Stegl og hjul

(Omdirigert frå Stegle og hjul)

Stegl og hjul (òg skrive stegle og hjul, bokmål steile og hjul) er ei nemning på ein tortur- og avrettingsmetode. Metoden vart mest nytta i mellomalderen.

Avrettinga av den tyske seriedrapsmannen Peter Stump i 1589 viser korleis gongen var for å hamne på stegle og hjul: Fyrst vart han knipen med gloande tenger, så brekking av lemmar og tilslutt halshogging.

Som regel vart den dømde først bunden fast til eit kjerrehjul og så fekk han armar og bein knuste med ei stålforsterka klubbe.[1] Alternativt kunne ein pine den dømde med eit tungt vognhjul som vart heist opp og sleppt ned på offeret for å knuse armar og bein. Offeret – som låg fastbunde i ein forvriden og smertefull stilling på hjulet – vart deretter plassert oppå ein stegl (stolpe) til «spott og spe», for å døy ein pinefull og langsam daud.[1][2]

Ifølgje filosofen Thomas Aquinas (1225–1274) var stegle og hjul den straffa som venta i helvete for dei som hadde gjort dødssynda «hovmod».[3]

Denne avrettingsmetoden vart òg kalla radbrekking etter det tyske ordet Rad som tyder «hjul».[4] Ordet radbrekking, som altså opphavleg tyder «å knuse (knoklar) med hjul», kan i dag òg brukast i overført tyding om å «øydeleggje til det ugjenkjennelege».

Etymologi endre

Ordet stegl i «stegl og hjul» kjem av det norrøne stagl, eit ord som er i slekt med «stengel», og tyder staur eller stolpe,[5] medan hjul var sjølve tortur- og avrettingsinstrumentet. På same vis som med galgar, vart steglet ofte plassert på ein offentleg plass, utanfor byportane eller på tingstaden. Den vesle øygruppa Steilene ved Nesodden inst i Oslofjorden har ifølgje ein teori fått namn etter slike stolpar der leivningar etter forbrytarar vart opphengd.[6]

Steglemoen ved Bjørgo i Nord-Aurdal kommune — ein gammal avrettingsstad — fekk namnet sitt etter stegla som ein sette offera på, til skrekk og åtvaring for andre.[7]

Avrettinga endre

 
Etter nokre timar, når alle bein og ledd omsider var knust, vart hjulet med den dømde festa til enden av ein stegle, som så vart reist opp slik at han låg godt synleg til spott og spe. Gjerne medan den dømde enno levde.

Avhengig av kor alvorleg lovbrotet var, kunne torturen i samband med avrettinga variere frå nokre timar til fleire dagar. Bødlane som stod for avrettingane var vanlegvis spesialistar på å knuse bein og ledd, utan å drepe offeret.[3]

Stegl og hjul skjedde vanlegvis på den måten at offeret først vart fastbunde til eit tungt kjerrehjul, på det viset at armane vart fletta inn i eikene i vognhjulet, og deretter vart handledda og oklene samanbundne, slik at offeret ikkje kunne røre seg. Deretter tok bøddelen fatt på oppgåva med å knuse alle ledd, eitt etter eitt, og tok seg gjerne god tid. Det var viktig at offeret var ved medvit og kunne føle smerta, og såleis audmjuke seg sjølv med smerteskrika sine og trygling om nåde.[3]

Etter nokre timar, då alle bein og ledd omsider var knust, vart så hjulet festa til enden av eit stegl (stolpe), som så vart reist opp slik at hjula låg vassrett på stolpen med offeret godt synleg til spott og spe, helst medan offeret enno levde. Om den dømde var heldig, døydde han innan nokre timar av blodtapet. Men viss bøddelen var særs dugeleg, kunne offeret leve slik i fleire dagar, før han daude av det såkalla fettembolisyndromet (lungeødem forårsaka av feitt og beinmarg som går gjennom venene inn i høgre hjartekammer og vidare inn i lungekretsløpet).[1]

«Ursprungligen ingick det i straffet, att förbrytaren skulle ännu lefvande fästas på hjulet (ofta förblef han i detta tillstånd flera dagar vid lif)»

Rådbråkning, Nordisk Familjebok, Sverige 1916 [2]

Nokre gonger fekk offeret nåde òg fekk det såkalla «nådestøytet», anten ved at bøddelen tok slegga og slo av all kraft mot hjartet til offeret, eller med eit velretta sverdhogg rett i hjartet, slik at dette stoppa.[1] I nokre tilfelle fekk offeret knust ledd og knoklar med støyt frå eit tungt kjerrehjul som vart sleppt ned på offeret.[8]

 
Dette tresnittet frå 1500-talet syner torturinstrument frå Nürnberg i Tyskland, blant anna hjul og stegl, gapestokk og galge.

