Kristiansand

by i Agder
(Omdirigert frå Tettstaden Kristiansand)

Kristiansand er ein by og administrasjonssenter i Kristiansand kommune i Agder med 66 576 innbyggjarar per 1. januar 2023. Byen er sete for fylkesadministrasjonen i Agder fylkeskommune.

Kristiansand
stad
Utsyn over Kristiansand frå Dueknippen.
Land  Noreg
Fylke Agder
Kommune Kristiansand
Areal 24,91 km²
Folketal 66 576  (2023)
Folketettleik 2 673 / km²
Innbyggjarnamn kristiansandar
Preposisjon i Kristiansand
Kart
Kristiansand
58°08′48″N 7°59′44″E / 58.14671°N 7.9956°E / 58.14671; 7.9956
Wikimedia Commons: Kristiansand (city)

Kristiansand er kjent som ein sommar- og ferieby. I tillegg til varmt sørlandsklima og eit triveleg bysentrum har byen fleire populære trekkplaster. Kristiansand Dyrepark, med leikeland og Kardemomme by, trekker til seg mange vitjande barnefamiliar. Den årlege Quart-festivalen gjer at også mykje ungdom kjem til byen.

I Kristiansand ligg Universitetet i Agder og på Kjevik ligg Luftforsvarets befalsskole. Byen har også ei rekke vidaregåande skolar og ein maritim skole.

I Kristiansand kjem avisa Fædrelandsvennen ut dagleg.

Historie endre

Byen vart grunnlagt av og kalla opp etter den dansk-norske kongen Christian IV i 1641. Sidan byen vart bygd på ein sandbanke, fekk han namnet Christianssand. I 1682 flytta kongen bispesetet hit frå Stavanger og kalla bispedømet for Kristiansand stift.

Den siste store bybrannen skjedde i 1892 og mange trehus brann ned. Denne delen av byen vart reist opp att i mur. Den eldste delen av byen er kalla Kvadraturen og har hatt same dei gatelinjene fram til i dag.

Busetnaden som har vakse ut over bykjernen består i hovudsak av bustadområde. Vest for sentrum er Tinnheia og Hellemyr, og i aust er områda Gimlekollen, Lund, Kongsgård, Randesund og Tveit. I sørvest er bydelane Flekkerøy, Vågsbygd og Slettheia.

Samferdsel endre

Kristiansand er eit regionalt knutepunkt for transport og kommunikasjon, med samband både innan- og utanlands. Byen er norsk ende- og startpunkt for E 18, E 39 og riksveg 9 gjennom Setesdal. Byen har jernbanesamband til Stavanger og Oslo via Sørlandsbanen. Kristiansand Havn er ei av Noregs største hamner og har hurtigbåt- og ferjesamband til Hirtshals. Kristiansand lufthamn, Kjevik ligg 16 kilometer nordaust for byen og har direkte samband med Oslo, Stavanger, Bergen, København, London, Aberdeen og Amsterdam.

Vennskapsbyar endre

I Norden endre

I andre land endre

Sjå òg endre

Kjelder endre

«Kristiansand» av Geir Thorsnæs / Kunnskapsforlagets papirleksikon i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff endre