Henrik
mannsnamn
(Omdirigert frå Heinrich)
Henrik er eit dansk, norsk og svensk mannsnamn, frå gammaltysk Haimirich. Det har norsk namnedag den 20. oktober.
Namnet er opphavleg sett saman av 'heim' og -rik, 'herskar', og kan altså tyda herskaren over heimen. Det har vore brukt i Noreg sidan 1200-talet.
På tysk er namnet Heinrich, noko den eldre skandinaviske skrivemåten Hinrich minner om. Den engelske forma av namnet er Henry. Ein kvinneleg variant av namnet er Henrikke.
Namneberarar
endreKongelege
Fleire keisarar av det tysk-romerske riket (tysk Heinrich) |
Fleire engelske kongar (engelsk Henry): |
Fleire franske kongar (fransk Henri): |
- Henrik Wergeland (1808–1845), norsk forfattar
- Henrik Ibsen (1828–1906), norsk forfattar
- Henryk Sienkiewicz (1846-1916), polsk forfatter og nobelprisvinnar
- Henrik Pontoppidan (1857–1943), dansk forfattar
- Henrik Bull (1864–1953), norsk arkitekt
- Henrik Sørensen (1882–1962), norsk maler
- prins Henrik av Danmark (1934–2018), dansk dronninggemal, døypt Henri
- Henrik Larsson (f. 1971), svensk fotballspelar
- Henrik H. Langeland (f. 1972), norsk forfattar
- Henrik Christiansen (f. 1983), norsk skøyteløpar
Annan bruk
endre- Stolt henrik er namnet på ein tidlegare matplante i amarantfamilien
Kjelder
endre- «Henrik – mannsnavn» i Store norske leksikon, snl.no.
Bakgrunnsstoff
endre- Søk etter norsk namnestatistikk for Henrik hjå Statistisk Sentralbyrå