Hinnebegerfamilien
Hinnebegerfamilien eller fjørekollfamilien (Plumbaginaceae) er ein plantefamilie i nellikordenen.
Hinnebegerfamilien | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrike: | Viridiplantae |
Infrarike: | Streptophyta |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Nellikordenen Caryophyllales |
Familie: | Hinnebegerfamilien Plumbaginaceae Juss., 1789 |
Artane i familien er som regel fleirårige urter, men kan òg vera buskar eller lianar. Blada sit grunnstilt eller spreitt. Dei er enkle med heil eller fliket bladrand. Akselblad manglar. Oppbygginga av blomestandane varierer mykje. Blomane er tvikjønna, femtalige, aktinomorfe, undersitjande og ofte distyle. Pollineringa blir utført av insekt. Begeret er hinneaktig og sit igjen på frukta. Kronblada er vakse saman, men nokre gongar berre ved basis. Frukta er ein kapsel med eitt frø.
Desse plantane veks ofte på salthaldig jord i område med steppe eller halvørken og på havstrender. Saltoverskotet blir skilt ut i kjertlar på blada. Familien er kosmopolitisk utbreidd frå Arktis til tropane, men dei fleste artane finst i områda frå middelhavslanda til Sentral-Asia. I Noreg veks fire artar naturleg: fjørekoll, sibirkoll, strandrisp og marrisp.
Nokre artar i slektene Ceratostigma, Plumbago, Armeria og Limonium blir dyrka som prydplantar, men elles har familien lita økonomisk tyding.
I eldre botaniske system som Cronquist- og Takhtajan-systema var hinnebegerfamilien den einaste familien i ordenen Plumbaginales. Nokre bygningstrekk minner om nøkleblomfamilien (Primulaceae), og nokre botanikarar meinte at det kunne vera ein slektskap. Molekylærgenetiske studiar viser at hinnebegerfamilien høyrer til i nellikordenen som systergruppe til slireknefamilien, og det er ikkje nokon nær slektskap på nøkleblomfamilien, som no tilhøyrer lyngordenen.
Delgrupper
endreHinnebegerfamilien er delt i to underfamiliar med til saman 20 slekter og 836 artar. Moharrek et al. synonymiserte i 2017 åtte små slekter frå Sentral-Asia med Acantholimon:
- underfamilie Plumbaginoideae Burnett – fire slektar og 36 artar
- Ceratostigma Bunge – omtrent sju artar i Aust-Afrika, Himalaya og Kina
- Dyerophytum Kuntze [Vogelia Lam.] – fire artar på Sokotra, i sørvestlege Afrika og frå Den arabiske halvøya til India
- Plumbagella Spach – éin art
- Plumbagella micrantha (Ledeb.) Spach – Sentral-Asia
- Plumbago L. – pantropisk med 22 artar, mellom anna:
- Plumbago europaea L.
- blyrot (Plumbago auriculata) Lam.
- underfamilie Limonioideae Reveal – to stammar og 16 slektar
- stamme Aegialitideae Peng – éi slekt
- Aegialitis R.Br. – to artar mangrovebuskar aust i Bengalbukta, Andamanhavet og i farvatna mellom Dei små Sundaøyane, Ny-Guinea og Australia
- stamme Limonieae Reveal – 15 slekter med omtrent 800 artar
- Acantholimon Boiss. [Bamiania Lincz., Bukiniczia Lincz., Cephalorhizum Popov & Korovin, Chaetolimon (Bunge) Lincz., Dictyolimon Rechinger f., Gladiolimon Mobayen, Popoviolimon Lincz., Vassilczenkoa Lincz.] – 200 artar frå det austlege middelhavsområdet til Sentral-Asia
- fjørekollslekta (Armeria Willd [Statice L.]) – omtrent 90 artar i tempererte strøk på den nordlege halvkula og Sør-Amerika, mellom anna:
- fjørekoll (Armeria maritima) Willd.
- sibirkoll (Armeria scabra) Pall. ex Roem. & Schult.
