Religiøse nasjonalsymbol

Religiøse nasjonalsymbol er utbreidde over heile verda, og finst på mange flagg og riksvåpen. Dei religiøse nasjonalsymbola kan vera gamle symbol som blir gjevne nasjonal tyding, eller vera valde for å symbolisera ein fleirtals- eller statsreligion. Kristne krossar og muslimsk stjerne og halvmåne er vanlege slike symbol, men det finst mange andre variantar. Nokre kristne land bruker symbol særskilt knytte til ein nasjonal vernehelgen, som den heilage Jørgen, som òg vert kalla sankt Georg.

Andre land kan velja å ha nasjonalsymbol utan ei klar religiøs tilknyting, til dømes for å framheva sekularisme eller for å fremja samhald mellom ulike religiøse samfunn. Trikolorar er utbreidde flagg utan nasjonalsymbol, sjølv om fargane kan ha religiøs symbolikk. Sosialistiske land har ofte teke i bruk sosialistiske symbol som hammar og sigd, den raude stjerna og det raude flagget i flagg og riksvåpen og heilt unngått religiøse nasjonalsymbol.

Noverande religiøse nasjonalsymbol

endre

Lista er ufullstendig

Land Symbol og brukt Døme Religion
Afghanistan Den muslimske truvedkjenninga og ein moské i flagg og riksvåpen   Islam
Brunei Halvmåne i flagg og riksvåpen     Islam
Danmark Den nordiske krossen i flagget   Kristendommen
England Georgskross i flagget   Kristendommen
Finland Den nordiske krossen i flagget   Kristendommen
Georgia Georgskross i flagget   Kristendommen
Irak «Allahu akbar» ('Gud er stor') på flagget   Islam
Island Den nordiske krossen i flagget   Kristendommen
Israel Davidstjerne i flagget, menora i riksvåpenet     Jødedommen
Jamaica Georgskross i riksvåpenet   Kristendommen
Noreg Den nordiske krossen i flagget   Kristendommen
Pakistan Stjerne og halvmåne i flagg og riksvåpen     Islam
Saudi-Arabia Den muslimske truvedkjenninga i flagget   Islam
Serbia Serbisk kross i flagg og riksvåpen     Kristendommen
Slovakia Patriarkkross i flagg og riksvåpen     Kristendommen
Skottland Andreaskross i flagget   Kristendommen
Sri Lanka Bo-blad i flagget og dharmatjakra i riksvåpenet     Buddhismen
Sverige Den nordiske krossen i flagget   Kristendommen
Sør-Korea Yin-yang i flagget og riksvåpenet     Taoismen
Tyrkia Halvmåne i flagget og riksvåpenet     Islam

Tidlegare og uoffisielle religiøse nasjonalsymbol

endre
Irland St. Patrickskross i eit tidlegare flagg, St Patrickflagget   Kristendommen