The Marshall Tucker Band
The Marshall Tucker Band er eit amerikansk rockeband frå Spartanburg i Sør-Carolina. Dei blanda blues, country og jazz inn i rockemusikken sin og var med på å etablere southern rock som sjanger tidleg i 1970-åra.[2] Sjølv om bandet nådde det kommersielle høgdepunktet sitt mot slutten av 1970-åra, har dei vore kontinuerleg aktive sidan dei starta i 1972.[2] Solovokalisten Doug Gray er det einaste originale medlemmet att i bandet.
The Marshall Tucker Band | |||
The Marshall Tucker Band i 2006 | |||
Opphav | Spartanburg i Sør-Carolina i USA | ||
---|---|---|---|
Aktiv | Sidan 1972 | ||
Sjanger | |||
Tilknytte artistar | Charlie Daniels, The Allman Brothers Band, Eric Quincy Tate, Lynyrd Skynyrd | ||
Plateselskap | Capricorn, Warner Bros., Mercury, Cabin Fever, Ramblin' | ||
Medlemmer | Doug Gray (originalt medlem) Marcus James Henderson Chris Hicks Rick Willis Tony Black B.B. Borden | ||
Tidlegare medlemmer | Jerry Eubanks (originalt medlem) Toy Caldwell (originalt medlem) (d. 1993) George McCorkle (originalt medlem) (d. 2007) Paul Riddle (originalt medlem) Tommy Caldwell (originalt medlem) (d. 1980) Franklin Wilkie Stuart Swanlund Andy Parks Rusty Milner Tim Lawter Ronnie Godfrey Bobby Ogdin Bob Wray James Stroud Tom Robb Ace Allen Don Cameron Frank Toler Mark Pettey Ronald Radford Todd Davis Paul Thompson Garry Guzzardo David Muse Clay Cook James Harold Brown Tony Heatherly Pat Elwood |
Den originale besetninga frå 1972 bestod av solo- og steelgitaristen, vokalisten og låtskrivaren Toy Caldwell (1947–1993), solovokalisten Doug Gray (fødd 1948), klaverspelaren, saksofonisten og fløytisten Jerry Eubanks (fødd 1950), rytmegitaristen George McCorkle (1947–2007), trommeslagaren Paul Riddle (fødd 1953) og bassisten Tommy Caldwell (1949–1980). Dei signerte for Capricorn Records og gav ut det første albumet sitt i 1973, The Marshall Tucker Band.
Etter at Tommy Caldwell omkom i ei bilulukke i 1980, vart han erstatta av bassisten Franklin Wilkie. Dei fleste av dei originale medlemmane hadde slutta i bandet innan midten av 1980-åra for å driva med andre prosjekt.[3] Den noverande besetninga består av Gray på vokal, klaverspelaren, saksofonisten og fløytisten Marcus James Henderson, gitaristane Chris Hicks og Rick Willis, bassisten Tony Black og trommeslagaren B.B. Borden.[4]
Namnesoge
endreNamnet «Marshall Tucker» syner ikkje til eit bandmedlem, men til ein blind pianostemmar frå Columbia i Sør-Carolina.[5] Då bandet diskuterte mogelege namn i eit gammalt lager dei leigde som øvingslokale, merka ein av dei ein nøkkel med namnet «Marshall Tucker» på, og føreslo at dei kunne kalle seg «The Marshall Tucker Band», og forstod ikkje at det var ein faktisk person. Seinare vart det kjend at Marshall Tucker var ein blind pianostemmar som hadde stemd piano i lokalet før bandet, og at nøkkelen var hans.[6] Musikkhistorikaren Joel Whitburn skriv feilaktig at «Marshall Tucker» eigde øvingslokalet i boka si Top Pop Singles, 1955-2002.[7]
Historie
endreTidleg historie
endreDei originale medlemmane (og somme av dei seinare medlemmane) i The Marshall Tucker Band hadde spelt i forskjellige band under forskjellige namn kring Spartanburg-området sidan tidleg i 1960-åra. I 1966 kom medlemmar av fleire av desse banda saman i The Toy Factory, kalla opp etter gitaristen Toy Caldwell. The Toy Factory skifta stadig medlemmar, og inkluderte mellom anna Caldwell, den yngre broren Tommy, Doug Gray, Jerry Eubanks, George McCorkle og Franklin Wilkie. Seint i 1960-åra vart fire av bandmedlemmane kalla inn til det amerikanske forsvaret.[8][9][10] Toy Caldwell var marinesoldat og fekk Purpurhjartet etter at han vart skadd i Vietnamkrigen.[11]
I starten av 1970-åra hadde Toy Caldwell og George McCorkle flytta attande til Spartanburg, og The Toy Factory byrja å spele på klubbar i området.[12] I 1970 varma The Toy Factory opp for The Allman Brothers då dei spelte på Sitar i Spartanburg.