Avrettinga av grev Alv Erlingsson endre

Historikar Tore Skeie gir ei levande skildring av korleis straffa vart utført i boka si om den norske adelsmannen og greven Alv Erlingsson, som vart straffa for «sjørøveri» (plyndring av Danmarks kystbyar under krigen mellom Noreg og Danmark) og dømd til stegl og hjul i 1290, i den danske byen Helsingborg på kysten av Skåne:[3]

«På skafottet ventet bøddelen ved siden av et stort kjerrehjul som var plassert godt synlig. Etter at Alv var blitt ført opp dit og sto ved siden av hjulet, begynte seremonien. En av kongens lokale representanter sa noen ord. Noe om kongens og Guds rettferdighet og om den dømtes forbrytelser. Alvs klær ble skåret av ham, slik at han sto naken foran folkemengden. Armene ble flettet inn mellom eikene i hjulet, horisontalt ut fra kroppen. Håndleddene og anklene ble bundet fast, slik at han ikke kunne bevege seg. [...] Med en stålforsterket kølle som redskap begynte bøddelen systematisk og tålmodig å knuse leddene i Alvs kropp. Ett etter ett. Dersom Alv besvimte, ventet han til han våknet. Så brakk han neste ledd...»

Tore Skeie, Alv Erlingsson; fortellingen om en adelsmanns undergang[3]

Kroppen til Alv vart liggjande på stegl og hjul i to år før den vart teken ned og ført heim til Noreg og gravlagd.

Partert levande endre

I særs alvorlege tilfelle kunne offeret òg bli levande partert medan han var bunden fast til hjulet. Då var det om å gjere at lidinga varte lengst mogleg, og bøddelen måtte vere nøye slik at han ikkje drap offeret for tidleg. Me finn fleire døme på dette i Absalon Pedersøn Beyers Bergens Capitelbok, der presten skildrar skrekkscener frå rettarstaden Nordnes i Bergen. I juni 1615 vart ein forbrytar ved namn Niels Hemmingsøn lagt på stegl og hjul og partert levande. 16. april 1632 vart ein annan mann, ved namn Henrik, lagd på hjul og partert levande for å ha drepe fem menneske.[9]

 
Handkolorert trykk som syner grevane Johann Friedrich Struensee og Enevold Brandt som vart avretta ved halshogging, og deretter parterte og lagt på stegl og hjul den 28. april 1772 som straff for majestetsfornærming. Dei parterte lika hang i nokre år framover, til berre knoklane var att.

Skam endre

Sjølve opphenginga, steglinga, var ei skamstraff som skulle audmjuke den dømde offentleg og sverte ettermælet hans. Saman med den ekstreme torturen skulle dette òg verke avskrekkande på andre og dermed forhindre nye lovbrot. Stegl og hjul vart brukt som straff ved landevegsrøveri,[10] mord, brutale ran og andre alvorlege lovbrot.[11]

Audmjuking endre

Avrettinga kunne finna stad før opphenginga på stegl og hjul, slik at opphenginga vart ei offentleg audmjuking.

Johann Friedrich Struensee og Enevold Brandt vart den 28. april 1772 avretta ved halshogging i København. Kroppane vart deretter parterte og lagt på stegl og hjul, medan hovuda og hendene vart sett på ein stake. Der vart dei hengande i nokre år framover, til berre knoklane var att.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Torgrim Sørnes. «Radbrekking». www.Ondskap.org. Henta 2. juli 2012. 
  2. 2,0 2,1 Oppslagsordet «Rådbråkning» i Nordisk familjebok (frå 1916, på svensk)
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 Tore Skeie (2009). Alv Erlingsson; fortellingen om en adelsmanns undergang. Oslo: Spartacus. s. 13-16. ISBN 9788243004788. 
  4. Oppslagsordet «Radbrække» i Ordbog over det danske sprog 1700-1950 (på dansk)
  5. Oppslagsordet «Stejle» i Ordbog over det danske sprog 1700-1950 (på dansk)
  6. Artikkelen «Steilene» i Store norske leksikon
  7. Jahn Bøhre Jahnsen (2002). Sagn i Valdres – Helgener og haugafolk, troll og tjuver. Oslo: Topografisk forlag. s. 161. ISBN 8279810218. 
  8. Nils Johan Stoa (2008). I hine hårde dage; gamle norske kriminalhistorier. Oslo: Cappelen. ISBN 8202282810. 
  9. Ørnulf Hodne (2000). Mystiske steder i Norge. Oslo: Cappelen. s. 125-126. ISBN 8202195853. 
  10. Torgrim Sørnes. «Steile og hjul». www.Ondskap.org. Henta 2. juli 2012. 
  11. Oppslagsordet «hjul - jus» i Store norske leksikon

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Stegl og hjul