Kongeterne

fugleart
(Omdirigert frå Thalasseus maximus)
Kongeterne
Kongeterne i hekkedrakt Foto: Dick Daniels
Kongeterne i hekkedrakt
Foto: Dick Daniels
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Kongeterne
Utbreiinga av Kongeterne
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Underorden: Lari
Familie: Måsefamilien Laridae
Slekt: Thalasseus
Art: Kongeterne T. maximus
Vitskapleg namn
Thalasseus maximus

Kongeterne (Thalasseus maximus) er ei stor terne og ein sjøfugl måsefamilien Laridae. Ho er sterkt knytt til kystar og er utbreidd langs vestkysten av Afrika, og langs austkysten og vestkysten av Amerika, men avgrensa til tropisk og subtropisk klima.

Skildring endre

 
Kongeterne i fjørdrakt utanom hekkesesongen
Foto: Nicholas Atamas

Dette er ei stor terne, berre rovterna er større. Kongeterna har eit kraftig oransjeraudt nebb, bleik grå overside og elles kvit fjørdrakt, men svart hette som dels blir kvit på framhovudet om vinteren. Hetta hos vaksne i hekkedrakt endar i ein brusande svart nakketopp. Juvenile kongeterner har kontrastrike mørke teikningar på vengene og noko svakare oransje i farga på nebbet. Ei vaksen kongeterne har eit gjennomsnittleg vengespenn på 130 centimeter, likt for begge kjønn, kroppslengda varierer i området 45-51 cm og kroppsvekta kan vere opp mot 0,5 kilogram, men gjennomsnittleg ca. 400 g.

Kongeterna er ein kystfugl, og finst berre nær saltvatn. Ho har ein tendens til å beite nær kysten, stranda eller inn i bukter. Hekkeområdet på den amerikanske atlanterhavskysten strekkjer seg nord til staten Virginia, tidvis nordover til Maryland i USA. Sør for Virginia kan ho treffast året rundt, og utbreiinga strekkjer seg sør og aust til Texas, og via Karibia til atlanterhavskysten av Sør-Amerika sør til Argentina. Men nordlege og austleg kystar av Brasil er berre overvintringsområde. Eit anna overvintringsområde er den karibiske kysten av Mellom-Amerika. På stillehavskysten har kongeterna hekkeområde frå den amerikanske delstaten California til Baja California Sur og Californiabukta i Mexico, dei overvintrar sørover langs stillehavskysten frå Mexico til og med Peru. I Afrika hekkar kongeterner frå kysten av Mauritania sør til Guinea, unntaksvis og usikkert vidare sør og aust. Dei har i tillegg overvintringsområde langs kysten frå Marokko sørover til Namibia.[1] Kongeterna opptrer vanlegvis ikkje i Europa sjølv om det finst sporadiske observasjonar i Spania og Gibraltar. Ho har òg vore observert i Vest-Europa, dette er trudd å vere streiffuglar frå Nord-Amerika.[2]

Kongeterner beitar vanlegvis ved elvemunningar, mangrovar, og laguner. Sjeldnare over opent hav, og då typisk innanfor ca. 100 meter frå land. Berre i særs sjeldne tilfelle søker dei føde innover i breie elver. Men dei kan flyge ut frå hekkekolonien opptil 40 kilometer langs land for å hente føda. Oftast flyg dei i høgder under 10 meter og stupdukkar. Vanlegvis beitar dei einslege, nokre gonger i små grupper. Småfisk er den viktigaste matkjelda, men dei et òg blekksprut, reker og krabbar.[1]

Kongeterner hekkar på øystrender eller andre isolerte strender med avgrensa tilkomst. Vanlegvis er kullet på berre eitt egg, to egg i opptil 10 % av tilfella. Rugetida er frå 25 til 31 dagar. Når ungane er ein månad gamle når dei blir flygedyktige og dei får omsut frå foreldra i opptil 8 månader. Kongeterner blir er kjønnsmodne typisk etter 4 år og har ein levealder på opptil 17 år eller høgare.

Storleiken på populasjonen er trudd å ligge på nokre titals tusen par, han er globalt sett stabil, men minkande i California.[1]

 
Kongeterne-egg

Kjelder endre

Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 Gochfeld, M. & Burger, J. (2016) Royal Tern (Thalasseus maximus) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 13. november 2016
  2. Svensson, Lars et al (2011). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 9788205418820.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Kongeterne