Junior Eurovision Song Contest 2013

(Omdirigert frå JESC 2013)

Junior Eurovision Song Contest 2013 (JESC 2013) var den ellevte gongen Junior Eurovision Song Contest vart arrangert.[1] Tevlinga vart halden i Kiev i Ukraina, etter at Anastasija Petrik vann Junior Eurovision Song Contest 2012 med songen «Nebo». Finalen fann stad 30. november 2013. Det var andre gongen Ukraina arrangerte tevlinga og andre gongen vinnarlandet arrangerte tevlinga året etter. Det var òg fyrste gongen tevlinga vart arrangert i same by to gonger.

Junior Eurovision Song Contest 2013
Be Creative
Dato
Finalen 30. november 2013
Vertskap
Stad Natsionalnyi palats mystetstv «Ukrajina»
Kiev i Ukraina
Programleiar Zlata Ognevitsj
Timur Miroshnychenko
Varigskap 2 timar
Kringkastar Natsionalna Telekompaniya Ukrayiny
Pausenummer
i finalen
Emmelie de Forest, Anastasija Petrik og Zlata Ognevitsj
Deltakarar
Deltakarland 12
Debuterte San Marino
Attende Makedonia
Malta
Trekte seg Albania
Belgia
Israel
Kart

Vinnar
Land Malta
Song «The Start»
Artist Gaia Cauchi
Junior Eurovision Song Contest
Junior Eurovision Song Contest 2012 Junior Eurovision Song Contest 2014

San Marino deltok i Junior Eurovision Song Contest for fyrste gong dette året, medan Makedonia og Malta kom attende. Malta vann tevlinga med songen «The Start», sungen av Gaia Cauchi. Dette var fyrste gongen at ein song, sungen heilt på engelsk, har vunne Junior Eurovision Song Contest.

Finalen

endre
# Land Artist Song Språk Poeng Plass
01   Sverige Elias Elffors Elfström «Det är dit vi ska» Svensk 46 9
02   Aserbajdsjan Rustam Karimov «Me and My Guitar» Aserbajdsjansk og engelsk 66 7
03   Armenia Monika Avanesian «Choco-Fabric» Armensk og engelsk 69 6
04   San Marino Michele Perniola «O-o-O Sole intorno a me» Italiensk 42 10
05   Makedonia Barbara Popović «Ohrid i muzika» Makedonsk 19 12
06   Ukraina Sofija Tarasova «We Are One» Ukrainsk og engelsk 121 2
07   Kviterussland Illja Volkaw «Poj so mnoj» Russisk 108 3
08   Moldova Rafael Bobeica «Cum să fim» Rumensk og engelsk 41 11
09   Georgia The Smile Shop «Give Me Your Smile» Georgisk 91 5
10   Nederland Mylène og Rosanne «Double Me» Nederlandsk og engelsk 59 8
11   Malta Gaia Cauchi «The Start» Engelsk 130 1
12   Russland Dajana Kirillova «Metsjtaj» Russisk 106 4

Røystegjeving

endre
Deltakarland Poenggjevande land
Total Jury                        
  Sverige 46 1 4 3 5 1 2 5 6 1 4 2
  Aserbajdsjan 66 4 7 2 2 10 3 10 3 6 7
  Armenia 69 3 4 4 4 5 2 4 12 6 8 5
  San Marino 42 5 2 2 4 1 3 2 3 2 2 4
  Makedonia 19 1 1 2 1 1 1
  Ukraina 121 8 10 10 8 12 8 12 7 7 7 12 8
  Kviterussland 108 10 5 6 6 6 7 8 10 8 8 10 12
  Moldova 41 3 3 1 3 3 3 4 4 4 1
  Georgia 91 7 8 7 10 10 6 7 8 5 5 6
  Nederland 59 2 6 5 5 1 5 4 6 1 2 7 3
  Malta 130 12 8 7 10 7 12 12 10 12 6 12 10
  Russland 106 6 12 12 12 8 6 7 8 5 5 10 3
Alle landa fekk 12 poeng i byrjinga av røystinga for å avverje at nokon ikkje fekk poeng.

12 poeng

endre

Under er lista over landa som fekk 12 poeng.

Antall Land som fekk 12 poeng Land som gav 12 poeng
5   Malta Barnejury, Makedonia, Moldova, Nederland, Ukraina
3   Russland Armenia, Aserbajdsjan, Sverige
  Ukraina Kviterussland, Malta, San Marino
1   Armenia Georgia
  Kviterussland Russland

Sjå òg

endre

Kjelder

endre
Fotnotar