Løvebakken Mållag

yrkesmållag under Noregs Mållag

Løvebakken Mållag er eit yrkesmållag under Noregs Mållag. Medlemmane er politikarar som sit på Stortinget eller i regjering, og som engasjerer seg i nynorsk og målsaka. Laget har kring 30 medlemmar.

Løvebakken ved Stortinget har gjeve namn til mållaget for politikarar.

Namnet Løvebakken kjem frå kallenamnet på Stortinget.

Sveinung Rotevatn frå Venstre har vore leiar sidan 2022. Han tok då over etter Magne Rommetveit (Ap).

Dei andre i styret frå 2021 er Sofie Marhaug (R), Roy Steffensen (Frp), Torbjørn Vereide (Ap), Olaug Bollestad (KrF), Ingrid Fiskaa (SV), Liv Kari Eskeland (H) og Nils T Bjørke (Sp).

Sveinung Rotevatn (V) er leiar i Løvebakken Mållag.

Leiarar endre

  • 2021– Sveinung Rotevatn (V)
  • 2015–2021 Magne Rommetveit (Ap)
  • 2009–2015 Ingrid Heggø (Ap)[1]

Kjelder endre

  1. «Biografi: Heggø, Ingrid», Stortinget (på engelsk), 24. januar 2022, henta 25. november 2023