Eg synger jolekvad

(Omdirigert frå In dulci jubilo)

«Eg synger jolekvad» er ei nynorsk omsetjing av den tysk-latinske salmen «In dulci jubilo» frå 1300-talet. Songen handlar om gleda over at frelsaren er fødd, og er ein utbreidd norsk julesong, også kjend i bokmålsomsetjinga «Jeg synger julekvad».

Songen omtalar det strålande Jesusbarnet på morsfanget. Måleri av Jindřichův Hradec frå før 1400.
Henrik Suso er rekna som opphavsmann til første verset av «In dulci jubilo»

Første verset av teksten vert tilskriven dominikanaren Henrik Suso som døydde i 1366, mens dei tre neste versa truleg er skrivne til seinare. Salmen er opphavleg skriven som eit makaronisk dikt, det vil seie med vers som vekslar mellom to ulike språk. Slike dikt er kjende frå 900-talet i folkeleg dikting, og kom med denne salmen òg inn i den kyrkjelege diktinga. I Hans Thomissøns Psalmebog frå 1569 vart den tyske teksten omsett til dansk. Ved reformasjonen vart latinske salmar elles omsette til morsmålet for kyrkjebruk, men nokre slike tospråklege salmar vart ståande enno ei tid i salmebøkene som vart bruka i Danmark-Noreg.

Teksten som i dag vert bruka på bokmål og nynorsk byggjer på Martin Luthers tyske gjendikting frå 1533. Landstad si gjendikting vart første gongen trykt som nr. 30 i hans Jule-Salmer i 1856 som «Jeg synger Frydekvad». I Landstads kirkesalmebog fekk salmen den forma vi kjenner på bokmål i dag, om lag slik han er trykt i Norsk salmebok. Bernt Støylen omsette salmen til nynorsk i 1905 på grunnlag av M.B. Landstads gjendikting.

I Svenska psalmboken er salmen tatt med i tospråkleg verseform.

Engledikt

endre
 
Englar tek den heilage Martin i handa og fører han opp mot himmelen. Veggmåleri frå 1300- eller 1400-talet i Laurentiuskirche i Ahrweiler.
Foto: Norbert Schnitzler

I ei forteljing om dominikanarmunken Henrik Suso (1295-1366) vert det fortalt at Gud sende ein engel som ein himmelsk spelemann med eit følgje for å trøyste den lidande munken. Han skulle ikkje tenkje meir på plagane sine, men gje seg i lag i engledansen. Så tok englane Suso i handa, drog han med i dansen medan ein av dei song «In dulci jubilo». Då vart Suso vel til mote, og alle plagene hans forsvann.

Etter denne legenda skal Suso ha høyrd songen på mikkelsmesse; salmen var opphavleg ikkje ein julesong, men ein rekkjedans som vart framført som ei hylling til jomfru Maria. På Suso si tid song dei berre eitt vers, dette vart sunge opp att fleire gonger. I hundreåret som følgde kom fleire vers til. Seinare vart salmen bruka i kyrkjelege julespel. Martin Luther gav salmen den forma som er kjend i Noreg i dag.

Melodien

endre

Den eldste kjente melodikjelda er frå rundt 1420, og denne melodien er, med små endringar, enno i bruk. Frå mellomalderen finst det òg andre melodiar til salmen.

Den mest kjende melodisatsen stammar frå Johann Walter, og det finst talrike vidare omarbeidingar, som koralforspelet til Johann Sebastian Bach og ein kantate komponert av Dietrich Buxtehude. I 1976 hadde Mike Oldfield ein populærversjon av melodien på LP-en Boxed.

Første verset i dei eldste kjeldene

endre

I Val. Babst Gesangbuch (1545)

endre
In dulci jubilo,
nun singet und seid froh!
Unsers herzen wonne
leit in præsepio
und leuchtet als die sonne
matris in gremio.
Alpha es et o, Alpha es et o.

Hos Hans Thomissøn (1569)

endre
In dulci jubilo
sjunge wi oc ere fro,
den vor hierte trøster,
ligger in præsepio,
oc klar som Solen skinner,
matris in gremio,
Alpha es & O, Alpha es & O.
Jeg synger Julekvad.
Jeg er saa glad saa glad!
Min Hjertens Jesus hviler
I Stald og Krybbe trang.
Som Sol hin store smiler
han paa sin Moders Fang.
Han er Frelser min!

Bernt Støylens nynorske omsetjing (1905):

endre
Eg synger jolekvad,
Eg er so glad, so glad!
Eg ser min Jesus kvila
Som barn i ringe kår,
På moderfanget smila
Som soli varm og klår.
Han er Frelsar min!

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre