Opna hovudmenyen

Hagbarth Lund (5. mars 187723. juli 1963) var ein norsk stortingsrepresentant for Venstre og fylkesmann i både Finnmark og Vest-Agder.

Hagbarth Lund
Fødd 5. mars 1877

Oslo

Død 23. juli 1963
Parti Venstre

Lund var fødd i Kristiania, far hans var skipper. Han vart student frå katedralskulen i hovudstaden i 1897 og cand.jur. i 1903. I 1904 byrja han som fullmektig på sorenskrivarkontoret i Tana. Frå 1907 var han sakførar i Tana fram til 1922, då han vart fylkesmann i Finnmark. I 1928 fekk han same embetet i Vest-Agder og styrte det til 1947. Han gjekk av 1941, men vart etter frigjeringa i 1945 innsett i embetet att.

Lund var ordførar i Tana frå 1908 til 1916. Åra 1910-14 var han og medlem av Finnmarks fylkesutval. Frå 1913 representerte Lund krinsen 2. Østfinmarken på Stortinget, eit ombod han hadde til 1924. I den siste perioden var han innvald for Finnmark fylke, men var permittert frå 28.2.1922 og heile 1923-sesjonen. Han var heile tida medlem av næringskomite nr 1. Vidare var han medlem av valkomiteen 1916-22 og fullmaktskomiteen 1919-22. Deretter var han vararepresentant 1928-30 for byane Bodø, Narvik, Tromsø, Hammerfest, Vardø, Vadsø. Han møtte så å seie heile perioden, då medlem av justiskomiteen.

Lund var også mediu ei rekke kommisjonar, blant andre Statens rådgjevande provianteringskommisjonen av 1916. Han var delegat i den norsk-russiske handelsdelegasjon 1921, den norsk-finske grensedelegasjon 1922, den norsk-finske reinbeitedelegasjon 1932 og den norsk-svenske fiskeridelegasjon 1933. Han var også krinsmeklingsmann for Nord-Noreg 1928-30 og for Sørlandet frå 1933. Medlem av tilsynskommisjonen for Bratsbergbanen og Sørlandsbanen (1932-1933).

Lund var utnemnd til kommandør 1. grad av 'Finlands kvite roses orden' og kommandør 1. grad av 'Italias kroneorden'.

KjeldeEndra

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

BakgrunnsstoffEndra