Pyroklor er eit mineral danna som eit oksid av niob, kalsium og natrium, (Ca,Na)2Nb2O6(O,OH,F), med kubisk symmetri. Det inneheld noko thorium. Mineralet kan ha fargar som svart, sjokoladebrunt, raudbrunt, raudoransje, oransje[1] gulbrunt og gult.[3] Det kan opptre i metamikt tilstand.[4]

Pyroklor

Pyroklor frå Uganda
Generelt
KategoriOksydmineral
Kjemisk formel(Na,Ca)2Nb2O6(OH,F)
Strunz-klassifisering04.DH.15
Dana-klassifisering08.02.01.01 pyroklorgruppa
KrystallsymmetriIsometrisk 4/m 3 2/m
Einingscellea = 10.41(6) Å, Z=8
Identifikasjon
FargeSvart til brun, sjokoladebrun, raudbrun, ravoransje, raudoransje
KrystallformTypisk åttesidig, impregnert korna, massive
KrystallsystemIsometrisk - heksotahedral
Tvilling111 sjeldan
Kløyv111 utydeleg, kan vere ei deling.
BrotUndermuslig til ujamn, flisete
FastleikSprø
Mohs hardleiksskala5.0–5.5
Glansglasaktig til harpiksaktig
StrekfargeKvit
TransparensSubgjennomskineleg til ugjennomsiktig
Spesifikk vekt4.45 til 4.90
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparIsotrop, svakt avvikande anisotropisme
Brytingsindeksn = 1.9–2.2
Andre eigenskaparStundom radioaktiv, ofte metamikt
Kjelder[1][2][3]

Pyroklor vart først skildra frå Stavern av F. Wöhler i 1826,[4] etter eit funn av by N.O. Tank.[2] Det vart gjeve namnet «pyroklor» av J.J. Berzelius.[2] Namnet er sett saman av dei greske orda for 'grønt' og 'eld', og viser til fargen det vanlegvis får når det blir tent på.[1]

Mineralet finst fleire stader i Noreg, og er vanleg på syenittpegmatittar ved Larvik og Langesundsfjorden.[4] Det er også mellom anna funne på Alnö i Sverige, nær Schelingen, Kaiserstuhl i Baden-Württemberg, i Eifel i Tyskland, i Lovozerofjella på Kolahalvøya, i Narssarssuk på Grønland, i Pandaåsen nær Mbeya i Tanzania, på Roumaøya i Guinea og på Mt. Weld i nærleiken av Laverton i Vest-Australia.[1]

Ein varietet som opptrer i karbonatittar blir kalla koppitt.[4]

I den større pyroklorgruppa finn ein mellom anna òg mikrolitt (med meir tantal enn niob) og betafitt (som skal ha meir titan enn niob og tantal),[4] coulsellitt, som er kjenneteikna av mangan- og jerninnhald,[5] elsmoreitt, ralstonitt og roméitt, sistnemnde kalla opp etter Jean Baptiste Louis Romé de L'Isle, far til krystallografien og kjenneteikna av høgt antimoninnhald.[6]

Det finst ein stoffklasse av uorganiske samband med same eller liknande struktur som mineralet pyroklor.

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Pyrochlore» (PDF), Handbook of Mineralogy 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Pyrochlore Group», Mindat 
  3. 3,0 3,1 «Pyrochlore Mineral Data», Webmineral 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 «pyroklor». Store norske leksikon (på norsk). 24. januar 2023. 
  5. «Coulselite Group», Mindat 
  6. «Roméite Group», Mindat 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Pyroklor