Opna hovudmenyen

Run Devil Run av Paul McCartney

Run Devil Run
Studioalbum av Paul McCartney
Utgjeve 4. oktober 1999 (Storbritannia)
5. oktober 1999 (USA)
Innspelt 1. mars – 5. mai 1999
Studio Abbey Road Studios, London
Sjanger Rock and roll, rockabilly
Lengd 40:46
Selskap Parlophone
Produsent Chris Thomas, Paul McCartney
Paul McCartney-kronologi
Rushes
(1998)
Run Devil Run Working Classical
(1999)
Singlar frå Run Devil Run
  1. «No Other Baby»
    Utgjeve: 24. oktober 1999 (Storbritannia)

Run Devil Run er det 11. studioalbumet til Paul McCartney, gjeve ut i 1999. Det inneheld hovudsakleg coverversjonar av både kjende og ukjende rock and roll-songar frå 1950-åra, i tillegg til tre originale McCartney-songar skrivne i same stil. Tittelsporet er ein av desse songane som McCartney skreiv. Det var det første prosjektet hans etter den første kona hans, Linda, døydde i 1998. McCartney følte han måtte gå attende til røtene sine og spele musikken han elska som tenåring. Den 14. desember 1999 kom McCartney attende til Cavern Club for å spele songar frå det nye albumet.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[1]
Encyclopedia of Popular Music4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[3]
Entertainment WeeklyA–[4]
The Essential Rock Diskografi7/10[5]
Q3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[6]
Robert Christgau(A−)[2]
Rolling Stone3.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svgStar empty.svg[7]

Etter kona Linda McCartney døydde i april 1998, tok Paul McCartney eit år fri for å sørgje.[8]

Musikk og tekstEndra

Albumet består av tolv coverlåtar og tre originale songar av McCartney. Av coverlåtane vart «Blue Jean Bop» skriven og spelt inn av Gene Vincent i 1956.[9] «She Said Yeah» vart blitt spelt av Larry Williams.[9] «All Shook Up», «I Got Stung» og «Party» var blitt spelt av Elvis Presley.[9] «No Other Baby» var skriven av Dickie Bishop og Bob Watson,[10] og vart opphavleg spelt inn i 1958 av skifflegruppa The Vipers[11] og gjeve ut som singel. Trass i at McCartney aldri hadde eigd songen gjorde han nok inntrykk til at McCartney spelte inn songen 30 år seinare.[9] «Lonesome Town» vart blitt spelt av Ricky Nelson.[9] «Movie Magg» vart blitt spelt inn av Carl Perkins.[9] Chuck Berry-songen «Brown Eyed Handsome Man» vart spelt inn av både han og Buddy Holly.[9] «Shake a Hand» vart skriven av Joe Morris og spelt inn av Little Richard i 1958.[11] «Coquette» var blitt spelt inn av Fats Domino. «Honey Hush» vart først spelt inn av Joe Turner, men McCartney nemnde i omslaget den meir kjende versjonen til Johnny Burnette.

Av dei originale songane er «Run Devil Run» ein song i Chuck Berry-stil.

Innspeling og strukturEndra

McCartney ønskte å arbeide med dugande og empatiske musikarar, og ringde Pink Floyd-gitaristen David Gilmour.[12] Andre gitaristar var Mick Green, klaverspelaren Pete Wingfield og Geraint Watkins, og på trommer Deep Purple-medlemmet Ian Paice og Dave Mattacks.[12] McCartney spelte bass[12] og stundom elektrisk gitar. McCartney ønskte at innspelingane skulle vere avslappa utan post-produksjon..[12] McCartney tok med ei liste over songane han ønskte å spele.[12] Den første innspelinga var ei veke[12] tidleg i mars, og nokre fleire innspelingar vart gjort i april og mai.[9]

UtgjevingEndra

Albumet kom ut 4. oktober 1999 i Storbritannia, og dagen etter i USA. Albumet nådde 12. plassen på albumlista i Storbritannia og 27. plassen i USA..[13] Tittelen Run Devil Run var inspirert av Miller's Rexall Drugs, ein hoodoo og urtemedisinbutikk i South Downtown i Atlanta.[14]

Det vart gjeve ut ei rekkje bonussplater og singlar i lag med albumet. To spesialutgåver av Run Devil Run med avgrensa bonusdiskar var tilgjengelege i enkelte butikkar. Ei spesialutgåve som berre var i sal hos Best Buy inneheld ei bonusplate med intervju. Ei liknande spesialutgåve vart berre seld på Musicland og Sam Goody, med ein EP på fire spor med originalversjonar av songar frå albumet: «Blue Jean Bop» av Gene Vincent & His Blue Caps, «Lonesome Town» av Ricky Nelson, «Coquette» av Fats Domino og «Let's Have a Party» av Wanda Jackson.

«No Other Baby» kom ut på 7" vinylsingel i Storbritannia med to songar på B-sida, «Brown Eyed Handsome Man» og songen «Fabulous», som ikkje var med på albumet. I Amerika vart «No Other Baby» gjeven ut på ein spesial jukeboks-singel, med «Try Not to Cry» på B-sida. «No Other Baby», «Brown Eyed Handsome Man» og «Fabulous» vrt gjevne ut på to forskjellige CD-singlar, ein med stereoversjonar av dei tre songanr og den andre med monoversjonar. Det vart filma ein musikkvideo for «No Other Baby», i svart-kvitt.[11]

McCartney filma ein konsert i The Cavern Club som ein del av marknadsføringa av albumet,[15] den 14. desember 1999.[16]

I Storbritannia vart òg alle femten songane på albumet, i lag med «Fabulous», gjevne ut 25. desember 1999, som ei samling på åtte 7"-singlar selde i lag i ei Run Devil Run Limited Edition Collector's Box som var utforma som ein platekasse frå 1950-åra.