I 1972 endra Caldwell og McCorkle igjen på besetninga i bandet, og slo seg til slutt til ro med Tommy Caldwell på bass, George McCorkle på rytmegitar, songaren Doug Gray og Jerry Eubanks på fløyte og tenorsaksofon, medan Paul Riddle vart lagt til på trommer. Den nye besetninga tok namnet «Marshall Tucker Band». Wet Willie-songaren Jimmy Hall sa til Toy Caldwell at dei burde spele på Grant's Lounge i Macon i Georgia, noko dei gjorde. Etter å ha høyrd band på Grant's, spelte Buddy Thornton og Paul Hornsby inn ein demo av bandet i Capricorn Studios i Macon. Frank Fenter og Phil Walden signerte kontrakt med The Marshall Tucker Band basert på desse demoane.
1970-åra
endreDet sjølvoppkalla debutalbumet til The Marshall Tucker Band vart produsert av Paul Hornsby og kom ut i 1973, og selde til gullplate i 1975.[13] Alle spora var skrivne av Toy Caldwell, inkludert «Can't You See», som kom ut i 1973 som Capricorn 0023 (nådde 108. plassen på den amerikanske singellista 1. september 1973) og kom ut på ny i 1977 på Capricorn 0278 (nådde då 75. plassen den 24. september 1977). Etter at albumet kom ut byrja bandet å turnere, og spelte opp mot 300 konsertar per år ut tiåret.[13] Southern rock-felespelaren Charlie Daniels sa seinare at då The Marshall Tucker Band «kom på scenen bles dei oss av banen frå start til slutt.»[14]
Det første av mange samarbeid mellom Daniels og The Marshall Tucker Band kom på det andre albumet deira, A New Life,[14] som kom ut i 1974, og selde til gullplate i 1977.[13] Daniels og bluesgitaristen Elvin Bishop var blant fleire musikarar som vart medlem av bandet for Where We All Belong,[14] eit dobbeltalbum (ei studioplate og ei konsertplate) gjeve ut av bandet i 1974. Det selde til gullplate same året. Året etter kom Searchin' for a Rainbow som òg selde til gullplate i løpet av året det kom ut, og inneheld songen «Fire on the Mountain,» som nådde 38. plassen på Billboard-lista. Long Hard Ride, det femte gullalbumet deira på rad, kom ut i 1976,[14] og det instrumentale tittelsporet (igjen med Charlie Daniels på fele) vart nominert til ein Grammy.[15] Carolina Dreams, gjeve ut i 1977 og sertifisert til platinaplate same året, vart den største suksessen deira, og inneheldt sporet «Heard It in a Love Song», som nådde 14. plassen på Billboard-lista.[13] Det siste albumet deira på Capricorn kom i 1978 med Together Forever, som vart produsert av Stewart Levine.[14] Etter at Capricorn gjekk konkurs, flytta The Marshall Tucker Band til Warner Bros. Records for det niande albumet sitt, Running Like the Wind (det åttande var eit samlealbum kalla Greatest Hits), og dei nytta framleis Levine som produsent.
