Viftestjertar
Viftestjertar er ca. 48 artar av små insektetande fuglar i Sør-Asia og Australasia. Alle høyrer til slekta Rhipidura i familien Rhipiduridae. Dei fleste av artane er rundt 15 til 18 cm i lengd, spesialiserte for å fange insekt i flukt, og alle ber fellesnamnet «viftestjert» på norsk. Gallaviftestjert, Rhipidura leucophrys, med engelsk namn 'Willie-wagtail' , er noko større enn dei andre artane, og jamvel om han er ein ekspert på fangst i lufta, tar han òg bytte på bakken slik som linerla gjer.
Viftestjertar | |
Gråviftestjert Rhipidura albiscapa | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Underorden: | Passeri |
Familie: | Rhipiduridae |
Slekt: | Viftestjertar Rhipidura Vigors & Horsfield, 1827 |
Skildring
endreViftestjertar har kort kroppslengd og lange halar, nokre artar har lengre hale enn kropp. Lengda varierer frå 11,5 til 21 cm, halen medrekna. Hos dei fleste er halen lengre enn vengen.[1] Når halefjørene ligg samla er stjerten avrunda i enden, men når fuglen spreier halefjørene får dei ei karakteristisk vifteform som gjev familien namnet 'viftestjertar'.
Viftestjertar viser ei krum, horisontal kroppshaldning mesteparten av tida, med vengene kraftlause noko ut frå kroppen og halen litt skeiv. Det finst unntak frå dette, særleg gråbrystviftestjert på Salomonøyane, som har ei meir oppreist haldning som minner om monarkar.
Vengene til viftestjertar er koniske, noko som gjer viftestjertar særs effektive i å fange insekt som byttedyr. Generelt er viftestjertar sterke flygarar, og nokre artar kan gjere lange trekk, men sotviftestjert, kvithalsviftestjert og dropleviftestjert er mykje svake flygarar, og treng gå ned på bakken regelmessig.
Nebba er typiske for fuglar som fangstar i lufta, dei er flate, breie og trekantforma. Gapet er omgjeve av to rader fjørbuster. Bustene er lange, ofte så lenge nebbet. Nebba åt dei fleste artane er ganske veike, det avgrensar dietten til mjukare insekt, sjølv om den meir bakkelevande gallaviftestjert har eit relativt sterkare nebb.
Fjørdrakta hos storparten av viftestjertar er relativt like med nokre særeigne markeringar.[1] Nokre få artar, slik som rennellviftestjert, har einsfarga fjørdrakt, medan andre har mønstre. Dei gjennomgåande fargene er grått, svart, kvitt og brunt, sjølv om nokre artar har gule eller til og med slåande blå fjører. Viftestjertar syner ingen kjønnsdimorfisme i fjørdrakt, eit oppsiktsvekkjande unntak er svartviftestjert på Ny-Guinea, der hannen har mest heildekkande svart fjørdrakt, og hoa er nesten heilt raudbrun. Hos somme artar, som til dømes maoriviftestjert på Ny-Zealand, finst det to fargevariantar, den vanlege er den svart-kvite morfen. Den sjeldne varianten, ein svart morf, førekjem mest på Sørøya.[2]
Utbreiing, trekk og habitat
endreViftestjertar er ein australasiatisk familie som har spreidd seg så langt som til Samoa i aust og til Pakistan i vest. Gråviftestjert lever så langt sør som på Snares-øyane 200 kilometer sør om New Zealand, og i den austlege delen av utbreiingsområdet har familien fleire endemiske artar i vestlege Polynesia. Det finst mange artar i Indonesia, Filippinene og i Søraust-Asia, og familien eksisterer i det sørlege Kina, India og i Himalaya. Nokre artar har ein vid distribusjon, spesielt gallaviftestjert, gråviftestjert, kvitstrupeviftestjert og gråbrystviftestjert. Andre viftestjertartar har ei særs avgrensa utbreiing og somme isolerte artar kan vere avgrensa til ei einskild øy. Matthiasviftestjert er avgrensa til ei einskild øy i Bismarckarkipelet, og kadavuviftestjert har ein tilsvarande avgrensa distribusjon i Kadavuarkipelet i Fiji.
