MS «Pallas» (1941)

norsk motorskip frå 1941
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «Pallas»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Verft: Bergen Mek. Verksted i Bergen
Byggekostnad: 1 377 816 kroner[1]
Verftsnummer: 372
Jomfrutur: november 1941
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: LKRR
Generelle mål
Type: Passasjer- og lasteskip
Tonnasje: 937 brt, 475 nrt
Daudvekt: 1 260 tdw.
Lengd: 223,9 fot (68,2 m)
Breidd: 35,2 fot (10,7 m)
Djupgang: 13,5 fot (4,1 m)
Installert effekt : BHK 1100,NHK 292
Framdrift: 6-sylindra 2-takts dieselmotor (Sulzer, Winterthur)
Fart: 12,5 knop
Passasjerar: 12 passasjerar
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «Knut Jarl»
Eigar: Det Nordenfjeldske Dampskibsselskab
Kjøpt: Juni 1964
Heimehamn: Trondheim
Karriere Flag of Greece.svg Hellas
Namn: MS «Skyros»
Eigar: Pidalion Shipping Co. Ltd., frå 1970 George Daifas & others
Kjøpt: August 1967
Heimehamn: Pireus
Karriere Flag of Cyprus.svg Kypros
Namn: MS «Levant Hope»
Eigar: Ukjend
Kjøpt: 1974
Heimehamn: Famagusta
Lagnad: Opphogd 1974

MS «Pallas» (kallesignal LKRR) var eit motorskip bygt i 1941 som passasjer- og lasteskip for Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS).

Det Bergenske Dampskibsselskab hadde som tradisjon å namngje skipa sine etter fenomen og objekt på nattehimmelen. Pallas er den nest største asteroiden i solsystemet. Dette var det fjerde skipet i flåten til BDS med dette namnet.

Skipet var systerskip til MS «Sirius», MS «Deneb», MS «Capella» og dei seinare skipa MS «Mercur» og MS «Luna».

HistorieEndra

Skipet vart bygt ved Bergen Mekaniske Verksted i Bergen og kosta nesten 1,4 millionar kroner[1] då det vart levert i november 1941.[2] Det er få til ingen rapportar om kvar skipet gjekk under andre verdskrigen. 2. oktober 1944 vart skipet rekvirert av den tyske marinen og fekk tysk mannskap. Ei veke etter krigen var over var «Pallas» på Helgeland, der det transporterte tyske militære.[3] 4. juni 1945 vart det levert attende til BDS i Mosjøen.[4]

«Pallas» var attende i teneste 20. september 1945 etter nokre botnreparasjonar ved Bergen Mekaniske Verksted. Den første turen gjekk til Oslo for å byrje lasting for Svalbard med vinterutstyr og anna.[5] «Pallas» var framme på Svalbard seint i oktober og attende i Bergen 10. november. Skipet byrja så å gå i kystfart mellom Oslo og Kirkenes, og tidleg i 1950-åra i ilgodsruta mellom Stavanger og Tromsø, og i 1954 i ildgodsruta til Hammerfest.

17. januar 1950 gjekk «Pallas» på grunn ved Lille Molla vest for innløpet til Raftsundet i Lofoten i sør-sørvestleg kuling og snøbyer. Skipet hadde los ombord og han hadde sett kursen før han gjekk ned for å drikke kaffi. Kapteinen kontrollerte kursen, som ein var blitt samde om, med kartet, men då han kom ut av styrehuset fekk han brått land rett forut, og gav straks ordre om hardt styrbord.[6] Skipet rørte då grunna og byrja å ta inn vatn. Skipet fekk stor lekkasje i to-rommet og ein sette skipet på land ved ein høveleg stad med sandgrunn. Bergingsdamparen DS «Traust» kom frå Harstad for å assistere skipet[7] og fekk dradd det av utan problem på første forsøk. Lekkasjen vart så tetta nokolunde og skipet for inn til Svolvær for ytterlegare tetting, før skipet skulle gå til Bergen for reparasjon.[8] Under sjøforklaringa meinte kapteinen at rormannen kunne ha mistyda kursen som vart gjeven andre gongen.[6] Skipet låg på slippen til midten av mars.

Nesten tre år seinare, 5. november 1952, gjekk «Pallas» igjen på grunn i Raftsundet, denne gangen på Trollholmen på veg sørover frå Tromsø til Stavanger. Då dei kom inn i sundet frå nord ville ikkje roret lystre. Kapteinen var til køys, men vakna då det vart gjort forskjellige manøvrar med motoren. På brua var 1. styrmannen, los og rormann. Det vart straks slått akterover, men dette tar noko tid, då motoren må reduserast ein del til kring 100 omdreiningar. Båten gjekk med 12,5 knops fart og gjekk i røynda på grunn med denne farten. Det viste seg at toppstykket ved magneten til bremsen på motoren var blitt sprengt. Dei hadde nettopp fått nytt toppstykke, då dette var blitt øydelagd ved to høve tidlegare på turen.[9] Skipet køyrte seg godt opp på grunna og stod hardt til, men låg ikkje vêrhardt til. Det fekk noko lekkasje. Bergingsbåten MS «Salvage» kom til assistanse frå Narvik.[10] Det klarte ikkje å få «Pallas» av grunna, og «Traust» vart òg tilkalla.[11] Før «Traust» nådde fram, klarte derimot «Salavage» å dra «Pallas» laus. «Pallas» hadde fått baugskade, men lekkasjen vart tetta og det fekk løyve til å segle til Bergen for reparasjon.[12] 3. desember var skipet klar for fart igjen etter å ha blitt reparert i Bergen.

