Høgre
- For den politiske retninga, sjå høgresida. For andre tydingar, sjå høgre (fleirtyding).
Høgre (H) er eit liberalkonservativt politisk parti i Noreg. Høgre er den nest eldste partiorganisasjonen i landet, og blei skipa den 25. august 1884 som De Conservative Foreningers Centralstyre. Partiet set folkestyret, eigedomsretten, og den personlege fridomen høgt. Partiet identifiserer seg sjølv som eit borgarleg parti.
Høgre | |||
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Partileiar(ar) | Erna Solberg | ||
Grunnlagt | 25. august 1884 | ||
Hovudkvarter | Oslo | ||
Ungdomsorg. | Unge Høgre | ||
Medlemstal | 29 584 (2022)[1] | ||
Ideologi | liberalkonservatisme | ||
Politisk posisjon | sentrum-høgre | ||
Internasjonal tilknyting | Den internasjonale demokratiske unionen | ||
Farge | Blå | ||
Slagord | «Muligheter for alle» | ||
Ordførarar | 76 / 428
| ||
Kommunestyre- representantar | 1 954 / 10 620
| ||
Fylkestings- representantar | 167 / 777
| ||
Stortings- representantar | 45 / 169
|
Leiaren i Høgre er Erna Solberg (2004-). Partiet har to nestleiarar; Bent Høie og Jan Tore Sanner.
I perioden 2013–2017 har Høgre 48 representantar på Stortinget. Trond Helleland og Nikolai Astrup er høvesvis parlamentarisk leiar og nestleiar. Høgre er det nest største partiet på Stortinget, etter Arbeiderpartiet. Etter stortingsvalet i 2013 danna partileiar Erna Solberg ei regjering saman med Framstegspartiet.
Partiet har tre sideorganisasjonar: Unge Høgres Landsforbund, Høgres Studenter[2] og Senior Høyres Landsforbund.[3]
Historie
endreDe Conservative Foreningers Centralstyre vart skipa den 25. august 1884, etter innføringa av parlamentarismen i Noreg. Emil Stang vart vald til fyrste formann i partiet. I 1913 endra det namn til Høgre (Høire).
Oppsluttinga om Høgre har variert mykje. Størst del av røystene hadde Høgre i 1894 då 49,4 % røysta på Høgre. Høgre har aldri hatt reint fleirtal på Stortinget. Høgre gjekk attende i mellomkrigstida, mellom anna av di nye parti kom til. Frå 1945 til 1970 auka oppslutninga om partiet, og skaut fart etter valet i 1973. Valet i 1981, der Høgre fekk 31,7 % oppslutnad var det beste valet sidan 1924. Kåre Willoch stod i spissen for Høgrebølgja i norsk politikk. Ved valet i 1997 fekk Høgre 14,3 % av røystene, det dårlegaste valresultatet til då etter 1945. Partiet gjorde eit godt val i 2001, og kom i regjering saman med Kristeleg Folkeparti og Venstre. Stortingsvalet i 2005 vart eit nytt dårleg val for Høgre, som vart passert av Framstegspartiet og dermed vart berre tredje størst på Stortinget.
Ved fylkestingsvalet 2007 fekk partiet 18,8 % av røystene.
Valhistorikk
endreStortingsvalresultat 1973–2017
|
Kommunestyreval 1928–2019[4][5]
|
Fylkestingsval 1975–2019[6][7]
|
¹ Ved desse vala stilte Høgre felleslister med eit eller fleire av partia Kristeleg Folkeparti, Venstre eller Bondepartiet, dette talet er eit overslag med røystene til felleslistene fordelt på dei einskilde partia.
Kjelder
endre- ↑ https://hoyre.no/2023/01/13/hoyre-med-sterkeste-medlemsvekst-pa-10-ar.
- ↑ https://ungehoyre.no/hoyres-studenter/
- ↑ https://hoyre.no/senior/
- ↑ Statistisk sentralbyrå: kommunestyrevalgresultater
- ↑ Valgresultat.no: Kommunestyrevalg 2015
- ↑ Statistisk sentralbyrå: fylkestingsvalgresultater
- ↑ Valgresultat.no: Fylkestingsvalg 2015