- Bakerolimon Lincz. – to artar i ørkenane i Chile og Peru
- Ceratolimon M.B. Crespo & M.D. Lledó – tre artar i Nordvest-Afrika, Jemen og Somalia
- Ghaznianthus Lincz. – éin art
- Ghaznianthus rechingeri (Freitag) Lincz. – Afghanistan
- Goniolimon Boiss. – omtrent 20 artar frå Nordvest-Afrika og søraustlege Europa til Mongolia og nordlege Kina
- Ikonnikovia Lincz. – éin art
- Ikonnikovia kaufmanniana (Regel) Lincz. – Sentral-Asia og Xinjiang
- Limoniastrum Heist. ex Fabr. [Bubania Girard] – to artar i middelhavsområdet
- Limoniopsis Lincz. – to artar i Tyrkia og Kaukasia
- rispslekta (Limonium Mill. [Afrolimon Lincz., Eremolimon Lincz., Linczevskia Tzvelev, Plegorhiza Molina]) – 350 til 600 artar i alle verdsdelar, mellom anna:
- strandrisp (Limonium humile) Mill.
- marrisp (Limonium vulgare) Mill.
- Muellerolimon Lincz. – éin art
- Muellerolimon salicorniaceum (F.Muell.) Lincz. – Vest-Australia
- Myriolimon Lledó, Erben & M.B.Crespo [Myriolepis (Boiss.) Lledó, Erben & M.B.Crespo] – to artar i middelhavsområdet
- Neogontscharovia Lincz. – tre artar i Aghanistan og Tadsjikistan
- Psylliostachys (Jaub. & Spach) Nevski – omtrent ti artar frå Levanten til Sentral-Asia
- Saharanthus M.B.Crespo & M.D.Lledó [Caballeroa Font Quer, Lerrouxia Caball.] – éin art
- Saharanthus ifniensis (Caball.) M.B.Crespo & M.D.Lledó – sørlege Marokko, Vest-Sahara og Mauritania
- stamme Aegialitideae Peng – éi slekt
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Hinnebegerfamilien» frå Wikipedia på bokmål, den 20. mai 2023.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- «Plumbaginaceae». APWEbsite. Henta 7. november 2020.
- «Plumbaginaceae». L. Watson og M.J. Dallwitz (1992–) The families of flowering plants. Henta 7. november 2020.
- «Plumbaginaceae». Henta 7. november 2020.
- M. Blamey og C. Grey-Wilson. Wild Flowers of the Mediterranean (2 utg.). London: A & C Black. s. 170–173. ISBN 0-7136-7015-0.
- M.D. Lledó, M. Erben og M.B. Crespo. «Myriolepis, a new genus segregated from Limonium (Plumbaginaceae)». Taxon 52 (1): 67–73. ISSN 0040-0262. doi:10.2307/3647438.
- F. Moharrek m.fl. «Molecular phylogenetic evidence for a wide circumscription of a characteristic Irano-Turanian element: Acantholimon (Plumbaginaceae: Limonioideae)». Botanical Journal of the Linnean Society 184 (3): 366–386. ISSN 1095-8339. doi:10.1093/botlinnean/box033.
- K. Koutroumpa m.fl. «An expanded molecular phylogeny of Plumbaginaceae, with emphasis on Limonium (sea lavenders): taxonomic implications and biogeographic considerations». Ecology and Evolution 8 (24): 12397–12424. ISSN 2045-7758. PMC 6308857. PMID 30619554. doi:10.1002/ece3.4553.
- G. Domina. «Plumbaginaceae». Euro+Med Plantbase - the information resource for Euro-Mediterranean plant diversity. Henta 7. november 2020.
Bakgrunnsstoff
endre- (no) hinnebegerfamilien hos Artsdatabanken
- (en) hinnebegerfamilien – oversikt og omtale av artane i WORMS-databasen
- (en) hinnebegerfamilien i Encyclopedia of Life
- (en) hinnebegerfamilien i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) hinnebegerfamilien hos Dyntaxa
- (en) hinnebegerfamilien hos Fossilworks
- (en) hinnebegerfamilien hos ITIS
- (en) hinnebegerfamilien hos NCBI
- (en) hinnebegerfamilien hos The International Plant Names Index
- (en) hinnebegerfamilien hos Tropicos
- (en) Kategori:Plumbaginaceae – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons