Ein virussjukdom (eller virusinfeksjon) oppstår når patogene virus trengjer inn i kroppen til ein organisme. Denne artikkelen drøfter virusa med størst klinisk relevans.[1] Ei rekkje virus kan føre til infeksjonssjukdommar.[2]

Ebola er ein alvorleg virusinfeksjon som skuldast ebolavirus

Strukturelle kjenneteikn

endre

Grunnleggande strukturelle kjenneteikn som genomtype, forma på virionet og replikasjonsområde plar å vere nokså like blant virusartar i same familie. Det finst 21 virusfamiliar som er kjend for å valde sjukdom hjå menneske.

Det finst fem dobbelttråda DNA-familiar: tre av desse er membranlause (adenovirus, papillomavirus og polyomavirus), medan to av dei har ein ytre virusmembran (herpesvirus og poxvirus). Dei tre som er membranlause har ikosahedrale nukleokapsidar.

Det finst éin familie med delvis dobbelttråda DNA-virus kjend som hepnavirus. Desse virusa har ein ytre virusmembran.

Det finst éin familie med enkelttråda DNA-virus kjend som parvovirus. Desse virusa er membranlause.

Det finst sju positive enkelttråda RNA-familiar: tre av desse er membranlause (astrovirus, calicivirus og picornavirus), medan fire av dei har ein ytre virusmembran (coronavirus, flavivirus, retrovirus og togavirus). Dei tre som er membranlause har ikosahedrale nukleokapsidar.

Det finst seks negative enkelttråda RNA-familiar: arenavirus, bunyavirus, filovirus, influensavirus, paramyxovirus og rhabdovirus. Alle desse har virusmembran og spiralforma (heliske) nukleokapsidar.

Det finst éin familie med dobbelttråda RNA-genom kjend som reovirus.

Det finst òg eit virus som førebels ikkje er tilknytt noka familie, hepatitt D-virus, men som i stor grad skil seg frå dei andre virusfamiliane som råkar menneske.

Det finst éin familie og éi slekt av virus som smittar menneske og som ikkje er kjend for å valde sjukdom, nemleg familien anellovirus og slekta dependovirus. Begge desse taksa er enkelttråda DNA-virus og er membranlause.

Nyttige tommelfingerreglar

endre

Det finst ulike tommelfingerreglar for dei familiane som råkar menneske. Desse kan vere nyttige for legar, mikrobiologar og virologar.

Av regel plar DNA-virusa å dele seg inni cellekjerna (nukleus), medan RNA-virusa delar seg i cytoplasma. Det finst unnatak: DNA-virusa poxvirus delar seg i cytoplasma, medan RNA-virusa influensavirus og hepatitt D-virus delar seg inni cellekjerna.

Fire familiar har segmenterte genom: bunyavirus, influensavirus, arenavirus og reovirus. Alle desse er RNA-virus.

Tre familiar blir spreidde nesten utelukkande av leddyr: bunyavirus, flavivirus og togavirus. Somme reovirus blir også spreidde frå leddyra sine vektorar. Alle desse er RNA-virus.[3]

Berre éin virusfamilie med virusmembran er kjend for å valda gastroenteritt, nemleg coronavirus. Alle dei andre virusa som valdar gastroenteritt er membranlause.

