Un jour, un enfant

«Un jour, un enfant»
Song av Frida Boccara

Land Frankrike
Språk Fransk
Utgjeve 1969
Sjanger Chanson, ballade
Lengd 02:30
Selskap Philips[1]
Komponist emil Stern
Tekstforfattar Eddy Marnay
Låtskrivar(ar) Emil Stern og Eddy Marnay

«Un jour, un enfant» (norsk omsetjing ‘ein dag, eit barn’) er ein fransk chansonballade som vann Eurovision Song Contest 1969 for Frankrike. Songen blei framført av Frida Boccara og er komponert av Emil Stern og Eddy Marnay. Dette var den fjerde sigeren til Frankrike i konkurransen, men «Un jour, un enfant» delte sigeren med tre andre land, sidan det ikkje var noko reglar som hindra ei deling av sigeren.[2]

Eurovision Song Contest

endre

«Un jour, un enfant» blei internt vald av den franske kringkastaren ORTF til å representere Frankrike i Eurovision Song Contest i Madrid laurdag 29. mars.

I Madrid var «Un jour, un enfant» det 14. bidraget ut på scena av 16 bidrag. I avrøystinga fekk han 18 poeng – like mange som Spanias «Vivo cantando» med Salomé, Storbritannias «Boom Bang-a-Bang» med Lulu og Nederlands «De troubadour» med Lenny Kuhr, men det var ingen reglar som sa at det berre skulle vere ein vinnar. Dimed blei alle dei fire landa erklærte som vinnarar, for fyrste – og einaste – gong i historia. Året etter blei reglane endra, slik at det berre kan vere eitt land som vinn Eurovision Song Contest. «Un jour, un enfant» fekk ingen poeng frå den norske jurygruppa. I kvar jurygruppe sat ti personar som kvar hadde eitt poeng å fordele til sin favorittmelodi.[3]

Dette var ikkje siste gong Frankrike kom på ein delt fyrsteplass i Eurovision Song Contest. I 1991 fekk det franske bidraget, «C'est le dernier qui a parlé qui a raison», like mange poeng som Carola og «Fångad av en stormvind» frå Sverige. På den tida hadde EBU innført reglar for å kåre éin vinnar, og Sverige vann fordi dei hadde fått fleire toppoeng enn Frankrike.[4]

Om songen

endre

«Un jour, un enfant» er ein klassisk fransk chanson. I teksten syng Boccara om verdas under, sett gjennom auga til eit barn.

Boccara spelte inn songen på fem språk: fransk, engelsk («Through the Eyes of a Child»), tysk («Es schlägt ein Herz für dich»), spansk («Un día, un niño») og italiensk («Canzone di un amore perduto»).[5]

«Un jour, un enfant» fekk begrensa kommersiell suksess og kom ikkje inn på VG-lista. I heimlandet Frankrike nådde «Un jour, un enfant» berre nummer 35 på singellista.[6]

Listeplasseringar

endre
Liste (1969) Høgaste
plassering
  Frankrike (IFOP)[6] 35
  Spania (SER)[7] 17

Kjelder

endre
  1. «Frida Boccara ‎– Un Jour, Un Enfant». discogs.com. Henta 9. februar 2017. 
  2. «Eurovision Song Contest 1969». eurovision.tv. Henta 9. februar 2017. 
  3. «Eurovision Song Contest 1969 – Scoreboard». eurovision.tv. Henta 9. februar 2017. 
  4. «Eurovision Song Contest 1991». eurovision.tv. Henta 9. februar 2017. 
  5. «Frida Boccara ‎– Through The Eyes Of A Child (Un Jour, Un Enfant) / So Fair (Belle Du Luxembourg)». discogs.com. Henta 9. februar 2017. 
  6. 6,0 6,1 «Tout les Titres par Artiste – B» (på fransk). Infodisc.fr. Arkivert frå originalen 8. august 2012. Henta 9. februar 2017.  «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 14. januar 2016. Henta 9. februar 2017.  Velg Frida BOCCARA fra rullemenyen og trykk OK.
  7. «viernes, 12 de febrero de 2010». Listas de superventas. 12. februar 2010. Arkivert frå originalen 26. februar 2017. Henta 26. februar 2017.