Dei fleste viftestjertar, spesielt dei tropiske og isolerte artane, er standfuglar og gjer ikkje noko trekk. Nokre nordlege og sørlege artar gjennomfører ulike typar trekk, gulbukviftestjert er ein høgdmigrant i Himalaya, hekkar mellom 1500 og 4000 moh., men flyttar til lågare høgder, så lågt som til 180 moh. om vinteren. Nokre australske viftestjertar gjer sesongmessige trekk, men desse viser stor variasjon sjølv innanfor den einskilde arten. Dei fleste populasjonar av rustgumpviftestjert viser lite migrerande åtferd, men den søraustlege bestanden trekkjer i stort monn til nordlege Queensland og Ny-Guinea.
Viftestjertar gjer bruk av eit mangfald av habitattypar. Medan majoriteten av artane finst i regnskogane, finst det dessutan viftestjertar i utvalet av tilgjengelege habitat frå ørken og mangroveskogar til menneskepåverka habitat med jordbruk og urbane miljø. Dei fleste av artane er i stand til å klare seg i ulike typar habitat, mangroveviftestjert er mest restriktiv i habitatkrav. Habitata deira er avgrensa til mangroveskogar, jamvel om dei kan eksistere opptil tre kilometer utanfor der det manglar andre viftestjertar.[3] Nokre artar er generelt meir avgrensa til primær regnskog, men dei fleste andre artar kan overleve i meir kultivert skog. Den mest tilpassingsdyktige arten er gallaviftestjert, som er representert i alle naturtypar i Australia med unntak av tett regnskog.
Åtferd
endreÅtferda til mange artar av viftestjertar er ikkje undersøkt, men generelt har familien mykje einsarta levesett. Meir tilfeldige observasjonar av mindre studerte artar peikar mot ein høg grad av likskap med dei betre studerte artane. Viftestjertar er svært aktive fuglar, fleire av dei mindre artane er i farta utan opphald, sjølv når dei sit på greiner held dei fram med urolege rørsler fram og tilbake, snur seg 180 ° på staden, viftar med stjerten frå side til side eller foldar ut stjerten og samlar fjørene igjen. I flukt er dei særs kvikke og gjer mykje akrobatiske og intrikate flygingar.
Diett og søk etter føde
endreDet meste av dietten til viftestjertar er sett saman av små insekt og virvellause dyr. Den største viftestjerten, gallaviftestjert, er i stand til å takle små graveøgler, men dette er eineståande tilfelle. Insekt er generelt små og lette å handtere, men større byttedyr får nokre gonger slag mot greiner, ei handsaming som òg fjernar vengene av til dømes nattsvermarar.
Generelt nyttar familien to teknikkar for å ta bytte.[4] Den første er kjent som «statisk søking», der viftestjerten sit på ei grein og held utkikk etter insekt som flyg. Når insektet er nær nok gjer viftestjerten utfall mot det snappar det i lufta, flyg så tilbake til greina for å ete og ta opp att søkinga. Den andre metoden som blir brukt er kjent som «progressiv søking», der viftestjerten flyg gjennom vegetasjon på leiting etter insekt som han snappar, rørslene til viftestjerten vil òg skremme opp skjulte byttedyr som blir forfølgt og tatt. Gallaviftestjert utfører denne typen søk nede på bakken, viftar med stjerten frå side til side og gjer kjappe rørsler over bakken for å skremme opp byttedyr.
Viftestjertar kan ofte halde seg saman med andre artar for å finne bytte. Nokre artar sit på ryggen av kveg, som dei nyttar både som utkikkspunkt og fordi storfe skremmer opp insekt. Dette fenomenet har gjeve gallaviftestjert kallenamnet «Shepherd's Companion». Viftestjertar er ofte særs tillitsfulle ovanfor menneske, og vil nærme seg for å fange insekt som flyg opp rundt menneske. Ulike artar er òg ofte samla i fleirartsflokkar, der viftestjertar beitar saman med andre små insektetande fuglar.
Forplanting
endreViftestjertar er territoriale og vil forsvare territoria sine aggressivt mot andre medlemmar av same arten, og dessutan mot andre viftestjertartar og andre flugesnapparar.[1] Innanfor området vel hoa hekkeplass, desse områda er ofte i nærleiken av hekkeplassen frå tidlegare år. Kjønna gjev likeverdig innsats til reirbygging, ruging og ungefôring.
