Norske mellomalderbyar

Norske mellomalderbyar er byar i Noreg som kan føra historia si attende til mellomalderen.

Med grunnlag i grav- og skattefunn har det vore teoriar om at ein kaupang frå vikingtida kan ha vore lokalisert i Vikkilen i Grimstad i Aust-Agder. Fleire norske byar som voks fram i mellomalderen har i fylgje nyare arkeologiske undersøkingar vorte grunnlagde kring år 1000, og kanskje noko tidlegare. Det gjeld Trondheim, truleg òg Oslo, medan Bergen (Bjørgvin) truleg er ein yngre by enn Trondheim (Nidaros) og Oslo. Arkeologar har prøvd å påvisa busetnad frå tidleg 1000-tal i Tønsberg, medan Stavanger og Borg (Sarpsborg) ikkje er undersøkt. Bispebyane Hamar og Stavanger vart først omtala som byar på 1100-talet. Konghelle, Marstrand og Uddevalla ligg i dag i Bohuslen Sverige. Vágar i Hålogaland, Kaupanger i Sogn, Borgund på Sunnmøre, Veøy i Romsdal og Steinkjer i Nord-Trøndelag var høvesvis små og dei vart meir eller mindre folketome i seinmellomalderen.

I fylgje sogene[1] vart Tunsberg grunnlagt som Noregs eldest by i 871, etterfylgt av Nidaros grunnlag i 997 av Olav Tryggvason, Borg i 1016, Oslo i 1048 og Bjørgvin i 1070. Seinare kom Stavanger i 1125 og Ski(ð)an/Skien i 1358. I tillegg vart byane Konghelle ein by på 1000- eller 1100-talet (segnene er litt usamde og arkeologien er ikkje heilt trygg sjølv enno[2]), Oddevold/Uddevalla fyrst i 1498 og Marstrand i 1442. Men ein stad gjekk ikkje frå bondegard til storby berre på grunn av eit brev med underskrift av kongen, det tok som oftast fleire hundreår å veksa til ein by og det er glidande overgangar. I tillegg er ofte sogene skrivne ned i ettertid og ber preg av å vanta truverd, Tønsberg er til dømes truleg mykje yngre enn 871 og Konghelle eldre enn 1140. Ein trend ein kan leggja merke til er at nesten alle byane som enno står er rundt Oslofjorden. Med unnatak av Bjørgvin og Nidaros ligg alle byane på det sentrale Austlandet: Borg, Oslo, Turnberg, Konghelle, Oddevold, Marstrand. At folkesentera i Noreg låg like ved grensa til både Sverige og Danmark kom til å påverka landet mykje i og etter mellomalderen; mellom anna hamna landet i eit eller anna samband med desse landa frå og med 12-1300-talet og fram til og med 1905. Den største handelsvegen i Noreg var på denne tida fiske, noko som førte med seg at det ligg småbyar langs heile kysten. Byen på Borgund vart flutt ut til Ålesund, Vágar ligg utpå Lofoten og slik fint til både for å handla med samane endå lengre nord og til å driva lofotfiske og senda fisken sørover til Bergen, og vidare til Europa.

Bylivet endre

Dei breiaste gatene vart i Noreg kalla allmenningar eller strete. Dei smale gatene som gjekk mellom husa vart i Noreg kalla smug eller veite.

Sjå òg endre

Notar endre

Bakgrunnsstoff endre