InnhaldEndra

# Tittel Lengd
1. «Blue Jean Bop»   1:57
2. «She Said Yeah»   2:07
3. «All Shook Up»   2:06
4. «Run Devil Run»   2:36
5. «No Other Baby»   4:18
6. «Lonesome Town»   3:30
7. «Try Not to Cry»   2:41
8. «Movie Magg»   2:12
9. «Brown Eyed Handsome Man»   2:27
10. «What It Is»   2:23
11. «Coquette»   2:43
12. «I Got Stung»   2:40
13. «Honey Hush»   2:36
14. «Shake a Hand»   3:52
15. «Party»   2:38
16. «Fabulous»   2:16

MedverkandeEndra

Medverkande per CD-heftet.[17]

Musikarar

Produksjon

SalslisterEndra

VekeslisterEndra

Liste (1999) Plassering
Norske VG-lista[18] 12
UK Albums Chart[19] 12
Den austerrikske albumlista[20] 18
Den tyske Media Control-lista[21] 21
Den svenske albumlista[22] 23
USA Billboard 200[23] 27
Den japanske albumlista[24] 30
Den sveitsiske albumlista[25] 36
Den belgiske albumlista (Flandern)[26] 44
Den nederlandske albumlista[27] 53
Den franske SNEP-lista[28] 55

ÅrslisterEndra

Liste (1999) Plassering
UK Albums Chart[29] 117

Salstrofé og salstalEndra

Region Salstrofé Salstal
Japan (Oricon Charts) 14,870[30][31]
Storbritannia (BPI)[32] Gull 105,332[29]

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

KjelderEndra

  1. Run Devil Run av Paul McCartneyAllmusic
  2. «Robert Christgau: Album: Paul McCartney». Henta 22. mai 2018. 
  3. Larkin, Colin (2006). The Encyclopedia of Popular Music (4th edn). New York, NY: Oxford University Press. s. 1257. ISBN 0-19-531373-9. 
  4. Chris Willman (11. oktober 1999). «Run Devil Run Review». ew.com (Entertainment Weekly). Henta 25. mai 2018. 
  5. Strong, Martin C. (2006). The Essential Rock Diskografi. Edinburgh, UK: Canongate. s. 696. ISBN 978-1-84195-827-9. 
  6. «Paul McCartney Run Devil Run». Q. November 1999. s. 124. 
  7. David Wild (28. oktober 1999). «Music Reviews : Run Devil Run by Paul McCartney». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 12. februar 2008Mal:Inconsistent citations 
  8. Benitez 2010, s. 154
  9. 9,0 9,1 9,2 9,3 9,4 9,5 9,6 9,7 Carlin 2010, s. 313
  10. Jackson 2012, s. 242
  11. 11,0 11,1 11,2 Jackson 2012, s. 243
  12. 12,0 12,1 12,2 12,3 12,4 12,5 Carlin 2010, s. 312
  13. Jackson 2012, s. 291
  14. Sounes 2010, s. 496 «most of them obscure, with a couple of newly written tracks including the title song, 'Run Devil Run', inspired by a voodoo remedy Paul had picked up in Atlanta to ward off evildoers, thieves and liars.»
  15. Ingham 2009
  16. Sounes 2010, s. 496
  17. Run Devil Run (Booklet). Paul McCartney. MPL Communications / Hear Music. 1999 [2011]. 0888072321748. 
  18. «norwegiancharts.com Paul McCartney – Run Devil Run». Henta 22. mai 2018. 
  19. «Chart Stats – Paul McCartney – Run Devil Run». UK Albums Chart. Arkivert frå originalen 24. januar 2013. Henta 22. mai 2018. 
  20. «Paul McCartney – Run Devil Run – austriancharts.at». Henta 22. mai 2018. 
  21. «Album Search: Paul McCartney» (på tysk). Media Control. Henta 28. august 2011. 
  22. «swedishcharts.com Paul McCartney – Run Devil Run». Sverigetopplistan. Henta 22. mai 2018. 
  23. Allmusic – Run Devil Run > Charts & Awards > Billboard Albums
  24. ポール・マッカートニー-リリース-ORICON STYLE-ミュージック «Highest position and charting weeks of Run Devil Run by Paul McCartney» Check |url= value (hjelp). oricon.co.jp (på Japanese). Oricon Style. Henta 22. mai 2018. 
  25. «Paul McCartney – Run Devil Run – hitparade.ch». Henta 22. mai 2018. 
  26. «ultratop.be – Paul McCartney – Run Devil Run». ultratop.be/nl, Hung Medien. Ultratop. Henta 22. mai 2018. 
  27. «dutchcharts.nl Paul McCartney – Run Devil Run». dutchcharts.nl. MegaCharts. Henta 22. mai 2018. 
  28. «InfoPlate : Tous les Albums classés par Artiste > Choisir Un Artiste Dans la Liste : Paul McCartney». infodisc.fr. Arkivert frå originalen 28. desember 2010. Henta 22. mai 2018. 
  29. 29,0 29,1 «UK best albums 1999». Arkivert frå originalen 22. mai 2018. Henta 22. mai 2018. 
  30. Oricon Album Chart Book: Complete Edition 1970–2005. Roppongi, Tokyo: Oricon Entertainment. 2006. ISBN 4-87131-077-9. 
  31. «Yamachan Land (Japanese Chart Archives) – Albums Chart Daijiten – The Beatles» (på Japanese). Original Confidence. 30. desember 2007. Arkivert frå a-ビートルズ originalen Check |url= value (hjelp) 14. februar 2012. Henta 22. mai 2018. 
  32. «British album salstrofé – Paul McCartney – Run Devil Run». British Phonographic Industry.  Enter Run Devil Run in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go