1980-åra
endre22. april 1980, etter at dei fullførte det tiande albumet sitt, Tenth (niande studioalbumet), fekk bassisten og med-grunnleggjaren Tommy Caldwell massive hovudskadar i ei bilulukke og døydde seks dagar seinare. Den tidlegare Toy Factory-bassisten Franklin Wilkie erstatta Caldwell for det neste albumet deira, Dedicated, men bandet klarte aldri å gjenskape den same suksessen som dei hadde hatt i 1970-åra. På Tuckerized frå 1982, var berre to av songane skrivne av bandmedlemmar: «Sea, Dreams & Fairy Tales» av Toy Caldwell og «Sweet Elaine» av George McCorkle. Hovudlåtskrivaren Toy Caldwell bidrog berre på tre songar til dei kvar av dei to albuma som kom ut i 1983: Just Us og Greetings from South Carolina. Etter Greetings from South Carolina i 1983, slutta alle dei originale medlemmane, utanom Doug Gray og Jerry Eubanks.[2]
I 1988 spelte Gray og Eubanks inn albumet Still Holdin' On, det einaste dei gav ut på Mercury Records. Sjølv om Gray og Eubanks fekk med seg dei nye medlemmane Rusty Milner, Stuart Swanlund og Tim Lawter, vart Still Holdin' On hovudsakleg spelt inn med innleigde studiomusikarar. Dei nyare medlemmane (inkludert klaverspelaren Don Cameron) fekk ei langt større rolle på det neste albumet, Southern Spirit i 1990, som kom ut på Sisaspa. Her gjekk bandet attende til country- og bluesrøtene sine.[16]
1990-åra
endreI 1992 gav The Marshall Tucker Band ut det første albumet sitt for Cabin Fever, Still Smokin', som klarte å nå topp 70 på Billboard-lista. I 1993 kom Walk Outside the Lines, som markerte ein overgang til ein meir countrydominert stil, og la mindre vekt på dei lange, improviserte jammane som hadde vore varemerket deira tidleg i karrieren.[17] Tittelsporet var skriven i lag med countrystjerna Garth Brooks, som i mange år hadde vore fan av bandet og som rekna det å skrive ein song for dei som ein «milepåle» i karrieren hans.[13]
I 1998 kom Face Down In the Blues, der bandet fekk inn gitarist Ronald Radford frå Spartanburg-området og Firefall-medlemmet David Muse, som spelte fleire insturment. Han erstatta Jerry Eubanks, som trekte seg attende i 1996.[14] Gospel kom ut i 1999 der bandet spelte tradisjonelle songar som «The Wayfaring Stranger» og «Will the Circle Be Unbroken».
Etter 2000
endreThe Marshall Tucker Band har halde fram å spele inn musikk og halde konsertar etter år 2000, og har spelt mellom 150 og 200 konsertar i året.[6] Bandet gav ut fleire av albuma sine frå 1970-åra på nytt på sitt eige Ramblin' Records, i tillegg til to doble samlealbum. Det første (Anthology) dekte den 30 år lange karrieren deira, og det andre (Where a Country Boy Belongs) var ei samling av countrysongane deira. I 2004 gav dei ut eit nytt studioalbum, Beyond the Horizon, etterfølgd året etter med julealbumet Carolina Christmas.
«Can't You See» vart nytta som opningssong og under rulleteksten for Kevin Costner-filmen Swing Vote frå 2008. «Take the Highway» vart òg nytta i filmen. «Can't You See» er òg nytta i filmen Blow frå 2001 og I, Tonya frå 2017.
Musikkstil
endreTommy Caldwell skildra musikken til The Marshall Tucker Band som progressiv country, og forklarte at bandet spelte countrystrukturar og riff kombinert med jazzimprovisasjonar der dei bygde meir komplekse strukturar frå eit countrygrunnlag.[1] Bandet har gjennom karrieren nytta forskjellige stilar i musikken sin, som blues,[18][19][20][21] country[18][19][21] og jazz,[18][21] i tillegg til boogie,[20] psykedelisk,[22] R&B,[22] gospel,[22] folk[22] og rock and roll.[19]
Den varierte musikken deira har ofte blitt kategorisert som southern rock.[19][21][23][24][25][26] Musikken deira er òg blitt skildra som bluesrock,[27] countryrock,[23] jazzrock[23] og som «proto-jamband».[27] Billboard-lista har skildra dei som country, blues og adult contemporary.[21]