Samanlikning av klinisk viktige virusfamiliar og -artar
Familie Baltimore-gruppe Viktige artar[1] Membran[1] Forma på virionet[1] Replikasjonsområde[1]
Adenoviridae Gruppe I Adenovirus membranlaus ikosahedral nukleus
Herpesviridae Gruppe I Herpes simplexvirus type 1, herpes simplexvirus type 2, varicella-zostervirus, Epstein-barr-virus, humant cytomegalovirus, Kaposis- sarkom-assosiert herpesvirus 8 membran kompleks nukleus
Papillomaviridae Gruppe I Humant papillomavirus membranlaus ikosahedral nukleus
Polyomaviridae Gruppe I BK-virus, JC-virus membranlaus ikosahedral nukleus
Poxviridae Gruppe I Koppar (Variola major og Variola minor) membran kompleks cytoplasma
Hepadnaviridae Gruppe VII Hepatitt B-virus membran ikosahedral nukleus
Parvoviridae Gruppe II Humant bocavirus, parvovirus B19 membranlaus ikosahedral nukleus
Astroviridae Gruppe IV Humant astrovirus membranlaus ikosahedral cytoplasma
Caliciviridae Gruppe IV Norwalk-virus membranlaus ikosahedral cytoplasma
Picornaviridae Gruppe IV Coxsackievirus, hepatitt A-virus, poliovirus, rhinovirus membranlaus ikosahedral cytoplasma
Coronaviridae Gruppe IV SARS-coronavirus membran spiralforma cytoplasma
Flaviviridae Gruppe IV Hepatitt C-virus, gulfeber-virus, denguevirus, vestnilvirus (vestnilfeber) membran ikosahedral cytoplasma
Togaviridae Gruppe IV Rubellavirus membran ikosahedral cytoplasma
Hepesviridae Gruppe IV Hepatitt E-virus membran ikosahedral cytoplasma
Retroviridae Gruppe VI Menneskeleg immunsviktvirus (HIV) membran ikosahedral[4] nukleus
Orthomyxoviridae Gruppe V Influensavirus membran spiralforma nukleus[5]
Arenaviridae Gruppe V Guanaritovirus, Juninvirus, Lassavirus, Machupovirus, Sabiavirus membran spiralforma cytoplasma
Bunyaviridae Gruppe V Congo-CHF-virus membran spiralforma cytoplasma
Filoviridae Gruppe V Ebolavirus, Marburgvirus membran spiralforma cytoplasma
Paramyxoviridae Gruppe V Meslingvirus, kusmavirus, parainfluensavirus, Respiratorisk syncytialvirus, Humant metapneumovirus, Hendravirus, Nipahvirus membran spiralforma cytoplasma
Rhabdoviridae Gruppe V Rabiesvirus membran spiralforma, prosjektilforma cytoplasma
Ikkje tilordna Gruppe V Hepatititt D membran sfærisk nukleus
Reoviridae Gruppe III Rotavirus, Orbivirus, Coltivirus, Bannavirus membranlaus ikosahedral cytoplasma

Kliniske kjenneteikn

endre

Dei kliniske kjenneteikna ved virusinfeksjon kan variere monaleg blant artar i same familie.

