Heilage Sebastian

Heilage Sebastian (fødd i Gallia, ifølgje tradisjonen død 20. januar 287 i Roma), var ein kristen helgen og martyr, som skal ha blitt avretta under kristenforfølgingane under den romerske keisaren Diokletian i det tredje hundreåret. I kunst og litteratur blir han vanlegvis framstilt bunden til ein stolpe og skoten med piler.

Heilage Sebastian

Føddca. 255
FødestadNarbonne
Daud20. januar 287
DødsstadRoma
Yrkesoldat
Helgendag20. januar

Legenda

endre

Legenda fortel at Sebastian var fødd i Narbonne i Gallia av kristne foreldre. Han skal ha verva seg som romersk soldat i hæren til keisar Carinus i 283. Seinare blei han utnemnd til kaptein i pretorianargarden av Diokletian, noko som også blei akseptert av medkeisaren Maximianus. Begge keisarane var uvitande om den kristne trua hans. Då det blei oppdaga at han hjelpte kristne fangar, blei han bunden til ein stolpe og «skoten i hel med piler».

Dette er ei uhistorisk soge. Dei tidlegaste avbildingane av Sebastian er mosaikkar frå 682 som viser ein voksen, skjeggete mann i hoffantrekk. Det var fyrst i renessansen han blei avbilda som ein unggut som var skoten med piler.[1]

Lite anna er kjent om bakgrunnen hans enn at han skal ha blitt utdanna i Milano, og at han skal ha utmerka seg i militæret og blitt forfremja til pretorianargarden, som var livvakta til keisar Diokletian. Då tvillingane Marcus og Marcellianus blei fengsla for å nekta å ofra til dei romerske gudane, blei dei oppsøkte av foreldra sine som skal ha bede dei om å avverje kristendommen. Sebastian skal i staden ha lykkast i omvenda foreldra til tvillingane, i tillegg til fleire leiande borgarar.[2] Ein dag kom ei kvinne som heitte Zoe til han i håp om hjelp. Ho var gift med ein soldat Sebastian var i hæren med. Zoe hadde mista taleevna, og Sebastian bad og gjorde krossteiknet over henne. Då ho vart heila, høyrde mange om det og skal ha late seg omvenda.[3]

Ifølgje legenda skaut mauritanske bogeskyttarar han full av piler og forlét han som død. Irene, enkja til martyren Castulus,[4][5] løyste reipa frå han, og oppdaga at han var i live. Ho førte han tilbake til huset sitt og pleidde han. Men keisaren dømde Sebastian til døden for andre gong, denne gongen til å slåast i hel med ei klubbe. Liket blei kasta i kloakken, men funne av ei from kvinne som drøymde at Sebastian bad henne om å gravleggja han i nærleiken av katakombane.[6]

Sebastian er rekna som ein viktig katolsk helgen, og blir æra ved brødremesse den 20. januar, som også er ein merkedag på primstaven.

Han blei vernehelgen for pestsmitta, og i Legenda Aurea heiter det at pesten i Pavia ikkje lét seg stansa før innbyggjarane reiste eit alter til heilage Sebastian. Tidleg i 1349 nådde svartedauden Oslo, og 20. februar hadde det kome på plass eit Sebastian-alter i Hallvardskyrkja. De blei gjeve rike gåver i forventning om vern mot pest. Stiftinga av alteret blei teken hand om av stormenn som kanniken Gyrd Asleson og lagmannen Trond Krakeson. Bymennene donerte 54 mark til alteret, til innkjøp av ein del i ein gard; det einaste kjende dømet frå norsk mellomalder på at bymenn i fellesskap sørgde for jord til kyrkjegodset.[7]

Relikviane hans er spreidde, og hovudskallen hans er oppbevarte i Narbonne, medan andre knoklar etter tradisjonen finst i ei av dei sju valfartskyrkjene i Roma, San Sebastiano utanfor bymurane, og er funne å stamma frå ein mann som levde på same tid som heilage Sebastian.[8]

Vernehelgen

endre

Som vernar mot byllepest var Sebastian ein av dei fjorten naudhjelparane. Innan katolisismen er Sebastian vernehelgen for bogeskyttarar, friidrettsutøvarar og heilag død.

 
Saint Sebastian av El Greco (1578) i San Antolín-katedralen i Palencia.

Sebastian er vernehelgen for QormiMalta,[9] Acireale, Caserta og Petilia Policastro i Italia, MelilliSicilia, San Sebastián, Palma de Mallorca, Lubrín og Huelva i Spania, NegomboSri Lanka og Rio de Janeiro i Brasil.

I kunsten

endre

Sebastian, framstilt som ein naken ungdom surra til eit tre, stolpe eller søyle og gjennombora av piler, blei eit ynda motiv i målar- og bilethoggarkunsten i renessansen, og gradvis eit ikon for homofile.[10][11] Reni sin bildeserie av helgenen vart så populær blant homofile[12] at namnet Sebastian i litteraturen gradvis blei knytt til menn med tvitydig seksualitet, som i Evelyn Waugh sin roman Gjensyn med Brideshead og Tennessee Williams sitt skodespel Brått siste sommer, medan «Sebastian Melmoth» var Oscar Wilde sitt dekknamn då han drog i eksil.

Måleriet Sankt Sebastian er eit av dei viktigaste verka til kunstnaren Bohumil Kubišta, og tilhøyrer no Nasjonalgalleriet i Praha.

Kjelder

endre