Reiret er lite, koppforma av gras fint bunden saman i edderkopptråd, det tar rundt 10 dagar å byggje. Mange artar flettar ein hengjande «hale» av reirmaterialar ned frå botnen av reiret, dei gjer lite anna for å skjule reiret. For å kompensere for at reiret er mykje synleg, har viftestjertar ei aggressiv åtferd og vil forsvare ungane sine frå potensielle åtakarar.
Hoer av viftestjertar vil òg distrahere ein potensiell predator og framstå som skadd for å lure predatoren bort frå reiret. Medan hofuglen speler skadd, vil maken halde fram med å angripe predatoren. Trass denne åtferda har viftestjertar generelt låg rate av hekkesuksess.
Artslista
endreGulbuk, Chelidorhynx hypoxantha, var tidlegare rekna som ein del av slekta Rhipidura med namnet gulbukviftestjert, men vart flytta over til kvisthopparfamilien Stenostiridae i Clementslista frå og med august 2011.[5]
Rhipidura, viftestjertar, i rekkjefølgje etter eBird/Clements Checklist v2017[6] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[7]
- Svartviftestjert, Rhipidura atra, Black Fantail, Salvadori, 1876, (LC)
- Svarthovudviftestjert, Rhipidura nigrocinnamomea, Black-and-cinnamon Fantail, Hartert, 1903, (LC)
- Blåviftestjert, Rhipidura superciliaris, Mindanao Blue-Fantail, Sharpe, 1877, (LC)
- Koboltviftestjert, Rhipidura samarensis, Visayan Blue-FantailSteere, 1890
- Tablasviftestjert, Rhipidura sauli, Tablas Fantail, Bourns and Worcester, 1894, (VU)
- Visayviftestjert, Rhipidura albiventris, Visayan Fantail, Sharpe, 1877, (LC)
- Blåhovudviftestjert, Rhipidura cyaniceps, Blue-headed Fantail, Cassin, 1855, (LC)
- Perleviftestjert, Rhipidura perlata, Spotted Fantail, Müller, 1843, (LC)
- Kanelviftestjert, Rhipidura fuscorufa, Cinnamon-tailed Fantail, Sclater, 1883, (NT)
- Salomonviftestjert, Rhipidura cockerelli, Cockerell's Fantail, Ramsay, 1879, (NT)
- Gråbrystviftestjert, Rhipidura rufiventris, Northern Fantail, Vieillot, 1818, (LC)
- Brunhetteviftestjert, Rhipidura diluta, Brown-capped Fantail, Wallace, 1864, (LC)
- Sotviftestjert, Rhipidura threnothorax, Sooty Thicket-Fantail, Müller, 1843, (LC)
- Dropleviftestjert, Rhipidura maculipectus, Black Thicket-Fantail, Gray, 1858, (LC)
- Kvithalsviftestjert, Rhipidura leucothorax, White-bellied Thicket-Fantail, Salvadori, 1874, (LC)
- Gallaviftestjert, Rhipidura leucophrys, Willie-wagtail, Latham, 1801, (LC)
- Belteviftestjert, Rhipidura javanica, Malaysian Pied-Fantail, Sparrman, 1788, (LC)
- Filippinarviftestjert, Rhipidura nigritorquis, Philippine Pied-Fantail, Vigors, 1831, (LC)
- Kvitstrupeviftestjert, Rhipidura albicollis, White-throated Fantail, Vieillot, 1818, (LC)
- Flekkbrystviftestjert, Rhipidura albogularis, Spot-breasted FantailLesson, 1841
- Rustviftestjert, Rhipidura phoenicura, Rufous-tailed Fantail, Müller, 1843, (LC)
- Kvitbukviftestjert, Rhipidura euryura, White-bellied Fantail, Müller, 1843, (LC)
- Kvitbrynviftestjert, Rhipidura aureola, White-browed Fantail, Lesson, 1830, (LC)
- Raudryggviftestjert, Rhipidura rufidorsa, Rufous-backed Fantail, Meyer, 1874, (LC)
- Todraktviftestjert, Rhipidura brachyrhyncha, Dimorphic Fantail, Schlegel, 1871, (LC)
- Bismarckviftestjert, Rhipidura dahli, Bismarck Fantail, Reichenow, 1897, (LC)
