Måleinstrument

(Omdirigert frå Måleelement)

Eit måleinstrument er eit instrument for å måla noko med. Eit måleinstrument kan vera alt frå enkle instrument som eit kvikksølvtermometer eller eit måleband, til det avanserte måleelement med tilhøyrande måleomformarar.

Standardisering endre

Einingane til dei ulike verdiane som eit måleinstrument skal måla er fastsett i internasjonalt standardar. Ulike system har har i bruk opp gjennom historie, men dei fleste landa har offisielt gått over til SI-systemet, som er det mest moderne av fleire metriske system.

Nokre land, som Burma, Liberia og USA, nyttar framleis gamle einingar som ikkje har opphav i det metriske systemet. I nokre land som offisielt har gått over til SI-systemet, som Storbritannia og Canada, vert gamle ikkje-metriske einingar nytta til daglegdags. Nokre bransjar helt òg fram med å nytta einingar frå det gamle MKS systemet. I denne denne artikkelen vert det nytta einingar frå SI-systemet.

Det finst òg fleire standardar for kalibrering og merking av ulike måleinstrument.

Kalibrering endre

Eit måleinstrument vert kalibrert for at det skal samsvara med standardane. Kalibrering er å auka grannsemda i målinga. Når eit instrument vert kalibrert, vert det samanlikna med eit anna instrument som har høgare krav til grannsemd. Instrumentet som vert brukt til kalibreringa, skal vera minst tre gonger så nøyaktig som instrumentet ein kalibrerar. Det skal kunna sporast kva for eit instrument som er brukt i kalibreringa, difor vert det skrive eit kalibreringssertifikat når kalibreringa er ferdig. Alle måleelement og måleomformarar skal ha eit slikt prov på at det er kalibrert mot eit meir nøyaktig instrument. Dette kallar ein sporevne. Krava til grannsemd etter kalibrering varierer ut frå kva instrumentet skal brukast til.

Ulike måleinstrument endre

Sjå og endre