Through the Looking Glass av Siouxsie and the Banshees
Through the Looking Glass Studioalbum av Siouxsie and the Banshees | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 2. mars 1987 | |
Innspelt | August–September 1986 | |
Studio | Abbey Road, London | |
Sjanger | ||
Lengd | 43:54 | |
Selskap | ||
Produsent |
| |
Siouxsie and the Banshees-kronologi | ||
---|---|---|
Tinderbox (1986) |
Through the Looking Glass | Peepshow (1988) |
Singlar frå Through the Looking Glass | ||
|
Through the Looking Glass er det åttande studioalbumet til det engelske rockebandet Siouxsie and the Banshees. Albumet er ei samling av coverversjonar. Det vart samprodusert med Mike Hedges og kom ut i mars 1987 på Polydor. Singelen «This Wheel's on Fire» kom ut før albumet. Det var det andre og siste albumet spelt inn med gitaristen John Valentine Carruthers. Somme av coversongane deira vart roste av originalartistane sjølve.
Historie Endra
Tittelen på plata, Through the Looking Glass, syner til Lewis Carroll-boka med same namn. Bandet hadde alt vore inspirert av verka til Carroll då dei gav namn til selskapet sitt, Wonderland, som kom frå Alice's Adventures in Wonderland.[1] Plate var òg ei hyllest til David Bowie-plata Pin Ups, eit coveralbum han spelte inn tidleg i 1970-åra. Etter å ha brukt meir enn eitt år på å spele inn Tinderbox i 1986, ønskte The Banshees spontanitet, og drog raskt attende i studio etter turneen, for å spele inn sitt eige coveralbum. Det var eit prosjekt dei hadde vurdert sidan dei spelte inn ein versjon av The Beatles-songen «Dear Prudence» i 1983.
Innspelinga for Looking Glass fann stad i september og oktober 1986 og dei valde ut materiale som hovudsakleg kom frå første halvdel av 1970-åra, frå ei tid før bandet vart skipa i 1976. Dei fleste songane var frå artistar som hadde inspirert dei: Roxy Music, John Cale, Iggy Pop, The Doors og Kraftwerk. Produsenten Mike Hedges, som ikkje hadde arbeidd med gruppa sidan 1984, vart henta attende. Instrumenteringa var annleis og dei henta inn mellom anna blåsarar og ein harpespelar. Musikaren Martin McCarrick, som sidan vart offisielt medlem av Banshees etter dette albumet, laga strykearrangement for fleire av spora.
Pete Thoms og Luke Tunney spelte blåsarar på bandversjonen av Iggy Pop-songen «The Passenger». Dei hadde alt arbeidd med Siouxsie og Budgie på The Creatures-singelen «Right Now».
Utgjeving Endra
Through the Looking Glass kom ut 2. mars 1987 på Polydor. Eit par veker seinare kontakta Bowie og inviterte dei med som gjester på to konsertar på Glass Spider-turneen hans i Anaheim.[2]
Albumet kom ut på CD med to bonusspor i oktober 2014.[3]
I august 2018 kom albumet ut på 180-grams vinyl med ommastra lyd.[4]
Mottaking Endra
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [5] |
LA Times | særs positiv[6] |
Ralf Hütter i Kraftwerk hylla versjonen deira av «Hall of Mirrors» og sa «Generelt reknar me coverversjonar som ei verdsetjing av arbeidet vårt. Versjonen av 'Hall of Mirrors' av Siouxsie and the Banshees er ekstraordinær».[7] Iggy Pop hylla òg versjonen deira av «The Passenger» og sa: «Han er bra. Ho syng bra og ho tok med ein liten note der når ho syng han som eg hadde ønskt eg hadde tenkt på. Det gjer songen betre på eit vis. Blåsarane er òg bra».[8]
