Røyskatten

Røyskatten, Kjos-hjasen, Halvbror til Reven eller Floketjønn er ein gangar som finst i mange variantar i Telemark, Hordaland, Setesdal og Hallingdal. Slåtten er spela både som gangar og lausslått i 2/4-takt, og mykje tyder på at han har vore i bruk minst sidan 1700-talet. Hardingfeleverket har lista opp tolv variantar under gruppenummer 156. På grunn av melodisk slektskap er det naturleg å halde gruppe 125 (Eglefisken) saman med denne, slik at det i alt blir 15 variantar av slåtten. Namnet Kjos-hjasen knyt slåtten til spelemannen Jon Kjos, som levde i andre halvdel av 1700-talet, og som var første læraren til Myllarguten (Hjase er eit telemarksord for hare). Dette namnet skriv seg truleg frå Myllarguten, som heldt mykje av "kjoseslåttane". Dei formene som ber det namnet er nok etter han. Namnet Floketjønn er knytt til forma etter Håvard Gibøen. Det er ikkje utenkjeleg at Myllarguten hadde slåtten med seg vest til Hardanger på spelferdene sine og lærte han bort der.

Den mest kjende forma av slåtten er elles frå Setesdal. Røysekatten var eit tilnamn på ein stordansar frå Gol som levde på same tid som Rotneims-Knut. I spelemannsmiljø finst det ein ståande vits knytt til desse slåttenamna: ”Røyskatten, er ikkje det halvbror til reven?”

Variantgruppe 125Endra

  • b: Stubbe-Hans, etter Johan Kleven, Krødsherad. Nedskrift Truls Ørpen 1920 (Ø 107). Kleven hadde slåtten etter faren, Gamle-Kleven. Stubbe-Hans var ein meisterdansar, som støtt ville ha denne slåtten å danse etter. ”Han flaug over bord og benker og kneggja som ein hest av kjæte”. Særskild gode dansar vart og kalla opp etter han.
  • c: Eglefisken etter Engebret Ødegård, Flå. Nedskrift Truls Ørpen 1945. Ødegård hadde slåtten etter faren Knut Ødegård. Ein ”eglefisk” er ein ”eglen” (trettekjær) person.

Variantgruppe 156Endra

  • b: Halvbror til Reven etter Dreng Ose, Setesdal [2]. Nedskrift Eivind Groven 1934 (G 944). Namnet Halvbror til Reven vart nytta på eit radioprogram om folkemusikk, der ei innspeling av denne slåtten var kjenningsmelodi.
  • f: Røyskatten etter Johan Kleven [6]. Nedskrift Truls Ørpen (Ø 121). Kleven hadde slåtten etter faren Gamle-Kleven. ”Det er ein gamal kryllingslått”.
  • l:Floketjønn etter Johannes Dale, Tinn [12]. Dale hadde slåtten etter bestefaren Knut Dale, som hadde han etter Håvard Gibøen. Gibøen visste at kona hans var vond på han av di han hadde vore lenge på spelferd. Difor sette han seg ned attmed Floketjønn og spela på denne slåtten. Det var dei som høyrde dette og fekk han heim. Då kona hans Håvard fekk høyre slåtten, vart ho blid att, og sidan vart han heitande ”Floketjønn”. Halvor Vestafor skal og ha berga livet med denne slåtten, og difor er han og kalla ”frelsaren”.