Det sjølvoppkalla debutalbumet vart kategorisert som countryrock,[22] progressiv rock[23] og «ein Southern rock-klassikar».[28] Gitaristen og låtskrivaren Toy Caldwell nytta mykje bluegrass og country då han skreiv songane sine for debutalbumet.[20] Oppfølgjaren, A New Life, vart rekna for å ha ein mykje meir countryprega stil.[18][29] Where We All Belong har blitt skildra som eit «klassisk rock and roll-album».[30] Albumet Running Like the Wind frå 1979 inneheld poprock og jazzfusion.[23] Oppfølgjaren Tenth inneheld boogierock.[31] Albumet Face Down in the Blues består, som tittelen indikerer, berre av blues.[21]
Diskografi
endreStudioalbum
endreÅr | Album | Listeplasseringar | RIAA | Selskap | ||
---|---|---|---|---|---|---|
US | US Country | CAN | ||||
1973 | The Marshall Tucker Band | 29 | — | — | Gold | Capricorn |
1974 | A New Life | 37 | — | 35 | Gold | |
Where We All Belong (2-LP; ei studioplate, ei konsertplate) | 54 | — | 91 | Gold | ||
1975 | Searchin' for a Rainbow | 15 | 21 | — | Gold | |
1976 | Long Hard Ride | 32 | 21 | 64 | — | |
1977 | Carolina Dreams | 23 | 22 | 7 | Platinum | |
1978 | Together Forever | 22 | 26 | 24 | Gold | |
1979 | Running Like the Wind | 30 | — | — | — | Warner Bros. |
1980 | Tenth | 32 | — | — | — | |
1981 | Dedicated | 53 | — | — | — | |
1982 | Tuckerized | 95 | — | — | — | |
1983 | Just Us | 204 | — | — | — | |
Greetings from South Carolina | 202 | — | — | — | ||
1988 | Still Holdin' On | — | — | — | — | Mercury |
1990 | Southern Spirit | — | — | — | — | Capitol |
1992 | Still Smokin' | — | — | — | — | Cabin Fever |
1993 | Walk Outside the Lines | — | — | — | — | |
1998 | Face Down in the Blues | — | — | — | — | K-Tel |
1999 | Gospel | — | — | — | — | |
2004 | Beyond the Horizon | — | — | — | — | |
2005 | Carolina Christmas | — | — | — | — | |
2007 | The Next Adventure | — | — | — | — |
Konsertalbum
endreÅr | Album | Listeplasseringar | RIAA | Selskap | ||
---|---|---|---|---|---|---|
US | US Country | CAN | ||||
1974 | Where We All Belong (2-LP; ei studioplate, ei konsertplate) | 54 | — | 91 | Gold | Capricorn |
2003 | Stompin' Room Only: Greatest Hits Live 1974-76 | — | — | — | — | Shout! Factory |
2006 | Live on Long Island 04-18-80 | — | — | — | — | |
2007 | Carolina Dreams Tour '77 | — | — | — | — | |
2010 | Way Out West! Live From San Francisco 1973 | — | — | — | — | |
2013 | Live! From Spartanburg, South Carolina | — | — | — | — | |
2015 | Live in the UK 1976 | — | — | — | — | Ramblin' |
Samlealbum
endreÅr | Album | Listeplasseringar | RIAA | Selskap | ||
---|---|---|---|---|---|---|
US | US Country | CAN | ||||
1978 | Greatest Hits | 67 | 19 | 68 | Platinum | Capricorn |
1994 | The Capricorn Years | — | — | — | — | Era |
1996 | Country Tucker | — | — | — | — | K-Tel |
1997 | The Encore Collection | — | — | — | — | BMG |
MT Blues | — | — | — | — | K-Tel | |
1998 | Keeping the Love Alive | — | — | — | — | Rebound |
2005 | Anthology: The First 30 Years | — | — | — | — | Shout! Factory |
2006 | Where a Country Boy Belongs | — | — | — | — | |
2008 | Collector's Edition | — | — | — | — | Madacy |
2009 | Love Songs | — | — | — | — | Shout! Factory |
The Essential MTB 3.0 | — | — | — | — | ||
2011 | Greatest Hits [Expanded Edition] | — | — | — | — | Ramblin' |
Singlar
endreÅr | Singel | Listeplassering | Album | |||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
US | US Country | US Rock | CAN | CAN Country | CAN AC | |||
1973 | «Can't You See» | 108 | — | — | — | — | — | The Marshall Tucker Band |
