MS «Mercur» (1946)

norsk motorskip
Karriere  Noreg
Namn: MS «Mercur»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Verft: Moss Verft & Dokk i Moss
Verftsnummer: 86
Jomfrutur: Desember 1946
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: LMDG
Generelle mål
Type: Lasteskip
Tonnasje: 939 brt, 475 nrt
Daudvekt: 1240 tdw.
Lengd: 234,9 fot (71,6 m)
Breidd: 35,2 fot (10,7 m)
Djupgang: 13,5 fot (4,1 m)
Installert effekt : BHK 1100 NHK 292
Framdrift: 6-sylindra 2-takts dieselmotor (Sulzer Bros. Ltd., Winterthur)
Fart: 12,5 knop
Karriere  Hellas
Namn: MS «Mercur»
Eigar: 1969-1974: Co Ownership (E. Pothitos & E. Koutsofios)
1974: Kathal Shipping Co.
Kjøpt: Mars 1969
Heimehamn: Pireus
Lagnad: Forliste 1974

MS «Mercur» (kallesignal LMDG) var eit motorskip bygt i 1946 som lasteskip for Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS). Skipet gjekk hovudsakleg i Nordsjøfart.

«Mercur» var av same type som fire andre skip BDS hadde i flåten sin: MS «Sirius», MS «Pallas», MS «Deneb» og MS «Capella».

Det Bergenske Dampskibsselskab hadde som tradisjon å namngje skipa sine etter fenomen og objekt på natthimmelen. Merkur er ein av planetane i solsystemet.

Historie endre

Skipet vart bygt ved Moss Verft & Dokk i Moss[1] og vart levert i desember 1946.[2] Bygginga av skipet var blitt starta i 1943, og det vart sjøsett 27. mars 1946.[3] Nyårsaftan 1946 kom «Mercur» til Bergen for første gongen og gjekk inn i kystruta mellom Oslo og Nord-Noreg.[4]

I februar 1947 var det særs kaldt i landet og havisen la seg langs store delar av Skagerrak-kysten. «Mercur» var komen seg inn til Larvik i slutten av månaden i lag med 10 000-tonnaren «Toronto», der begge sette seg fast, utan mogelegheit til å kome seg ut før isen løyste seg.[5] Kring 8. mars kom skipet omsider laus og kunne halde fram mot Bergen og Nordland.

I desember 1950 tok «Mercur» den sørlege turen frå Kirkenes via London. Under manøvring på Themsen den 15. desember rende skipet borti eit bolverk og fekk ein del skade. Skipet gjekk så til Bergen for reparasjon.[6] Òg i februar 1951 gjekk turen innom London. I juli 1951 var «Mercur» foreseinka inn i ruta si inn til Bergen fordi det hadde hatt «ein liten kollisjon sørpå».[7] Nokre fleire detaljar er ikkje kjend. I august 1951 utførte «Mercur» ein ekstratur til Rotterdam og i november til Warnemünde. Seint i november 1951 var «Mercur» utanfor Kragerø i dårleg vêr. Skipet skulle ha los ombord, men losskøyta kunne ikkje gå ut i vêret. Kapteinen ønskte likevel å gjere eit forsøk, så ei privat skøyte vart leigd inn for å frakte losen ut. Vêret var derimot så stygt at losen ikkje kom seg ombord på babord side og skøyta vart skadd langs skipssida. «Mercur» fekk då beskjed om å gå innover mot Strømtangen fyr, der losen kunne gå ombord. Det vart ei sak etterpå om kven som skulle betale for skadane på skøyta.[8] På slutten av året gjekk skipet i ekstratur til Rostock med sildemjøl.

I starten av 1953 hadde «Mercur» ein tur til Antwerpen før det gjekk inn att i Kirkenes-ruta. 23. februar 1954 gjekk «Mercur» seg fast i isen på veg inn til Fredrikstad, og sat fast der i to dagar.[9] På eit tidspunkt i 1954 hadde «Mercur» eit havari og måtte ha ny propell og propellaksel.[1]

I slutten av mars 1955 gjekk «Mercur» inn til Bergen for klassifisering. Då dette vart gjort tidleg i april slutta skipet å gå i Kirkenes-ruta. I staden venta «Mercur» det meste av april i Bergen, før det gjekk inn i godsruta mellom Bergen og Newcastle via Stavanger, den 26. april. Den neste turen i mai vart derimot ein ekstratur til London, og så nok ein ekstratur til Vest-England med anløp i Liverpool, der det måtte venta i to veker i juni på grunn av streik på hamna. I juli og august gjekk «Mercur» i Newcastle-ruta, men i slutten av august gjekk det til Middlesborough før det for med saltsild til Rostock. I slutten av oktober gjekk det igjen i Newcastle-ruta for fire veker. I desember 1955 og januar 1956 gjekk «Mercur» i Antwerpen-ruta. Det veksla utover våren og tidleg på sommaren dette året mellom å gå til Kirkenes og Antwerpen. Sommaren 1956 gjekk «Mercur» i ruta til Vest-England og resten av året og ut februar 1957 gjekk det i godsruta til Finnmark og Kirkenes. I mars låg skipet på Bergen Mekaniske Verksted for ein mindre reparasjon.

I april 1957 segla «Mercur» via Antwerpen til Middelhavet og var innom Ceuta, Famagusta og Mersin, før det drog til Liverpool og attende til Bergen seint i mai. I juni vart «Mercur» sett inn i godsruta til Newcastle, som no òg gjekk via Haugesund. Ruta gjekk fast kvar laurdag frå Bergen for å nå fram til England med fersk fisk på måndag.[10] «Mercur» gjekk i denne ruta fram til slutten av oktober 1958. Resten av året gjekk skipet i kystgodsruta til Kirkenes, og gjekk så i 1959 inn i ei godsrute mellom Oslo og Hammerfest fram til april.

