Tornsmettar
Tornsmettar, vitskapleg namn Acanthizidae, er ein biologisk familie av sporvefuglar i Australasia som inkluderer mellom anna gerygonar, musesmettar og krattsmettar. Tornsmettfamilien samlar små til middels store sporvefuglar med ei total lengd varierande mellom 8 og 19 cm. Dei har korte avrunda venger, tynnt nebb, lange bein og ein kort stjert. Dei fleste artane har olivenfarga, grå, eller brun fjørdrakt, sjølv om nokre har flekker av lysare gult. Den minste arten, og faktisk den minste av alle australske sporvefuglar, er stumpnebb. Den største arten i familien er losfugl .
Tornsmettar | |
Bruntornsmett, Acanthiza pusilla Foto: Flickr-brukar Patrick_K59
| |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Underorden: | Passeri |
Familie: | Tornsmettar Acanthizidae Sundevall, 1872 |
Skildring
endreTornsmettfamilien er utbreidd i Australia, Indonesia, New Zealand, og i sørvestre Stillehavet. Dei fleste artane finst i Australia og på Ny-Guinea, Australia har 35 endemiske artar og Ny-Guinea har 15. Vanuatu, Ny-Caledonia og Salomonøyane har kvar ein einskild art, og tre artar finst i New Zealand regionen, medrekna endemisk artar på Chatham Islands og Norfolk Island. I Asia er to artar avgrensa til Indonesia og ein annan er funnen i Filippinene og på fastlandet . Dei fleste artane er ikkje trekkfuglar, med unntak av Gerygone-artane. Familien har ei rekkje habitat frå regnskog til tørre ørkenar.
Dei fleste artane er bakkelevande, beitar hovudsakleg på insekt, men òg litt frø. Særleg artar av kvitmasker, slekta Aphelocephala, konsumerer store mengder frø, og andre artar vil ta frukter. Somme artar føretrekk sekreta av plantesaftsugande insekt, dessutan insekta sjølve. Nokre artar er mindre knytt til liv på bakken, slik som stumpnebb, som beitar i tretoppane, og hòlefugl. Uvanleg for så små fuglar legg dei berre eit eller to egg i kvart kull, moglegvis fordi dei har relativt lang levetid, der mange artar som lever til over ti år i naturen.[1]
Verdas naturvernunion, IUCN, vurderer dei fleste taksa i familien som lite sårbare. Unntaka, norfolkgerygone, Gerygone modesta[2] og beltekvitmaske, Aphelocephala pectoralis reknast som nær trua.[3] Ein art, lordhowegerygone, Gerygone insularis, vart utrydda av rottepredasjon på byrjinga av 1930-talet.
Artslista
endreTornsmettar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[4] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[5]
Slekt Pachycare
- Dvergplystrar, Pachycare flavogriseum, Goldenface, LC, Meyer, 1874
Slekt Pycnoptilus
- Losfugl, Pycnoptilus floccosus, Pilotbird, LC, Gould, 1851
Slekt Origma
- Hòlefugl, Origma solitaria, Rockwarbler, LC, Lewin, 1808
Slekt Oreoscopus
- Bregnekrattsmett, Oreoscopus gutturalis, Fernwren, LC, De Vis, 1889
Slekt Crateroscelis
- Kanelmusesmett, Crateroscelis murina, Rusty Mouse-Warbler, LC, Sclater, 1858
- Kastanjemusesmett, Crateroscelis nigrorufa, Bicolored Mouse-Warbler, LC, Salvadori, 1894
- Fjellmusesmett, Crateroscelis robusta, Mountain Mouse-Warbler, LC, De Vis, 1898
Slekt Sericornis
- Gulstrupekrattsmett, Sericornis citreogularis, Yellow-throated Scrubwren, LC, Gould, 1838
- Kvitbrynkrattsmett, Sericornis frontalis, White-browed Scrubwren, LC, Vigors & Horsfield, 1827
- Tasmankrattsmett, Sericornis humilis, Tasmanian Scrubwren, LC, Gould, 1838
- Athertonkrattsmett, Sericornis keri, Atherton Scrubwren, LC, Mathews, 1920
- Brillekrattsmett, Sericornis beccarii, Tropical Scrubwren, LC, Salvadori, 1874
- Iriankrattsmett, Sericornis virgatus, Perplexing Scrubwren, LC, Reichenow, 1915
- Umbrakrattsmett, Sericornis nouhuysi, Large Scrubwren, LC, van Oort, 1909
- Langnebbkrattsmett, Sericornis magnirostra, Large-billed Scrubwren, LC, Gould, 1838
- Vogelkopkrattsmett, Sericornis rufescens, Vogelkop Scrubwren, LC, Salvadori, 1876