«Take the Highway» | — | — | — | — | — | — | ||
1974 | «Another Cruel Love» | — | — | — | — | — | — | A New Life |
1975 | «This Ol' Cowboy» | 78 | — | — | — | — | — | Where We All Belong |
«Fire on the Mountain» | 38 | — | — | 81 | — | — | Searchin' for a Rainbow | |
1976 | «Searchin' for a Rainbow» | 104 | 82 | — | — | — | — | |
«Long Hard Ride» | — | 63 | — | — | — | — | Long Hard Ride | |
1977 | «Heard It in a Love Song» | 14 | 51 | 25 | 5 | 38 | 24 | Carolina Dreams |
«Can't You See» (Re-release) | 75 | — | — | 57 | — | 39 | Greatest Hits | |
1978 | «Dream Lover» | 75 | — | — | 80 | — | — | Together Forever |
«I'll Be Loving You» | — | — | — | — | — | — | ||
1979 | «Last of the Singing Cowboys» | 42 | — | — | 97 | — | — | Running Like the Wind |
«Running Like the Wind» | — | — | — | — | — | — | ||
1980 | «It Takes Time» | 79 | — | — | — | — | — | Tenth |
«Without You» | — | — | — | — | — | — | ||
1981 | «This Time I Believe» | 106 | — | — | — | — | — | Dedicated |
«Silverado» | — | — | 60 | — | — | — | ||
«Tell the Blues to Take Off the Night» | — | — | — | — | — | — | ||
«Love Some» | — | — | — | — | — | — | ||
1982 | «Mr. President» | — | — | — | — | — | — | Tuckerized |
«Reachin' for a Little Bit More» | — | — | — | — | — | — | ||
1983 | «A Place I've Never Been» | — | 62 | — | — | — | — | Just Us |
1984 | «I May Be Easy But You Make It Hard» | — | — | — | — | — | — | Greetings From South Carolina |
1987 | «Hangin' Out in Smokey Places» | — | 44 | — | — | — | — | Still Holdin' On |
1988 | «Once You Get the Feel of It» | — | 79 | — | — | — | — | |
«Still Holdin' On» | — | — | — | — | — | — | ||
1990 | «Stay in the Country» | — | 26 | — | — | — | — | Southern Spirit |
1992 | «Driving You Out of My Mind» | — | 68 | — | — | — | — | Still Smokin' |
1993 | «Walk Outside the Lines» | — | 71 | — | — | — | — | Walk Outside the Lines |
«—» syner til at utgjevinga ikkje gjekk inn på lista |
Musikkvideoar
endreÅr | Video | Regissør |
---|---|---|
1981 | «Even a Fool Would Let Go» | |
«Silverado» | ||
1990 | «Stay in the Country» | |
«Destruction» | ||
1992 | «Driving You Out of My Mind» | George Bloom[32] |
«Frontline» | ||
«Tan Yard Road» | ||
1993 | «Walk Outside the Lines» | D. Gray, J. Gerik |
«Down We Go» | D. Gray, J. Gerik, K. Mandel[33] |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «The Marshall Tucker Band» frå Wikipedia på engelsk, den 29. desember 2020.
- ↑ 1,0 1,1 «MARSHALL TUCKER BAND- «IS PROGRESSIVE»». Magicalmomentphotos.com. 1. juni 2016. Arkivert frå originalen 12. november 2020. Henta 29. desember 2020.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 Colin Larkin (red.), «Marshall Tucker Band.» The Encyclopedia of Popular Music, Vol. 5, (New York: Oxford University Press, 2006), s. 521–522.
- ↑ Ted Olson, «Marshall Tucker Band.» The Encyclopedia of Country Music: The Ultimate Guide to the Music (New York: Oxford University Press, 1998), s. 325–326.
- ↑ The Marshall Tucker Band – Current and former members page, 2009, arkivert frå originalen 29. mai 2009, henta 29. desember 2020
- ↑ Herring, Melissa (15. februar 1983). «Blind piano tuner turns talent into a key business». Associated Press. Henta 13. januar 2016.
- ↑ 6,0 6,1 The Marshall Tucker Band – Biography. 2009. Henta: 29. desember 2020.
- ↑ Whitburn, Joel (2003). Top Pop Singles 1955-2002. Menomonee Falls, Wisconsin: Record Research, Inc. ISBN 0-89820-155-1.
- ↑ «GEORGE MCCORKLE». georgemccorkle.com. Arkivert frå originalen 14. august 2016. Henta 29. desember 2020.
- ↑ Ryan (4. mai 2011). «Marshall Tucker Band to Entertain Troops in Iraq & Kuwait». marshalltucker.com. Arkivert frå originalen 11. juni 2012. Henta 29. desember 2020.