Kvar sommar frå 1959 til 1963, som regel frå seint i april eller i mai til ut i september, gjekk «Mercur» i ferskfiskruta til Newcastle. Seinare på hausten var det ofte turar til Antwerpen og Rotterdam, men ofte var det turar til Newcastle i november og inn i førjulstida. I jula og inn i nyåret var det som regel igjen turar til Rotterdam og Antwerpen. Stundom var det òg enkelte turar til Finnmark utanom Newcastle-sesongen, og frå 1961 enkelte turar til Vest-England med anløp i Liverpool og Mersey då denne ruta starta opp att for BDS, etter å ha vore nedlagd nokre år. «Mercur» vart første skip ut i denne ruta då denne starta opp att.[2]

9. august 1963 vart «Mercur» utsett for det som vart omtalt som «merkelege straumforhold» på Byfjorden i Bergen. Fleire skip hamna i trøbbel fordi straumen gjekk motsett veg enn det som var venta i følgje tidvasstabellen. «Mercur» vart kasta frå side til side. Hamnelosen merka at skipet gjekk mykje raskare enn venta. Etter tabellen hans skulle det ha vore motstraum, men i staden var det kraftig medstraum kring fartøyet. Andre fartøy vart kasta mellom kaianlegga og eit skip, «Leo», kolliderte med kaien på Skolten. Det var ikkje registrert noko jordskjelv eller noko anna som kunne forklare straumforhold.[11]

I 1964 gjekk det store delar av året i ruta til Newcastle, men hadde òg då enkelte periodar med turar til Antwerpen og Rotterdam eller Hammerfest. Dei første tre månadane i 1965 låg skipet i opplag i Bergen, før det gjekk til Kirkenes i april, og så starta opp att i Newcastle-ruta i mai. Seint i desember 1965 segla «Mercur» til Reykjavik på Island, og 1966 starta med å gå frå Island til Napoli i Italia og vidare til Izmir i Tyrkia.

I januar 1967 overtok «Mercur» for MS «Astrea» i Rotterdam-ruta.[2] På den første turen hamna skipet i eit uvêr i Nordsjøen som gjorde at lasta forskyvde seg og det måtte gå til Stavanger med slagside.[12]

7. oktober 1968 kom den gamle Nordsjø-travaren MS «Venus» til Bergen for siste gongen i Newcastle-ruta si. Berre TS «Leda» var då den einaste passasjerbåten att i ruta, men då denne skulle til oppussing tre månader i november 1968, var det ingen båtar som gjekk til Newcastle i det heile. «Mercur» tok då over i godsruta til Newcastle desse vekene, medan passasjerar måtte ta fly.[13] Etter dei tre vekene var det attende i Rotterdam-ruta.

22. februar 1969 var det klart at BDS selte «Mercur» og MS «Crux» til greske reiarar, Co Ownership under E. Pothitos & E. Koutsofios i Pireus i Hellas. «Mercur» fekk nye greske eigarar i 1974, då det vart selt til Kathal Shipping Co. Det beheldt namnet sitt.[1]

20. desember 1974 grunnstøytte «Mercur» og sokk utanfor Tobruk i Libya.[1]

Skipet endre

Tonnasjen til skipet var ved levering 939 brt, 475 nrt og lasteevna var 1240 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 2039 . Hovudmaskinen var ein dieselmotor, levert av Sulzer Bros. Ltd. i Winterthur. Oppgjeven yting var 1100 bHk (bremsande hestekrefter) og 292 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 12,5 knop.[1]

I 1948 fekk skipet sett inn radio og peileapparat, og i 1950 radar.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 «M/S Mercur». Sjøhistorie.no. Henta 28. desember 2020. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 2». Skipet. Nr. 2 (Rådal: Skipet). Volum 14: 30. Henta 5. august 2020. 
  3. «Bergenskes nye «Mercur» sjøsatt i Moss». Bergen: Bergens Tidende. 28. mars 1946. s. 2. Henta 28. desember 2020. 
  4. «Havnen». Bergen: Bergens Tidende. 31. desember 1946. s. 3. Henta 28. desember 2020. 
  5. «Norge holder på å bli «landfast» med Danmark». Bergen: Bergens Tidende. 21. februar 1947. s. 1. Henta 28. desember 2020. 
  6. «Bergenskes «Mercur»». Bergen: Bergens Tidende. 15. desember 1950. s. 2. Henta 28. desember 2020. 
  7. «Havnen». Bergen: Bergens Tidende. 11. juli 1951. s. 2. Henta 28. desember 2020. 
  8. «Hvem skal betale skaden på losskøyten?». Bergen: Bergens Tidende. 5. desember 1951. s. 3. Henta 28. desember 2020. 
  9. ««Mercur» fast i isen». Bergen: Bergens Tidende. 24. februar 1954. s. 2. Henta 28. desember 2020. 
  10. «Englandsruten skal få lørdags-avgang fra Newcastle». Bergen: Bergens Tidende. 26. september 1957. s. 6. Henta 28. desember 2020. 
  11. «Merkelige strømforhold i Byfjorden sist torsdag». Bergen: Bergens Tidende. 13. august 2020. s. 1. Henta 31. desember 2020. 
  12. «Slagside for «Mercur»». Bergen: Bergens Tidende. 23. januar 1967. s. 6. Henta 31. desember 2020. 
  13. «Det Bergenske uten skip i Englands-ruten i 3 uker - slutt for «Venus»». Bergen: Bergens Tidende. 20. september 1968. s. 40. Henta 31. desember 2020.