Grønlandsk

eskimoisk-aleutisk språk
(Omdirigert frå Kalaallisut)

Grønlandsk (grønlandsk kalaallisut) er eit eskimoisk-aleutisk språk som blir snakka av om lag 50 000 menneske på Grønland. Det er i nær slekt med dei andre eskimoiske språka, særleg med inuktitut, som blir snakka i Nunavut i Canada. Grønlandsk er eit polysyntetisk og ergativt språk, som dannar nye ord ikkje med samansetjingar, men med avleiing frå røter med hjelp av (ofte fleire) avleiingsaffiks.

Grønlandsk
Kalaallisut
Klassifisering eskimoisk-aleutisk
 eskimoisk
  Inuit-språk
   grønlandsk
Bruk
Tala i Grønland (Danmark)
Grønlandsktalande i alt 58 000
Skriftsystem Det latinske alfabetet
Språkkodar
ISO 639-1 kl
ISO 639-2 kal
ISO 639-3 kal
Glottolog kala1399

Dialektar

endre
 
Kart over dei ulike inuit-språka.

Det er tre grønlandske dialektar, nord-, vest- og austgrønlandsk. Vestgrønlandsk er den største, og blir snakka på mesteparten av vestkysten. Skriftspråket byggjer på vestgrønlandsk. Nordgrønlandsk (inuktun) blir snakka rundt Qaanaaq (Thule) og er ein overgangsdialekt til inuktitut. Austgrønlandsk skil seg mest frå dei to andre; distansen frå vest- til austgrønlandsk kan vere vel så stor som den vestover til inuktitut.

Grammatikk

endre

Typologisk oversyn

endre

Grønlandsk er eit polysyntetisk språk, dvs. at språket kan legge ei rekke bøyingsendingar til ei rot, slik at det blir danna eitt ord (syntese), til skilnad frå analytiske språk, der ulike grammatiske fenomen blir uttrykt av separate ord. Eit grønlandsk ord kan bestå av ei rot og heilt opp til fem til ti tilheng, som det blir kalla i den grammatiske tradisjonen. På grønlandsk tilsvarer derfor eitt ord ofte ei heil setning på eit analystisk språk. Jf. dømet.

Eksempel på den polysyntetiske strukturen i grønlandsk
Grønlandsk Tilheng Tyding Norsk
umiaq konebåt
umiarsuaq +(q)suaq stor skip
umiarsualivik +livik stad hamn
umiarsualivimmi +mi i / på / ved på hamna
umiarsualivimmiippoq +mi+ip å vere i ho/han er på hamna
umiarsualivimmiinngilaq -nngit ikkje ho/han er ikkje på hamna
umiarsualivimmiikkusunngilaq +gusup vil vere ho/han vil ikkje vere på hamna


Fonologi

endre
For meir om dette emnet, sjå Grønlandsk fonologi.

Grønlandsk har eit svært enkelt vokalsystem, med berre tre vokalfonem, /i/, /a/, /u/, som har låge allofonar framfor uvulare lydar (/r/, /q/).

Morfologi

endre
For meir om dette emnet, sjå Grønlandsk morfologi.

Grønlandsk har to opne ordklasser, substantiv og verb. Verba er delt inn i to klasser, intransitive og transitive; dette skiljet er grunnleggjande — ikkje berre for syntaksen, men også for morfologien til verba. Grønlandske verb kongruerer med både subjekta og objekta sine, og dei intransitive verba manglar fullstendig objektskonjugasjon. Grønlandsk har fire personar (første, andre, tredje og fjerde (refleksiv)), to numerus (singularis, pluralis; grønlandsk manglar altså dualis, som vi finn i inuktitut), åtte modi, indikativ, interrogativ, imperativ, optativ, kausativ, partisipp, kondisjonalis og partisipalmåte.

Substantiva er delt inn i to bøyingsklasser, ein regelrett klasse (p-klassen, som har suffikset -p i relativt kasus), og ein uregelrett klasse (up-klassen, som har suffikset -up). Dei siste hundre åra har fleire og fleire substantiv gått over frå up- til p-klassa. Denne overgangen har resultert i ei eiga overgangsklasse av substantiv som blir bøygde dels etter up- og dels etter p-mønsteret. Grønlandsk har åtte kasusabsolutiv, relativ, terminativ, ablativ, lokativ, ækvativ, instrumentalis og vialis. Substantiva blir bøygde i numerus, kasus, og person og tal for possessor.