- Matthiasviftestjert, Rhipidura matthiae, Mussau Fantail, Heinroth, 1902, (NT)
- Malaitaviftestjert, Rhipidura malaitae, Malaita Fantail, Mayr, 1931, (VU)
- Sulawesiviftestjert, Rhipidura teysmanni, Rusty-bellied Fantail, Büttikofer, 1892, (LC)
- Buruviftestjert, Rhipidura superflua, Tawny-backed Fantail, Hartert, 1899, (LC)
- Seramviftestjert, Rhipidura dedemi, Streak-breasted Fantail, van Oort, 1911, (LC)
- Tanimbarviftestjert, Rhipidura opistherythra, Long-tailed Fantail, Sclater, 1883, (NT)
- Palauviftestjert, Rhipidura lepida, Palau Fantail, Hartlaub & Finsch, 1868, (LC)
- Manusviftestjert, Rhipidura semirubra, Manus Fantail, Sclater, 1877, (VU)
- Rustgumpviftestjert, Rhipidura rufifrons, Rufous Fantail, Latham, 1801, (LC)
- Arafuraviftestjert, Rhipidura dryas, Arafura Fantail, Gould, 1843, (LC)
- Pohnpeiviftestjert, Rhipidura kubaryi, Pohnpei Fantail, Finsch, 1876, (LC)
- Følgjeviftestjert, Rhipidura albolimbata, Friendly Fantail, Salvadori, 1874, (LC)
- Kastanjebukviftestjert, Rhipidura hyperythra, Chestnut-bellied Fantail, Gray, 1858, (LC)
- Brunviftestjert, Rhipidura drownei, Brown Fantail, Mayr, 1931, (LC)
- Stripeviftestjert, Rhipidura verreauxi, Streaked Fantail, Gray, 1870, (LC)
- Dunkelviftestjert, Rhipidura tenebrosa, Dusky Fantail, Ramsay, 1882, (NT)
- Rennellviftestjert, Rhipidura rennelliana, Rennell Fantail, Mayr, 1931, (LC)
- Kadavuviftestjert, Rhipidura personata, Kadavu Fantail, Ramsay, 1876, (NT)
- Samoaviftestjert, Rhipidura nebulosa, Samoan Fantail, Peale, 1848, (LC)
- Gråviftestjert, Rhipidura albiscapa, Gray Fantail, Gould, 1840, (LC)
- Mangroveviftestjert, Rhipidura phasiana, Mangrove Fantail, De Vis, 1884, (LC)
- Maoriviftestjert, Rhipidura fuliginosa, New Zealand Fantail, Sparrman, 1787, (LC)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Fantail» frå Wikipedia på engelsk, den 9. oktober 2010
- Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (august 2011), Updates & Corrections – August 2011, The Clements checklist of birds of the world: Version 6.6, Cornell Lab of Ornithology
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 Boles, W.E. (2006). Family Rhipiduridae (Fantails). Pp 200-244 in: del Hoyo, J., Elliott, A. & Christie, D.A. eds (2006) Handbook of the Birds of the World. Vol. 11. Old World Flycatchers to Old World Warblers. Lynx Edicions, Barcelona. ISBN 978-84-96553-06-4
- ↑ Craig, J. (1972) Investigation of the mechanism maintaining polymorphism in the New Zealand fantail, Rhipidura fuliginosa (Sparrman), Notornis 19(1): 42-55 [1]
- ↑ Noske, R.A. (1996) Abundance, Zonation and Foraging Ecology of Birds in Mangroves of Darwin Harbour, Northern Territory Wildlife Research 23(4): 443 - 474
- ↑ McLean I.G. (1989) Feeding behaviour of the fantail (Rhipidura fuliginosa) Notornis 36(2): 99-106 [2]
- ↑ Clements et al 2011: Ref til side 468
- ↑ Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2017), eBird/Clements Checklist v2017 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. oktober 2017
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)
Bakgrunnsstoff
endre- Videoar, bilete og lydopptak av viftestjertar hos Internet Bird Collection