Type Familie Smitteveg[1] Sjukdommar[1] Behandling[1] Førebygging[1] Laboratoriediagnostikk[1]
Adenovirus Adenoviridae ingen
  • vaksine
  • handvask
  • dekke til munn ved hoste/nys
  • unngå nærkontakt med folk som er smitta
Coxsackievirus Picornaviridae ingen
  • handvask
  • dekke til munn ved hoste/nys
  • unngå kontaminert mat/vatn
  • betra sanitasjon
cellekultur, antistoffdeteksjon
Epstein-Barr-virus Herpesviridae
  • spytt
ingen
  • unngå nærkontakt med folk som er smitta
Hepatitt A-virus Picornaviridae
  • fekal-oral smitte
Immunglobulin (posteksponeringsprofylakse)
  • vaksine
  • unngå kontaminert mat/vatn
  • betra sanitasjon
antistoffdeteksjon
Hepatitt B-virus Hepadnaviridae
  • vaksine
  • immunglobulin (perinatal profylakse og posteksponeringsprofylakse)
  • unngå delte nåler/sprøyter
  • sikkert samleie
  • virusantigendeteksjon
  • antistoffdeteksjon
  • nukleinsyreanalyse
Hepatitt C-virus Flaviviridae
  • blod
  • seksuell kontakt
  • unngå delte nåler/sprøyter
  • sikkert samleie
  • antistoffdeteksjon
  • nukleinsyreanalyse
Herpes simplexvirus type 1 Herpesviridae
  • unngå nærkontakt med lesjonar
  • sikkert samleie
Herpes simplexvirus type 2 Herpesviridae
  • unngå nærkontakt med lesjonar
  • sikkert samleie
Cytomegalovirus Herpesviridae
  • handvask
  • unngå delt mat/drikke
  • sikkert samleie
antistoffdeteksjon og nukleinsyreanalyse
Humant herpesvirus 8 Herpesviridae mange behandlingar er førebels i evalueringsstadiet
  • unngå nærkontakt med lesjonar
  • sikkert samleie
nukleinsyreanalyse og antistoffdeteksjon
Menneskeleg immunsviktvirus (HIV) Retroviridae Behandling av HIV/AIDS
  • zidovudin (perinatalt)
  • screening for blodprodukt
  • unngå delte nåler/sprøyet
  • sikkert samleie
  • nukleinsyreanalyse
  • p24
  • antistoffdeteksjon
Influensavirus Orthomyxoviridae
  • vaksine
  • handvask
  • dekke til munn ved hoste/nys
  • unngå nærkontakt med folk som er smitta
Meslingvirus Paramyxoviridae ingen
  • vaksine
  • karantene
  • unngå nærkontakt med folk som er smitta
antistoffdeteksjon
Kusmavirus Paramyxoviridae ingen
  • vaksine
  • unngå nærkontakt med folk som er smitta
antistoffdeteksjon
Humant papillomavirus Papillomaviridae
  • vaksine
  • unngå nærkontakt med lesjonar
  • sikkert samleie
  • visuell inspeksjon
  • antigendeteksjon
  • nukleinsyreanalyse
Parainfluensavirus Paramyxoviridae ingen
  • handvask
  • dekke til munn ved hoste/nys
antistoffdeteksjon
Poliovirus Picornaviridae
  • fekal-oral
ingen
  • vaksine
  • unngå kontaminert mat/vatn
  • betra sanitasjon
antistoffdeteksjon
Rabiesvirus Rhabdoviridae posteksponeringsprofylakse
  • vaksine
  • unngå rabiate/fanatiske/rasande dyr
histologi (postmortem)
Respiratorisk syncytialvirus Paramyxoviridae (ribavirin)
  • handvask
  • unngå nærkontakt med folk som er smitta
  • palivizumab i høgrisikopasientar
  • dekke til munn ved hoste/nys
antistoffdeteksjon og antigendeteksjon
Rubellavirus Togaviridae ingen
  • vaksine
  • unngå nærkontakt med folk som er smitta
antistoffdeteksjon
Varicella zostervirus Herpesviridae

Varicella:

Zoster:

Varicella:

Zoster:

  • cellekultur
  • antigendeteksjon og nukleinsyreanalyse

Diagnose og behandling

endre

Klinisk presentasjon med muskel- og leddsmerte, feber, utslett og svolne lymfeknutar kan tyda på virusinfeksjon. Laboratoriediagnostikk er ikkje naudsynleg for å avdekke infeksjon, sidan det ikkje er noko auking av kvite blodlekamar. Ved mistanke kan det likevel avdekke bakterieinfeksjonar. Virus har vanlegvis ei avgrensa levetid, så behandlinga plar å vere symptomatisk kombinert med antipyretika og analgetika.[6]

Kjelder

endre
  1. 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 Fisher, Bruce; Harvey, Richard P.; Champe, Pamela C. (2007). Lippincott's Illustrated Reviews: Microbiology. Lippincott's Illustrated Reviews Series. Hagerstown MD: Lippincott Williams & Wilkins. s. 354–366. ISBN 0-7817-8215-5. 
  2. «Dr Manny: Why are there deadly viruses in the world?». Fox News. 9. oktober 2014. 
  3. Hunt, M. «Arboviruses». University of South Carolina School of Medicine. 
  4. Le, Tao; Bhushan, Vikas; Vasan, Neil (2009). First Aid for the Usmle Step 1 2010. McGraw-Hill Prof Med/Tech. s. 169. ISBN 978-0-07-163340-6. 
  5. Fisher, Harvey & Champe 2007, s. 315
  6. «Viral Fever». Web Health Centre. Arkivert frå originalen 5. august 2013. Henta 15. august 2013.