall.[34] I Sverige er òg hybriden med blodmarihand (Dactylorhiza incarnata var. cruenta × Gymnadenia conopsea eller ×Dactylodenia vollmannii nothosubsp. raetica)[49] observert.[50] Hybriden med lappmarihand (Dactylorhiza majalis ssp. lapponica × Gymnadenia conopsea eller ×Dactylodenia lebrunii)[51] er han funnen i Røros,[35] og han har òg vore registrert i Sverige.[52] På Dei britiske øyane er det òg funne ein intergenerisk hybrid med smågrønkurle (Dactylorhiza viridis ssp. viridis × Gymnadenia conopsea eller ×Dactylodenia jacksonii)[53] spreidde stader i England.[34]
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 «Artsdatabanken: Artsopplysningar brudespore». Artsdatabanken. Henta 1. mars 2022.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 «Raudlista: Engbrudespore». Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 1. mars 2022.
- ↑ «Artsdatabanken: Namnetre brudespore». Artsdatabanken. Henta 1. mars 2022.
- ↑ Christiane Stark mfl. (2011). «Strong genetic differentiation between Gymnadenia conopsea and Gymnadenia densiflora despite morphological similarity». Plant Systematics and Evolution 293 (1-4): 213–226. ISSN 1615-6110. doi:10.1007/s00606-011-0439-x.
- ↑ 5,0 5,1 Marie Kristine Brandrud mfl. (2019). «Restriction-site associated DNA sequencing supports a sister group relationship of Nigritella and Gymnadenia (Orchidaceae)». Molecular Phylogenetics and Evolution 136 (July): 21–28. ISSN 1095-9513. doi:10.1016/j.ympev.2019.03.018.
- ↑ «Raudlista: Praktbrudespore». Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 1. mars 2022.
- ↑ Tapani Kettunen og Pertti Uotila (2019). «Morphological variation and a new variety of Gymnadenia conopsea (Orchidaceae) in Finland». Memoranda Soc. Fauna Flora Fennica 95: 89–99. ISSN 1796-9816.
- ↑ «LAJI: Gymnadenia conopsea subsp. conopsea». LAJI.FI. Henta 15. desember 2022.
- ↑ «LAJI: Gymnadenia conopsea subsp. conopsea var. conopsea». LAJI.FI. Henta 15. desember 2022.
- ↑ «LAJI: Gymnadenia conopsea subsp. conopsea var. scitula». LAJI.FI. Henta 15. desember 2022.
- ↑ «LAJI: Gymnadenia conopsea subsp. alpina». LAJI.FI. Henta 1. mars 2022.
- ↑ «Artskart: Brudespore, registrerte funn etter 2010». Artsdatabanken. Henta 1. mars 2022.
- ↑ «Artfakta: Gymnadenia conopsea brudsporre». Artdatabanken. Henta 6. mars 2022.
- ↑ «Naturbasen: Langakset Trådspore Gymnadenia conopsea ssp. conopsea». Naturbasen. Henta 6. mars 2022.
- ↑ «LAJI: Gymnadenia conopsea». LAJI.FI. Henta 15. desember 2022.
- ↑ «GB Red List for vascular plants (revised Feb 2021)». Botanical Society of Britain & Ireland. 2021. Henta 9. mars 2022.
- ↑ «Ireland Red List No. 10: Vascular Plants» (PDF). National Parks & Wildlife Service. 2016. Henta 9. mars 2022.
- ↑ «A Vascular Plant Red List for England» (PDF). Botanical Society of Britain & Ireland. 2014. Henta 9. mars 2022.
- ↑ «A Vascular Plant Red Data List for Wales / Rhestr o Blanhigion Fasgwlaidd Data Coch ar gyfer Cymru». Plantlife Wales. 2008. Henta 9. mars 2022.
- ↑ «Scottish Biodiversity List». Scotland's Nature Agency / Buidheann Nàdair na h-Alba. 2020. Henta 9. mars 2022.
- ↑ «eElurikkus: Gymnadenia conopsea» (på estisk og engelsk). Tartu Ülikool (Tartu universitet). Henta 4. februar 2023.
- ↑ «Latvijas daba: odu gimnadēnija» (på latvisk). Enciklopēdija «Latvijas Daba». Henta 4. februar 2023.
- ↑ Torleif Ingelög, Roger Andersson og Martin Tjernberg, red. (1993). Red Data Book of the Baltic Region (på engelsk). Swedish Threatened Species Unit. Uppsala in co-operation with Institute of Biology, Riga. s. 25-68. ISBN 91-88506-00-2. Henta 4. februar 2023.
- ↑ 24,0 24,1 Zigmantas Gudžinskas, Mindaugas Ryla (2006). Lietuvos gegužraibiniai (Orchidaceae) – Orchids (Orchidaceae) of Lithuania (på litauisk). Botanikos instituto leidykla. s. 30-31. ISBN 9986-662-28-1. Henta 4. februar 2023.
