Verdsmeisterskapen på ski i nordiske greiner 1984 vart arrangert 26. februar 1984 i Engelberg i Sveits, og 17. mars 1984 i Rovaniemi i Finland. På kvar av stadane vart det avvikla ei øving; i Engelberg var det skihopping for lag, medan det i Rovaniemi gjaldt lagtevling for kombinert. Verdsmeisterskapa i desse øvingane kom i stand då øvingane ikkje hadde fått plass i programmet for Vinter-OL 1984 i Sarajevo.

Laghopping i storbakkeEndra

26. februar 1984

Medalje Lag Poeng
Gull   Finland (Markku Pusenius, Pentti Kokkonen, Jari Puikkonen og Matti Nykänen) 618,3
Sølv   Aust-Tyskland (Ulf Findeisen, Matthias Buse, Klaus Ostwald og Jens Weissflog) 572,2
Bronse   Tsjekkoslovakia (Ladislav Dluhoš, Vladimír Podzimek, Jiří Parma og Pavel Ploc) 564,1
4   Austerrike (Armin Kogler, Richard Schallert, Ernst Vettori, Andreas Felder) 561,0
5   Jugoslavia (Tomaz Dolar, Miran Tepes, Vasja Bajc, Primož Ulaga) 516,6
6   Noreg (Ole Gunnar Fidjestøl, Vegard Opaas, Ole Christian Eidhammer, Per Bergerud) 516,2

Stad: Engelberg, Sveits

Kombinert lag (hopp og 3 x 10 km)Endra

17. mars 1984

Medalje Lag Poeng
Gull   Noreg (Geir Andersen, Hallstein Bøgseth og Tom Sandberg) 1189,46
Sølv   Finland (Rauno Miettinen, Jukka Ylipulli og Jouko Karjalainen) 1186,32
Bronse   Sovjetunionen (Aleksandr Prosvirnin, Aleksandr Majorov og Ildar Garifullin) 1183,54
4   Aust-Tyskland 1168,10
5   Vest-Tyskland 1129,68
6   Tsjekkoslovakia 1116,12

Stad: Rovaniemi, Finland

KjelderEndra

  • Sportsboken 1984/85