Seint i april 1955 gjekk skipet ut av ilgodsruta til Hammerfest. Det gjekk først ein tur til Newcastle, før det for til Warnemünde med sild. I mai gjekk det inn i ruta til Oslo-Kirkenes. 6. juli slo BDS og Det Nordenfjeldske Dampskibsselskab saman sine ruter til Kirkenes, og «Pallas» hadde gått den siste turen sin her.[13] Etter ein tur til Valencia i Spania via London og Antwerpen, og nokre turar til Antwerpen, fekk «Pallas» ei overhaling på verftet i Laksevåg. Det drog så til Dunkerque, Rouen og Newcastle, før det i desember 1956 byrja å gå i linjefart mellom Bordeaux og Casablanca, dei første åra i lag med MS «Deneb» på vinterstid. Det hadde òg enkelte anløp i Italia og Sør-Frankrike. Seint i september 1958 kom «Pallas» til Bergen for ei overhaling og via Newcastle og Antwerpen var det attende i ruta mellom Bordeaux og Casablanca att utpå hausten. Sommaren 1960 var igjen i Bergen for overhaling. Det drog så til Steinkjer og lasta for Rouen i Frankrike, og så frå Hamburg til Bergen. Vintersesongane 1960-1964 segla skipet i linjefarten mellom Casablanca og Bordeaux, og gjekk på sommaren i trampfart. I slutten av juni 1960 var det komen til Oslo via Antwerpen. På seinsommaren og hausten dette året hadde det fleire turar mellom Stavanger/Sandnes, Odda og Newcastle. Sommaren 1962 hadde det mellom anna anløp i Vadsø, Swansea, Dublin. Hausten dette året vart det klassifisert og låg i opplag fram til linjefarten kom i gang i oktober. Sommaren 1963 låg det i opplag, før det i oktober gjekk frå Bergen til Dagenham, og så inn i linjefarten att.

19. juni 1964 for skipet frå Frankrike frå siste gangen og 30. juni 1964 vart det kjend at «Pallas» vart selt til Det Nordenfjeldske Dampskibsselskab i Trondheim, og fekk namnet «Knut Jarl». Det vart så sett inn i ruta mellom Oslo og Kirkenes.[14] I januar 1967 byrja det å gå i rute Sandnes-Tromsø.

I august 1967 vart det selt til utanlandske eigarar, Pidalion Shipping Co. Ltd. i Pireus i Hellas, og vart omdøypt til «Skyros». I 1970 fekk «Skyros» nye, greske eigarar, George Daifas & andre.

Skipet vart selt til ein ukjend eigar i FamagustaKypros i 1974 og fekk namnet «Levant Hope», men alt same året vart det selt til Spania for opphogging.

SkipetEndra

Tonnasjen til skipet var ved levering 937 brt, 475 nrt og lasteevna var 1 260 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 2 001 , og av dette var 291 m³ kjølerom og 32 m³ filetrom. Hovudmaskinen var ein 6-sylindra 2-takts dieselmotor, levert av Sulzer A/G i Winterthur. Oppgjeven yting var 1 100 bHk (bremsande hestekrefter) ved 135 rpm og 292 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 12,5 knop.[1] Skipet hadde plass til 12 passasjerar.[1]

I 1951 fekk skipet innsett radar.

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «M/S Pallas». Sjøhistorie.no. Henta 8. august 2020. 
  2. Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 2». Skipet. Nr. 2 (Rådal: Skipet). Volum 14: 31. Henta 8. august 2020. 
  3. «Havnen». Bergen: Bergens Tidende. 14. mai 1945. s. 4. Henta 8. august 2020. 
  4. «M/S Pallas». USA: Warsailors.com. Henta 8. august 2020. 
  5. «Havnen». Bergen: Bergens Tidende. 20. september 1945. s. 3. Henta 9. august 2020. 
  6. 6,0 6,1 «Da Bergenskes «Pallas» grunnstøtte ved Draget». Bergen: Bergens Tidende. 31. januar 1950. s. 6. Henta 9. august 2020. 
  7. ««Pallas» grunnstøtt og landsatt i Lofoten». Bergen: Bergens Tidende. 18. januar 1950. s. 2. Henta 9. august 2020. 
  8. «Bergenskes «Pallas» brakt flott». Bergen: Bergens Tidende. 19. januar 1950. s. 2. Henta 9. august 2020. 
  9. «Styremaskinen slo klikk da «Pallas» gikk på grunn». Bergen: Bergens Tidende. 14. november 1952. s. 2. Henta 9. august 2020. 
  10. ««Pallas» grunnstøtt i Raftsundet i natt». Bergen: Bergens Tidende. 5. november 1952. s. 1. Henta 9. august 2020. 
  11. «Også Traust til «Pallas»s strandingssted». Bergen: Bergens Tidende. 6. november 1952. s. 5. Henta 9. august 2020. 
  12. ««Pallas» flottbrakt av «Salvage»». Bergen: Bergens Tidende. 7. november 1952. s. 1. Henta 9. august 2020. 
  13. «Havnen». Bergen: Bergens Tidende. 2. juli 1956. s. 2. Henta 9. august 2020. 
  14. ««Knut Jarl», ex-«Pallas»». Bergen: Bergens Tidende. 30. juni 1964. s. 18. Henta 9. august 2020.