Opna hovudmenyen
Hovedøya kloster med klosterkyrkja, sett frå koret.
Ruinane av Hovedøya kloster ved Oslo.

Hovedøya kloster, òg skrive Hovedøen kloster, er dei gjenverande ruinane av eit cisterciensarkloster som ligg på Hovedøya i Oslofjorden i Noreg. Klosteret vart grunnlagt i 1147 og oppløyst i 1532, rett før reformasjonen vart innført i Danmark-Noreg.

Innhaldsliste

Skiping og utviklingEndra

 
Modell av klosterbygningane.

Klosteret vart grunnlagt den 18. mai 1147 av abbed Philippus og munkar frå klosteret Kirkstead Abbey (grunnlagt 1139) ved Kirkstead i Lincolnshire. Dei var bedne om koma av biskop Viljam i Oslo. Klosteret vart vigd til jomfru Maria og Edmund martyren, ein angelsaksisk helgen, og vart difor kalla for Sanct Edmund og Sancta Mariae kloster. Ei kyrkje dedikert til den heilage Edmund stod allereie på øya, og dei tolv munkane overtok denne som klosterkyrkja si, og modifiserte ho for å møte cistercienaerordenkrava. Kanskje hadde denne kyrkja i si tid vorte bygd for handelsreisande på veg til og frå Oslo eller som byrjinga på eit benediktinarkloster.[1] Det er lite kunnskap om den opphavlege kyrkja, men ho skal ha vore toskipa, noko Clemenskyrkja i Gamlebyen i Oslo òg var, og som er det einaste andre kjende døme på dette i Noreg. Clemenskyrkja er òg i ruinar i dag.

Klosterbygningane vart reist på Hovedøya, som ligg ved innseilinga til Oslo, under Ekebergåsen. Klosteret vart bygd etter ein modifisert cisterciensk bygningsplan for å ta omsyn til ein slak ås ved staden. Kyrkja er i seg sjølv bygd i ein romansk arkitektur medan resten av klosteret truleg var hovudsakleg gotisk.

I løpet av mellomalderen vart klosteret ein av dei rikaste institusjonane i Noreg, og åtte på det meste 443 eigedomar og blant anna storgardane Bygdøy, Bogstad, Frogner og Ullern, omfram òg eit fiskeri og tømmeropplag. Rikdomen til klostret gjorde det til ein betydeleg maktfaktor i Noreg, og stillinga til abbeden vart òg styrkt av at cisterciensarordenen stod utanfor autoriteten til den stadlege biskopen.[2]

Ein periode i løpet av siste halvdel på 1400-talet nytta birgittinarar frå Munkeliv kloster i Bergen bygningane som mellombels tilhaldsstad, etter at klosteret deira brann i 1455.[3]

Slutten på klostretEndra

 
Modell av grunnplanet til klostret slik det såg ut på 1300-talet.

Politiske omveltingar under stridigane om den dansk-norske trona førte til slutten for klosteret. Abbeden, den danske meisteren Hans Andersøn, støtta den protestantiske Christian II, kanskje eit forsøk på å skaffa støtte for den kommande reformasjonen. Abbeden kom i konflikt med kommandanten på Akershus festning, Mogens Gyldenstjerne, som ironisk nok hadde støtta den katolske prinsen Frederik I. I 1532 lét han abbeden kasta i fengsel for den politiske innblandinga hans, og den 21. januar vart klosteret plyndra og sett i brann. Klosteret sine leiglendingsbønder vart no leiglendingar under lensherren på Akershus slott. Det vart slutten på 400 år med klosterliv på Hovedøya. Nokre voner om at klosterordenen kunne retta opp igjen det rike klosteret vart knust fire år seinare då reformasjonen vart innført i Danmark-Noreg.

Bygningane til det forlatne klostret vart brukt frå 1540-talet som steinbrot, fyrst for Akershus festning, og seinare for Det kongelege slottet i Oslo. Det vart frå midten av 1800-talet utført ein del restaurering som ikkje alltid var historisk korrekt. I tillegg til klosteret finn ein òg spor frå andre mellomalderbygningar, men dei fleste av dei er i dag skjult under jorda. Ruinane utgjer eit av dei meste komplette klosteranlegga frå mellomalderen i Noreg.[2]

Det vart frå 1840-talet utført ein del restaurering (J.H. Nebelong). Det vart gjort nye undersøkingar og restaurering i 1877 og 1890 (N. Nicolaysen og J. Meyer), og på nytt på 1930-talet (G. Fischer) og for førebels siste gong i 1975 (O.E. Eide).[3]

 
Klosterruinane vinterstid

KlosterkroaEndra

Tett på ruinane ligg Klosterkroa, som i 30 år har vore ein serveringsstad på Hovedøya.[4] Sommaren 2013 heldt Klosterkroa stengt.[5] Hausten 2013 søkte kommunen etter personar til å driva sommarservering i Klosterkroa.[6] Sommaren 2014 opna kommunen drift i Klosterkroa igjen.[7]

KulturminneEndra

Ruinane av Hovedøya kloster er frå mellomalderen (før år 1536) og er difor automatisk freda etter kulturminnelova og har nummer 3198 i Kulturminnebasen til riksantikvaren.[8]

KjelderEndra

  1. Utforsk Hovedøya
  2. 2,0 2,1 Hovedøya kloster, Lokalhistoriewiki.no
  3. 3,0 3,1 Katolsk.no: Hovedøya kloster i Oslo
  4. «Siste sommar for Klosterkroa», osloby.no
  5. «Klosterkroa pusses opp»
  6. Oslo kommune.
  7. Oslo kommune. Eiendoms- og byfornyelsesetaten. Ny driver av Klosterkroa. Oslo: EBY, 2014. Web. 2. februar 2014

LitteraturEndra

  • Fischer, G.: «Klosteret på Hovedøya. Et cistercienseranlegg», i Fortidsminner 61, Oslo 1964, gjengitt på Katolsk.no
  • Thorkildsen, Jørgen Chr.: Hovedøya kloster i lys av historien, dato ikke kjent
  • Garstein, Oskar: Mariu-klaustr i Høfudey: Cistercienserklostret på Hovedøya vigslet til Den hellige Jomfru Maria og til martyrkongen St. Edmund av East Anglia i England, Oslo:Oslo Katedralskole, 1990

BakgrunnsstoffEndra