Syntaks

endre
For meir om dette emnet, sjå Grønlandsk syntaks.

Grønlandsk har tre opne ordklasser, substantiv, verb og partiklar. Det finitte verbet kongruerer både med subjektet og objektet, og er det einaste obligatoriske ordet i ei setning. Både Sinippoq "Han/ho søv." og Asavaa "Han/ho elskar han/henne/det." er dermed fullstendige setningar i seg sjølv. Det er også mogleg å uttrykke subjektet og objektet i tillegg.

Grønlandsk er eit ergativt språk, dvs. at subjektet i intransitive setningar står i same kasus som objektet i transitive setningar. Grønlandsk har relativt fri ordstilling, men nøytral ordstilling ar SOXV, der X er ein nominalfrase i eit adverbialt kasus.

Skriftspråk

endre
 
Skilt på dansk (over) og grønlandsk (under); Sisimiut, Grönland

Grønlandsk blir skrive med det latinske alfabetet. Skriftspråket skil seg frå skriftspråket til dei andre eskimoiske språka m.a. fordi dei fekk eit standardisert skriftspråk relativt tidleg, nemleg ved Samuel Kleinschmidt sin standard frå 1850-åra. Denne rettskrivinga var gjeldande fram til 1973 og brukte m.a. ein spesiell bokstav, bokstaven Kra (ĸ, Ux0138 i Unicode), for å markere glottal stop (IPA ʔ). I den nye ortografien, som betre speglar det moderne talespråket, blir glottal stop representert med bokstaven q. Ein får eit godt bilete av grønlandsk språkutvikling dei siste 100 åra viss ein samanliknar ein tekst skriven etter ny og gammal rettskriving, t.d. ved å samanlikne ei ny og ei gammal ordbok. Den nye rettskrivinga har innført konsonantassimilasjonar der det på tidlegare språksteg var distinkt uttale.

Skriftspråket gjev ein god representasjon av det grønlandske språket.

Ordforråd

endre

Som polysyntetisk språk bruker grønlandsk eit relativt lite sett av røter, men desse kan ved avleiing danne svært mange ordformer. Dette kan vere bakgrunnen til myten om at det på grønlandsk skulle vere mange ord for snø. Grønlandsk har berre to distinkte ord for snø, qanik (snø som fell) og aput (snø som ligg på bakken).

Litteratur

endre

Grammatikkar

endre
  • Bergsland, Knut 1955?: A grammatical outline of the Eskimo language of West Greenland. Oslo : Skrivemaskinstua, Stortingsgt.
  • Bjørnum, Stig 2003: Grønlandsk grammatik. Nuuk: Forlaget Atuagkat.
  • Egede, Paul 1750: Dictionarium Grönlandico-Danico-Latinum : complectens primitiva cum suis derivatis, qvibus interjectae sunt voces primariae è Kirendo Angekkutorum adornatum. Hafniae : Gottm. Frid. Kise.
  • Fortescue, Michael D. 1984: West Greenlandic. Croom Helm descriptive grammars. London : Croom Helm.
  • Kleinschmidt, S. 1851: Grammatik der grönländischen Sprache mit teilweisem Einschluß des Labradordialekts. Berlin.

Ordbøker

endre
Grønlandsk-dansk
 
Ei side frå C.W. Schultz-Lorentzens Grønlandske ordbog.
  • Bertelsen, Christian, Birgitte Jacobsen, Inge Kleivan og Frederik Nielsen (1987). Grønlandsk Dansk Ordbog med 16.315 opslag og 699 tilhæng.
  • Egede, Paul 1750: Dictionarium Grönlandico-danico-latinum.
  • Egede, Paul 1760: Grammatica Grönlandica Danico-Latina. Havniae : Kisel.
  • Fabricius, Otto 1804: Grønlandsk-dansk ordbog
  • Samuel Kleinschmidt (1871). Den grønlandske ordbog.
  • Kjer, J. og Chr. Rasmussen (1893). Supplement til Samuel Kleinschmidts ordbog.
  • Schultz-Lorentzen, C.W. (1926). Den grønlandske ordbog (ny utgåve i 1974).
Dansk-grønlandsk
  • Bugge, Aage, Kristoffer Lynge, Ad. Fuglsang-Damgaard og Frederik Nielsen (1960). Dansk-grønlandsk ordbog.
  • J. Kjer og Chr. Rasmussen (1893). Dansk-grønlandsk.
Grønlandske ordbøker

Bakgrunnsstoff

endre

  Wikipediagrønlandsk


  Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.