- ↑ Dudley Brown (29. juni 2003). «Marines salute Hutchings, Caldwells». Spartanburg Herald-Journal. Arkivert frå originalen 11. juni 2012. Henta 29. desember 2020.
- ↑ «Toy Caldwell Jr., 45, a Founder of the Marshall Tucker Band». The New York Times. 26. februar 1993. Henta 29. desember 2020.
- ↑ Michael B. Smith, Toy Caldwell's Carolina Dreams Arkivert 2016-03-11 ved Wayback Machine.. Tuckerhead.com. Henta: 29. desember 2020.
- ↑ 13,0 13,1 13,2 13,3 13,4 James Elliott, «Marshall Tucker Band.» Definitive Country: The Ultimate Encyclopedia of Country Music and its Performers (New York: Berkley Publishing Group, 1995), pp. 504-505.
- ↑ 14,0 14,1 14,2 14,3 14,4 14,5 Barry Alfonso, Notes to The Marshall Tucker Band: Anthology [CD liner notes]. Ramblin' Records, 2005.
- ↑ Amy Cortner, «Marshall Tucker Band.» Encyclopedia of Appalachia (Knoxville, Tenn.: University of Tennessee Press, 2006). s. 1186.
- ↑ Tuckerhead.com, Still Holdin' On Review Arkivert 2016-03-03 ved Wayback Machine.. 2002–2008. Henta: 29. desember 2020.
- ↑ Craig Cumberland, Walk Outside the Lines Review Arkivert 2016-03-03 ved Wayback Machine.. Tuckerhead.com, Henta: 29. desember 2020.
- ↑ 18,0 18,1 18,2 18,3 [1]
- ↑ 19,0 19,1 19,2 19,3 «The Marshall Tucker Band Brings Southern Rock To The Paramount». Long Islander News. Henta 29. desember 2020.
- ↑ 20,0 20,1 20,2 Eddy, Jon Dolan, David Menconi, Linda Ryan, Rob Harvilla, Charles Aaron, Nick Murray,Kory Grow, Mike Powell, Marissa R. Moss, Reed Fischer, Richard Gehr, Chuck (Nov 12, 2014). «50 Rock Albums Every Country Fan Should Own». Rolling Stone. Henta 29. desember 2020.
- ↑ 21,0 21,1 21,2 21,3 21,4 21,5 «The Marshall Tucker Band | Biography, Albums, Streaming Links». AllMusic. Henta 29. desember 2020.
- ↑ 22,0 22,1 22,2 22,3 22,4 «The Marshall Tucker Band - The Marshall Tucker Band | Songs, Reviews, Credits». AllMusic. Henta 29. desember 2020.
- ↑ 23,0 23,1 23,2 23,3 23,4 «GloryDazeMusic.com | AOR and Melodic Rock». GloryDazeMusic.com | AOR and Melodic Rock. Arkivert frå originalen 17. mai 2022. Henta 29. desember 2020.
- ↑ «The Marshall Tucker Band: Southern jam kings». Axs.com. Henta 29. desember 2020.
- ↑ «Op-Ed: Marshall Tucker Band puts on the best southern rock show of 2017». Digitaljournal.com. 28. desember 2017. Henta 29. desember 2020.
- ↑ Kuhlman, Fred. «The Marshall Tucker Band Brings its Southern Rock to Talking Stick Resort Showroom». Beneathadesertsky.com. Henta 29. desember 2020.
- ↑ 27,0 27,1 «Live on Long Island: 4-18-80 - The Marshall Tucker Band | Songs, Reviews, Credits». AllMusic. Henta 29. desember 2020.
- ↑ «The Marshall Tucker Band - Searchin For A Rainbow». Pastemagazine.com. Henta 29. desember 2020.
- ↑ «A New Life - The Marshall Tucker Band | Songs, Reviews, Credits». AllMusic. Henta 29. desember 2020.
- ↑ «Swampland:Marshall Tucker Band: Where We All Belong». swampland.com. Henta 29. desember 2020.
- ↑ Rob Theakston. «Tenth - The Marshall Tucker Band | Songs, Reviews, Credits». AllMusic. Henta 19. mai 2016.
- ↑ «CMT : Videos : The Marshall Tucker Band : Driving You Out of My Mind». Henta 17. april 2011.
- ↑ «CMT : Videos : The Marshall Tucker Band : Down We Go». Country Music Television. Henta 29. desember 2020.