Irène Joliot-Curie

Irène Joliot-Curie (12. september 189717. mars 1956) var ein fransk forskar med polsk opphav. Saman med mannen sin vart ho tildelt Nobelprisen i kjemi i 1935 for oppdaginga av kunstig radioaktivitet. I 1938 førte forskinga hennar om nøytronar til eit gjennombrot på vegen til oppdaginga av atomfisjon. Ho vart professor ved vitskapsakademiet i Paris i 1937.

Irène Joliot-Curie

FøddIrene Curie
12. september 1897
13. arrondissement
Død17. mars 1956
Paris
NasjonalitetFrankrike
Områdekjemi, radiobiologi
Yrkefysikar, kjemikar, professor, politikar, kjernefysiker, forskar
InstitusjonarFaculté des sciences de Paris
Alma materFaculté des sciences de Paris
Collège Sévigné
Universitetet i Paris
DoktorgradsrettleiarPaul Langevin
Kjend forTransmutasjon av element
EktefelleFrédéric Joliot-Curie
BarnPierre Joliot, Hélène Langevin-Joliot
MedlemAkademie der Wissenschaften der DDR
Det russiske vitskapsakademiet
Royal Academy of Medicine of Belgium
Koninklijke Nederlandse Akademie van Wetenschappen
Det polske vitenskapsakademi

Nobelprisen
Nobelprisen i kjemi
1935

Liv og virke endre

Bakgrunn endre

Joliot-Curie var dotter av Marie og Pierre Curie. Utdanninga hennar byrja då ho var 6 år, og då ho var 10, var det openbert at ho var blitt særskilt interessert i matematikk og var gåverik på dette området.[1]

Ettersom ein meinte at det ikkje var nokon skule i Paris som passa til barn med Joliot-Curies evner,[1] vart det organisert ein spesiell skule av mora og forskarvennane hennar der Joliot-Curie studerte i to år.[2] Skulen var slik innretta at barna kunne få undervising med særleg tyngdepunkt i vitskap.[2] I tillegg til mora hadde Joliot-Curie også fysikarane Paul Langevin og Jean Perrin som lærarar.[1]

Joliot-Curie studerte så ved Collège Sévigné i Paris der ho tok eksamen i 1914.[3] Sidan studerte ho ved Sorbonne, men utdanninga hennar vart avbroten av den fyrste verdskrigen, då ho arbeidde som sjukepleiar med radiografi.

Forskar endre

Etter krigen tok Joliot-Curie i 1925 doktorgrad med ein tese om alfastråling i polonium.[4] Polonium er eit grunnstoff som var blitt oppdaga i 1898 av foreldra til Joliot-Curie.[5] Disputasen vart også gitt merksemd i USA då avisa The New York Times rapporterte om han.[6]

I 1926 gifta Joliot-Curie seg med Frédéric Joliot, og dei to samarbeidde i forskinga. Medan ho var gravid med det fyrste barnet sitt i 1927 vart ho tuberkulosesjuk,[7] og sjukdommen var ikkje heilt forsvunnen før avslutninga på andre verdskrigen.[8]

I 1932 var paret Joliot-Curie nære ved å oppdage nøytronen etter eit eksperiment.[9] Paret noterte uvanlege resultat, men innsåg ikkje tydinga av desse, og i staden vart det James Chadwick som oppdaga nøytronane.[9] I eit seinare eksperiment var paret også nære på å oppdage positronet; men dei kom fram til ei feilaktig slutning etter at eksperimentet hadde gitt eit uventa resultat, og det vart Carl D. Anderson som seinare oppdaga positronet.[9]

Forskinga til paret Joliot-Curie innan naturleg og kunstig radioaktivitet, transmutasjon av element og nukleærfysikk førte til at dei vart tildelt Nobelprisen i kjemi i 1935. Konkret var det for oppdaginga av kunstig radioaktivitet.

I 1936 vart Joliot-Curie understatssekretær for vitskapleg forsking i det franske statsrådet,[4] til trass for at kvinner i Frankrike ikkje hadde røysterett på denne tida.[7] Joliot-Curie sa opp posten i statsrådet etter tre månadar og arrangerte det slik at Jean Perrin etterfølgde henne.[7] Året etter at ho hadde hatt statsrådsposten vart Joliot-Curie professor ved Universitetet i Paris.[4]

Mot slutten av 1930-talet leid Joliot-Curie meir av tuberkulose og heldt til i Alpane i veker og månadar for å komme i form.[7] Sjølv om helsa hennar forverra seg innleia Joliot-Curie forsking om uran, og etter mange eksperiment publiserte ho forskingsresultat som tydde på at ho hadde oppdaga ein ny radioisotop som liknar lantan.[7] Den tyske forskaren Otto Hahn meinte at Joliot-Curie hadde feil med forskinga si og kom også til å fortelje dette til mannen til Joliot-Curie, der han skjemde forskinga hennar.[7] Trass i synspunkta frå Hahn utførte Joliot-Curie eksperimentet på nytt, og fordi ho fekk same resultat gjenpubliserte ho dette.[7] Det Joliot-Curie ikkje innsåg var at ho var tett ved å oppdage kjernespalting, og i staden vart det Otto Hahn, som etter å ha utført same eksperiment som Joliot-Curie, som vart tildelt Nobelprisen i kjemi i 1944 for oppdaginga av kjernespalting.[10]

I 1943 vart mannen til Joliot-Curie teken opp som medlem i det franske vitskapsakademiet. Etter dette søkte også Irène Joliot-Curie om medlemskap, men vart avvist.[8] I 1946 vart ho direktør for Radiuminstituttet.

Likesom mor si døydde Joliot-Curie av leukemi, som med stort sannsyn kan tilskrivast stråling og dei materia ho arbeidde med. Med i alt tre nobelprisar, til mor og far, mor åleine og dotter, stillar familien Curie i ein klasse for seg både i vitskapshistoria og i historia til nobelprisane.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Hussey, George; Rand, Ruth, IRENE JOLIET-CURIE (på engelsk), woodrow.org, arkivert frå originalen 14. juli 2007, henta 19. oktober 2012 
  2. 2,0 2,1 «Irène Joliot-Curie and Frédéric Joliot» (på engelsk). Chemical Heritage Foundation. Henta 19. oktober 2012. 
  3. Nuclear Age Peace Foundation. «Nuclear Files: Library: Biographies: Irene Joliot-Curie» (på engelsk). NuclearFiles.org. Henta 19. oktober 2012. 
  4. 4,0 4,1 4,2 «Irène Joliot-Curie - Biography» (på engelsk). Nobelprize.org. Henta 19. oktober 2012. 
  5. «Polonium» (på svensk). studera.com. Henta 19. oktober 2012. 
  6. Gilmer, s. 6
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 7,4 7,5 7,6 Gilmer, s. 12
  8. 8,0 8,1 Gilmer, s. 14
  9. 9,0 9,1 9,2 «Jean-Frederic and Irene Curie» (på engelsk). American Institute of Physics. Arkivert frå originalen 8. desember 2015. Henta 19. oktober 2012. 
  10. Gilmer, s. 12-13

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Irène Joliot-Curie