- ↑ Valerijus Rašomavičius, red. (2021). Lietuvos raudonoji knyga / Red Data Book of Lithuania (PDF) (på litauisk og engelsk). Aplinkos ministerija (Miljødepartementet). s. 406. ISBN 978-9955-37-230-1. Henta 4. februar 2023.
- ↑ «Verspreidingsatlas Vaatplanten: Gymnadenia conopsea». FLORON. Henta 20. januar 2024.
- ↑ «Verspreidingskaart: Grote muggenorchis – Gymnadenia conopsea». Waarnemingen.be. Henta 20. januar 2024.
- ↑ «Rode Lijst Vaatplanten 2012» (PDF). FLORON. Henta 15. januar 2024.
- ↑ «Rode Lijsten». Instituut voor Natuur- en Bosonderzoek. Henta 15. januar 2024.
- ↑ «Liste des espèces wallonnes». Instituut voor Natuur- en Bosonderzoek. Henta 15. januar 2024.
- ↑ «Red List of the vascular plants of Luxembourg». Musée national d’histoire naturelle Luxembourg. Henta 15. januar 2024.
- ↑ «PoWO: Gymnadenia × intermedia». Plants of the World Online. Henta 31. januar 2023.
- ↑ «Artfakta: Gymnadenia conopsea × odoratissima brudsporre × luktsporre». Artdatabanken. Henta 31. januar 2023.
- ↑ 34,0 34,1 34,2 34,3 34,4 34,5 Anne and Simon Harrap (2009). Orchids of Britain and Ireland (2. utg.). London: A & C Black. ISBN 978-1-408-10571-9.
- ↑ 35,0 35,1 35,2 35,3 35,4 Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 192–193.
- ↑ «Artfakta: Gymnadenia conopsea × Pseudorchis straminea brudsporre × fjällyxne». Artdatabanken. Henta 31. januar 2023.
- ↑ «PoWO: × Pseudadenia schweinfurthii». Plants of the World Online. Henta 31. januar 2023.
- ↑ «Artfakta: Gymnadenia conopsea × Pseudorchis albida brudsporre × vityxne». Artdatabanken. Henta 31. januar 2023.
- ↑ «Artfakta: Gymnadenia conopsea × Platanthera bifolia brudsporre × nattviol». Artdatabanken. Henta 31. januar 2023.
- ↑ «PoWO: × Anacamptorchis anacamptis». Plants of the World Online. Henta 31. januar 2023.
- ↑ «Artfakta: Dactylorhiza maculata subsp. maculata × Gymnadenia conopsea Jungfru Marie nycklar × brudsporre». Artdatabanken. Henta 31. januar 2023.
- ↑ «Verspreidingsatlas Vaatplanten: x Dactylodenia legrandiana». FLORON. Henta 17. januar 2024.
- ↑ «PoWO: × Dactylodenia heinzeliana». Plants of the World Online. Henta 31. januar 2023.
- ↑ «Artfakta: Dactylorhiza maculata subsp. fuchsii × Gymnadenia conopsea skogsnycklar × brudsporre». Artdatabanken. Henta 31. januar 2023.
- ↑ «eElurikkus: Dactylorhiza fuchsii × Gymnadenia conopsea» (på estisk og engelsk). Tartu Ülikool (Tartu universitet). Henta 4. februar 2023.
- ↑ «Verspreidingsatlas Vaatplanten: x Dactylodenia st-quintinii». FLORON. Henta 17. januar 2024.
- ↑ «PoWO: ×Dactylodenia vollmannii nothosubsp. vollmannii». Plants of the World Online. Henta 31. januar 2023.
- ↑ «Artfakta: Dactylorhiza incarnata × Gymnadenia conopsea ängsnycklar × brudsporre». Artdatabanken. Henta 31. januar 2023.
- ↑ «PoWO: × Dactylodenia vollmannii nothosubsp. raetica». Plants of the World Online. Henta 31. januar 2023.
- ↑ «Artfakta: Dactylorhiza incarnata var. cruenta × Gymnadenia conopsea blodnycklar × brudsporre». Artdatabanken. Henta 31. januar 2023.
- ↑ «PoWO: ×Dactylodenia lebrunii». Plants of the World Online. Henta 31. januar 2023.
- ↑ «Artfakta: Dactylorhiza majalis subsp. lapponica × Gymnadenia conopsea sumpnycklar × brudsporre». Artdatabanken. Henta 31. januar 2023.
- ↑ «PoWO: ×Dactylodenia jacksonii». Plants of the World Online. Henta 31. januar 2023.
Bakgrunnsstoff
endre- (no) brudespore hos Artsdatabanken
- (en) brudespore i Encyclopedia of Life
- (en) brudespore i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) brudespore hos Dyntaxa
- (en) brudespore hos ITIS
- (en) brudespore hos NCBI
- (en) brudespore hos The International Plant Names Index
- (en) brudespore hos Tropicos
- (en) Kategori:Gymnadenia conopsea – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Gymnadenia conopsea – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Gymnadenia conopsea – detaljert informasjon på Wikispecies