- Rustmaskekrattsmett, Sericornis perspicillatus, Buff-faced Scrubwren, LC, Salvadori, 1896
- Bergkrattsmett, Sericornis papuensis, Papuan Scrubwren, LC, De Vis, 1894
- Olivenkrattsmett, Sericornis arfakianus, Gray-green Scrubwren, LC, Salvadori, 1876
- Bleiknebbkrattsmett, Sericornis spilodera, Pale-billed Scrubwren, LC, Gray, 1859
Slekt Acanthornis
- Klatrekrattsmett, Acanthornis magna, Scrubtit, LC, Gould, 1855
Slekt Pyrrholaemus
- Raudstrupekrattsmett, Pyrrholaemus brunneus, Redthroat, LC, Gould, 1841
- Flekkrattsmett, Pyrrholaemus sagittatus, Speckled Warbler, LC, Latham, 1801
Slekt Calamanthus
- Rustkrattsmett, Calamanthus campestris, Rufous Fieldwren, LC, Gould, 1841
- Stripekrattsmett, Calamanthus fuliginosus, Striated Fieldwren, LC, Vigors & Horsfield, 1827
Slekt Hylacola
- Kastanjegumpkrattsmett, Hylacola pyrrhopygia, Chestnut-rumped Heathwren, LC, Vigors & Horsfield, 1827
- Malleekrattsmett, Hylacola cauta, Shy Heathwren, LC, Gould, 1843
Slekt Acanthiza
- Papuatornsmett, Acanthiza murina, Papuan Thornbill, LC, De Vis, 1897
- Okergumptornsmett, Acanthiza reguloides, Buff-rumped Thornbill, LC, Vigors & Horsfield, 1827
- Vesttornsmett, Acanthiza inornata, Western Thornbill, LC, Gould, 1841
- Alvetornsmett, Acanthiza iredalei, Slender-billed Thornbill, LC, Mathews, 1911
- Bergtornsmett, Acanthiza katherina, Mountain Thornbill, LC, De Vis, 1905
- Bruntornsmett, Acanthiza pusilla, Brown Thornbill, LC, White, 1790
- Tasmantornsmett, Acanthiza ewingii, Tasmanian Thornbill, LC, Gould, 1844
- Krattornsmett, Acanthiza apicalis, Inland Thornbill, LC, Gould, 1847
- Gulgumptornsmett, Acanthiza chrysorrhoa, Yellow-rumped Thornbill, LC, Quoy & Gaimard, 1830
- Kastanjegumptornsmett, Acanthiza uropygialis, Chestnut-rumped Thornbill, LC, Gould, 1838
- Mulgatornsmett, Acanthiza robustirostris, Slaty-backed Thornbill, LC, Milligan, 1903
- Gultornsmett, Acanthiza nana, Yellow Thornbill, LC, Vigors & Horsfield, 1827
- Stripetornsmett, Acanthiza lineata, Striated Thornbill, LC, Gould, 1838
Slekt Smicrornis
- Stumpnebb, Smicrornis brevirostris, Weebill, LC, Gould, 1838
Slekt Gerygone, 19 gerygonar
Slekt Aphelocephala
- Silkekvitmaske, Aphelocephala leucopsis, Southern Whiteface, LC, Gould, 1841
- Beltekvitmaske, Aphelocephala pectoralis, Chestnut-breasted Whiteface, NT, Gould, 1871
- Ringkvitmaske, Aphelocephala nigricincta, Banded Whiteface, LC, North, 1895
Kjelder
endre- Denne artikkelen byggjer på «Acanthizidae» frå Wikipedia på engelsk, den 17. januar 2011. Artikkelen gav følgjande referansar:
- Christidis, L., and W.E. Boles. 1994. The taxonomy and species of Birds of Australia and its territories. R.A.O.U. Monograph 2: 1-112.
- Del Hoyo, J.; Elliot, A.; Christie D., red. (2007). Picathartes to tits and chickadees. Handbook of the Birds of the World. Band 12. Barcelona: Lynx edicions. ISBN 978-84-96553-42-2.
- Mason, Ian J. & Schodde, Richard. 1999. The Directory of Australian Birds: Passerines. ISBN 978-0-643-06456-0
- Sibley, C.G., and J.E. Ahlquist. 1990. Phylogeny and Classification of Birds: A Study in Molecular Evolution. Yale Univ. Press, New Haven, CT. ISBN 978-0-300-04085-2
Referansar
endre- ↑ Garnett, Stephen (1991). Forshaw, Joseph, red. Encyclopaedia of Animals: Birds. London: Merehurst Press. s. 197. ISBN 1-85391-186-0.
- ↑ BirdLife International (2014) Species factsheet: Gerygone modesta. Henta frå http://www.birdlife.org den 18. oktober 2014
- ↑ BirdLife International (2014) Species factsheet: Aphelocephala pectoralis Arkivert 2015-09-24 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org den 18. oktober 2014
- ↑ Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2013), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 10. august 2014
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
Bakgrunnsstoff
endre- Videoar, bilete og lydopptak av tornsmettar hos Internet Bird Collection