Roa–Hønefosslinja

(Omdirigert frå Roa-Hønefosslinja)

Roa-Hønefosslinja eller Roa-Hønefossbanen vart frå 6. januar 2008 namnet på den jernbanestrekninga mellom Hønefoss stasjon i Ringerike kommune og Roa stasjon i Lunner kommune som vart opna i 1909. Opphavleg var denne jarnbanelinja ein del av Bergensbanen, som soleis var knytt til Gjøvikbanen på Roa stasjon, slik at Bergenstoga kunne køyre på Gjøvikbanen inn og ut av Oslo. Men frå 1989 vart det til at persontoga på Bergensbanen ordinært skulle gå på Randsfjordbanen over Hokksund og Drammen mellom Hønefoss og Oslo i staden. Roa-Hønefossbanen er difor no hovudsakleg ein bane berre for godstoga mellom Oslo og Bergen, men gjer òg si nytte som ei reserveløysing for persontoga.

Begna bru over Ådalselva (del av elva Begna) rett utanfor Hønefoss stasjon er ei 216 meter lang steinkvelvbru med ti kvelv som vart bygd for Bergensbanen på strekninga mellom Hønefoss og Roa, den noverande Roa-Hønefosslinja. Brua stod ferdig i 1909, og var i si tid den lengste steinbrua i Noreg.

Linjekart endre

Teiknforklaring
  Gjøvikbanen frå Oslo
  57,74 km Roa (1909) 313,2 moh.
    til Gjøvik
  Fv4 Randsfjordlinna
  60,71 km Kalvsjø (1932)
  Fv4 Lunnerlinna
   
  65,86 km Grindvoll (1909) 312,1 moh.
  Gunstad (1930)
  Bjellum (65 m)
  240 (ca. 10 m)
  Kvellsrud (1952)
  76,52 km Jevnaker (1909) 140,6 moh.
    Glassverkvegen (ca. 15 m)
  Bergerfoss (1930)
  Oppland
Buskerud
  80,33 km Kistefoss (1917) 144,9 moh.
  83,25 km sidespor til Viul tresliperi
  83,54 km Viul (1915) 113,9 moh.
  Fv180 Viulveien
  Hval nordre (95 m)
  Hval søndre (185 m)
  85,42 km Hval (1909) 91,6 moh.
  Fv180 Viulveien
  Bru over Randselva (55 m)
  Ringeriksbanen frå Sandvika (berre på planstadiet)
  88,20 km Hønen (1932)
  35 Hønengata (29 m)
  industrispor til Gomanbakeriet
  Begnabrua over Begna (216 m)
  35 Arnemannsveien
  Fv169 Soknedalsveien
    Randsfjordbanen frå Drammen
  89,57 km Hønefoss (1909) 96,8 moh.
    til Hen
  Bergensbanen

Bakgrunnsstoff endre