Heilo

fugleart
(Omdirigert frå Pluvialis apricaria)
Heilo
Heilo i hekkedrakt, Rohkunborri nasjonalpark, juli 2011 Foto: Bjørn Christian Tørrissen
Heilo i hekkedrakt, Rohkunborri nasjonalpark, juli 2011
Foto: Bjørn Christian Tørrissen
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: NT Nær truga[1]Utbreiinga av Heilo
Utbreiinga av Heilo
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Lofamilien Charadriidae
Slekt: Pluvialis
Art: Heilo P. apricaria
Vitskapleg namn
Pluvialis apricaria

Heilo (Pluvialis apricaria) er ein fugleart i lofamilien. Ho er ein vadefugl som hekkar på heier og tundra i nordlege Europa, inkludert Island og Fennoskandia, dessutan austover i Sibir til området sør for Tajmyrhalvøya. Dei er flyttfuglar med overvintringsområde i Storbritannia, Irland, Mellom-Europa og rundt Middelhavet.[2] Trekket sørover startar i slutten av juli og går føre seg til tidleg i oktober. Dei vaksne fuglane reiser først. Fuglane kjem attende til låglandet og kysten i sør frå slutten av mars, og til hekkeplassane er dei komne i byrjinga av mai. Spesielt i seine vårar kan flokkar av heilo halde seg på innmark i låglandet medan dei ventar på snøsmeltinga i høgareliggande strok.

Kjenneteikn endre

Heilo har ein slank kroppsfasong, rundvore hovud og lange vadeføter. Samanlikna med andre vadefuglar har ho kort nebb. Dei er mellom 150 til 200 gram tunge og rundt 27 cm lange. Vengespennet er frå 53 til 59 cm.

Fuglen har ei gulspetta overside og kvite armholer. Undersida er flekka gråbrun. Om våren og under hekketida om sommaren har han eit svart felt frå nebbet og nedover med beina, som særleg gjer hannen lett kjennbar med svart bryst og strupe som er innramma av ei kvit rand. Hoa er også mørk på undersida men ofte med mindre kontrast enn hannen.

Heiloa kan forvekslast med tundralo. Tundraloa har gråkvite flekkar på oversida og svartbrune akselfjør på undersida av vengefestet underside. Tundraloa hekkar ikkje i Noreg, men er å sjå langs kysten under trekket.

Forplanting endre

Heiloa hekkar (april-juli) helst i høgtliggande strøk på opne område i vier- og bjørkebeltet, i kyststrøk på lynghei. Reiret er eit søkk i bakken, kledt med gras. Ho legger om lag 3 egg. Båe kjønn tar del i ruginga. Egga klekkjer etter 27-30 dagar, ungane er flygeferdige etter 30-33 dagar.

Men Heluna, vene brune Fuglen
med svarte Fløyels Barm, —
kvar Gong ho fløytar paa lynggraa Tuve,
daa Vert eg i Hjarta varm.
Men Heluna, vene brune Fuglen,
som stig meg so stilt imot, —
kvar Gong ho fløytar paa lyuggraa Tuve,
det græt meg i Hjarterot.
Arne Garborg
«Fuglar» i Haugtussa.
 
Heluna er eit anna namn for heilo.

Åtferd endre

Utover hausten samlar heiloa seg i flokkar. Dei trekker so sørover for overvintring. I sommarhalvåret har ho ein kjend lokketone (fonetisk: tlyy). Ho livnærer seg på mark, insekt og biller, i tillegg til litt bær og frø.

Utbreiing i Noreg endre

Heiloa er å finna over heile Noreg og har ein bestand på om lag 130 000 par.[3] Ho hekkar over det meste av landet, men er mindre utbreidd på Austlandet og Sørlandet. Fuglen er delvis jaktbar. Sporadisk finst heilo òg på Svalbard.[4] I 2021 kom arten inn på den norske raudlista for artar i kategorien nær truga, NT.[5]

Kjelder endre

  • Fonstad, Tore; Benny Génsbøl; Morten Günther; Jens Frimer Andersen; Bjarne Bertel (2008), Aschehougs fuglebok med CD-er, Oslo: Aschehoug, ISBN 978-82-03-23569-6 
  • Peder Fiske, 1994, Artsomtale: Pluvialis apricaria – heilo, S. 176 i: Gjershaug, J. O., Thingstad, P. G., Eldøy, S. & Byrkjeland, S. (red.): Norsk fugleatlas. Norsk Ornitologisk Forening, Klæbu, henta 22. oktober 2011

Referansar endre

  1. Artsdatabanken Raudliste faktaark heilo Pluvialis apricaria (Linnaeus, 1758) Henta 20. januar 2022
  2. Fonstad et al (2008)
  3. Peder Fiske (1994) i Norsk fugleatlas
  4. Norsk Polarinstitutt, faktasider med informasjoin om utbreiing på Svalbard. Heilo. Henta 29. april 2023
  5. Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R, Stokke BG og Strøm H (2021, 24. november). Fugler: Vurdering av heilo Pluvialis apricaria for Norge. Norsk rødliste for arter 2021. Artsdatabanken. Henta 20. januar 2022

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Heilo
  • Norsk Fugleatlas, 1994.