Knut Wigert

norsk skodespelar

Knut Kirsebom Wigert (fødd 3. oktober 1916 i Skien, død 14. juni 2006) var ein norsk skodespelar. Han vart rekna som ein av dei fremste tolkarane av Ibsen og Shakespeare i landet. Han var òg sentral i den norske riksmålsrørsla, og var formann for Riksmålsforbundet (1974-1983).

Knut Wigert

Statsborgarskap Noreg
Fødd 3. oktober 1916
Skien kommune
Død

14. juni 2006 (89 år)
Oslo

Yrke skodespelar, teaterskodespelar, filmskodespelar, motstandskjempar
Ektefelle Sofie Helene Wigert, Vera Dietrichson Burkoff, Eva Nordlie
Knut Wigert på Commons

Bakgrunn og familie endre

Foreldra hans var major Sigvald Hansen (1881-1954) og Carmen Fransciska Christina Kirsebom (1887-1951) og han var bror av Sonja Wigert og av ingeniør Erik Wigert.

Han var gift med skipsreiaren og riksmålsaktivisten Sofie Helene Wigert. Etter han vart enkemann i 1989, gifta han seg i 1993 med Vera Dietrichson.

Skodespelarkarriere endre

Wigert byrja på Centralteatret i 1937 som «Bassanio» i Kjøpmannen i Venedig, og fekk fast engasjement ved Nationaltheatret i 1938, der han debuterte i Finn Halvorsen sitt Abrahams offer og fekk særs gode kritikk. Han spelte «Leander» i Ludvig Holberg sitt Henrik og Pernille og «Tom» i Glassmenasjeriet. Vidare spelte han i Molières Tartuffe og Alexander Kiellands Tre par. Den første Ibsen-rolla hadde han som «dr. Fjeldbo» i De unges forbund, så følgde Jean-Paul Sartres Skitne hender, Candide, Romeo, «Mortimer» i Maria Stuart, keisar Julian i Kejser og Galilæer (kritikarprisen). Han spelte i Finn Havrevolds Uretten, og vidare i Katt på hett blikktak, Spansk trekant, Somerset Maughams Cirkelen, «Rosmer» i Rosmersholm, Dødsdansen av August Strindberg, «Leicester» i Maria Stuart, Hamla, «assessor Brack» i Hedda Gabler, «Helmer» i Et dukkehjem, Peer Gynt, «Daniel Hejre» i De unges forbund, Seks personer søker en forfatter av Luigi Pirandello (regi av Ingmar Bergman), «kong Filip» i Don Carlos, John Gabriel Borkman, «Big Daddy» i Katt på hett blikktak, Agilulf den visa i Ea Hans. Kincks drama med same tittel, og «sir Milne» i Underskriften, for å nemne nokre av dei viktigare rollene hans. Han gjekk av med pensjon på Nationalheatret i 1986.

Knut Wigert var òg engasjert ved NRK Fjernsynsteatret, der han spelte Kong Lear, John Gabriel Borkman, biletkoggar Rubek i Når vi døde vågner, assessor Brack i Hedda Gabler, Bygmester Solness og Frithjof Nansen. Han spelte òg Rosmer i Rosmersholm i London for BBC saman med Peggy Ashcroft.

Wigert har òg hatt rollar i norske filmar som Tante Pose, Tørres Snørtevold (1940), Englandsfarerne, The Terrorists (1975) og Höstsonaten (1978).

Virke under krigen endre

Då tyskarane okkuperte Noreg 9. april 1940, spelte Knut Wigert i Moren saman med Johanne Dybwad. Like etter drog han til Trondheim der han var ein kort periode med Trøndelag teater, før han rømde til Sverige i 1941. Derfrå drog han gjennom Russland, Palestina, Suez-kanalen, rundt Afrika og kom til London 3 månader seinare.

Der kom han med i den norske kommandogruppa Kompani Linge som under britisk kommando gjekk til åtak på tyske styrkar i Måløy 3. juledag 1941. I ein fjernsynsfilm frå 1987 fortalde han om Måløyraidet, frå førebuingane i Skottland til sjølve raidet og følgjene det fekk for disposisjonane til Adolf Hitler. Han vart seinare utdanna til kommandosoldat ved Sandhurst Military Accademy. Han gjekk inn på repertoar på Nationaltheatret då han kom heim i 1945.

Engasjement for riksmålet endre

Knut Wigert var formann for Riksmålsforbundet frå 1974 til 1983. Han var medlem av Det Norske Akademiet for Språk og Litteratur. Han stilte seg i spissen for ein landsomfattande nei-kampanje mot innføring av samnorskForeldreaksjonen mot samnorsk – noko som resulterte i at Stortinget gav opp denne politikken.

Ibsenmuseet endre

Knut Wigert var initiativtakaren til skipinga av Ibsenmuseet. I 1989 gjekk han opp i Arbiensgate der det den gongen var kontor og leigde eit par rom der. Men seinare fekk han leigd heile leilegheita til kr 15 000 i månaden. Saman med den andre kona si Vera Dietrichson gjekk han i gang og skaffa midlar til restaurering av leilegheita. For å skaffe pengar, laga dei ein intimscene der dei spelte Byggmester Solness, Hedda Gabler og 5. akt av Peer Gynt til stor publikumsoppslutning. Leilegheita vart delvis tilbakeført slik han var på Ibsens tid, og i 1994 vart han formelt overlevert til Norsk Folkemuseum som ivaretok den daglege drifta.

I Ibsenåret 2006 vart det løyvt 23. millionar kroner til fullt renovering av leilegheita, som i tillegg har fått ei interessant utstilling. Alle av Ibsens møblar er òg på plass. Dette skjedde same året han døydde.

Filmografi (utval) endre

Utmerkingar endre

I 1988 vart Knut Kirsebom Wigert utnemnd til kommandør av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden, for tenester innan norsk scenekunst.

Kjelder endre

  • Denne artikkelen bygger på «Knut Wigert» frå Wikipedia på bokmål, den 7. august 2011.
  • Vera Dietrichson: Knut, du lyver! - En skuespiller i Krig og Fred. Knut Wigert om sitt liv. Aschehoug, 1998.
  • Vera D. Wigert: Teater - Hva du ga mitt liv. Knut Wigert om sitt liv. Orfeus, 1998.