LA Times roste albumet då det kom ut og skreiv: «Songane har supre arrangement, og har akkurat nok av det som var spesielt med originalane og legg til akkurat dei rette vriane.» Kritikaren Terry Atkinson skreiv om versjonen deira av «Strange Fruit»: «Berre nokon så freidig som Siouxsie Sioux ville ha spelt inn Lewis Allan sin 'Strange Fruit', ein song så sterkt identifisert med Billie Holiday. Og berre nokon så seriøse og sensitive kunne ha klart det på denne måten. Ein roleg strykeseksjon bak vokalen - og best av alt - eit mellomspel med New Orleans-aktig gravferdsmarsj-jazz forsterkar den stemningsskapande tolkinga til Siouxsie». Atkinson konkluderte «slike nyskapande grep gjennomsyrer dette flotte albumet».[6] Sounds hylla tolkinga av «Trust in Me» som «ganske forbløffande. Ein gong var det om ein pyton som skulle til å ta livet av ein gut, men no er det ein harpe-basert voggesang med ofseleg, kvervlande erotikk».[9] Mojo valde versjonen deira av «Strange Fruit» ut for ein CD i 2007 kalla Music Is Love: 15 Tracks That Changed the World Recovered By....[10] Ei seinare melding på AllMusic hylla albumet og sa: «Den inspirerte rekkjevidda av coverversjonar strekkjer seg frå glam-tida (Roxy Music sin 'Sea Breezes', John Cale sin 'Gun') til den sorgtunge standardsongen til Billie Holiday med 'Strange Fruit' til, i eit av dei beste forsøka på dette (og eit år før Stay Awak-prosjektet til Hal Willner) med ein Disney-klassikar kalla 'Trust in Me' frå The Jungle Book».[5]
Innhald Endra
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Original artist | Lengd |
---|---|---|---|---|
1. | «This Town Ain't Big Enough for the Both of Us» | Ron Mael | Sparks | 3:09 |
2. | «Hall of Mirrors» | Ralf Hütter, Florian Schneider, Emil Schult | Kraftwerk | 5:03 |
3. | «Trust in Me» | Sherman Brothers | Kaa (røyst av Sterling Holloway) i The Jungle Book | 4:06 |
4. | «This Wheel's on Fire» | Rick Danko, Bob Dylan | Bob Dylan & The Band | 5:17 |
5. | «Strange Fruit» | Lewis Allan | Billie Holiday | 3:53 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Original artist | Lengd |
---|---|---|---|---|
6. | «You're Lost Little Girl» | John Densmore, Robbie Krieger, Ray Manzarek, Jim Morrison | The Doors | 2:57 |
7. | «The Passenger» | Iggy Pop, Ricky Gardiner | Iggy Pop | 5:10 |
8. | «Gun» | John Cale | John Cale | 5:06 |
9. | «Sea Breezes» | Bryan Ferry | Roxy Music | 4:15 |
10. | «Little Johnny Jewel» | Tom Verlaine | Television | 4:56 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Original artist | Lengd |
---|---|---|---|---|
2. | Namnlaus (singel) | |||
11. | «She Cracked» | Jonathan Richman | The Modern Lovers | 3:07 |
12. | «Song from the Edge of the World» | Siouxsie and the Banshees | 3:45 | |
13. | «This Wheel's on Fire» (Incendiary Mix) | 7:27 | ||
14. | «The Passenger» (Locomotion Mix) | 8:05 |
Medverkande Endra
- Siouxsie Sioux - vokal
- Steven Severin - elektrisk bass og klaverinstrument
- Budgie - trommer og perkusjon
- John Valentine Carruthers - gitar og klaverinstrument
- Andre medverkande
- Martin McCarrick - cello, klaverinstrument, strykearrangement
- Jocelyn Pook - bratsj
- Gini Ball - fiolin
- Pete Thoms - trombone
- Luke Tunney - trompet
- Martin Dobson - saksofon
- Julie Aliss - harpe
- Mike Hedges - produsent, lydteknikar
Salslister Endra
Kjelder Endra
|