When We Were the New Boys
When We Were the New Boys Studioalbum av Rod Stewart | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 28. mai 1998 | |
Sjanger | Rock, poprock | |
Lengd | 41:51 | |
Selskap | Warner Bros. | |
Produsent | Rod Stewart and Kevin Savigar | |
Rod Stewart-kronologi | ||
---|---|---|
If We Fall in Love Tonight (1996) |
When We Were the New Boys | Human (2001)
|
When We Were the New Boys er det 18. studioalbumet til Rod Stewart, gjeve ut den 29. mai 1998 på Warner Bros. Records (WEA 9362-46792-2). Albumet inneheld singlane «Ooh La La», «Rocks» og «When We Were the New Boys».
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Entertainment Weekly | C[2] |
The Hartford Courant | (middels)[3] |
People | (positiv)[4] |
Rolling Stone | [5] |
Albuminformasjon
endreWhen We Were the New Boys var det første albumet til Rod Stewart som ikkje kom ut på vinyl. Albumet vart spelt inn i Ollywood Studios (Hollywood), Royaltone Studios (Burbank i California), Ocean Way Recording (Hollywood), Le Mobile (Carlsbad i California), Beverly Park (Los Angeles), Satinwood Studios og Record One (Sherman Oaks i California).
Songane er stort sett coverlåtar, som «Cigarettes & Alcohol» av Oasis, «Rocks» av Primal Scream, «Hotel Chambermaid» av Graham Parker og «Superstar» av bandet Superstar. Elvis Costello føreslo å ta med to balladar: Ron Sexmith sin «Secret Heart» og Nick Lowe sin «Shelly My Love».
Albumet inneheldt «Ooh La La», ein song spelt inn av Faces, det gamle bandet til Stewart. Faces-versjonen av songen vart opphavleg sungen av gitaristen Ronnie Wood; Stewart spelte inn songen for When We Were the New Boys som ei hyllest til medlåtskrivaren på songen, Faces-bassisten Ronnie Lane, som gjekk bort i 1997, kort tid før albumet kom ut.
Salslister
endreWhen We Were the New Boys nådde andreplassen på den britiske albumlista, der det selde til gullplate den 15. juni 1998. I USA nådde albumet 44. plassen på lista.
År | Song | Plassering |
---|---|---|
1998 | «When We Were the New Boys» | 75 (GER) |
1998 | «Rocks» | 55 (Storbritannia) |
1998 | «Ooh La La» | 16 (Storbritannia) 39 (USA) 73 (GER) |
Innhald
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Cigarettes and Alcohol» | Noel Gallagher | 4:03 |
2. | «Ooh La La» | Ron Wood, Ronnie Lane | 4:15 |
3. | «Rocks» | Bobby Gillespie, Andrew Innes, Robert Young | 4:45 |
4. | «Superstar» | Joseph McAlinden | 4:21 |
5. | «Secret Heart» | Ron Sexsmith | 4:07 |
6. | «Hotel Chambermaid» | Graham Parker | 3:49 |
7. | «Shelly My Love» | Nick Lowe | 3:38 |
8. | «When We Were the New Boys» | Rod Stewart, Kevin Savigar | 4:39 |
9. | «Weak» | Deborah Dyer, Martin Kent, Robbie France, Richard Lewis | 4:38 |
10. | «What Do You Want Me to Do?» | Mike Scott | 3:36 |
11. | «Careless With Our Love» (Bonusspor på den japanske utgåva) | Rod Stewart |
Medverkande
endre- Rod Stewart – solovokal
- Oliver Leiber – gitar, korvokal
- John Shanks – gitar, mandolin, munnspel, slidegitar, korvokal
- Michael Landau – gitar
- Jeff Baxter – gitar, pedalsteelgitar
- Lance Morrison – bassgitar
- Dave Palmer – trommer
- Kevin Savigar – klaverinstrument, orgel, trekkspel
- Paulinho Da Costa – perkusjon, tamburin, maracas
- Jeff Paris – piano
- Rick Braun – trompet
- Nick Lane – trombone
- Jimmy Roberts – saksofon
- Sharon Corr – fele
- Richard Greene – fele
- Caroline Corr – bodhrán
- Andrea Corr – tinnfløyte
- Eric Rigler & His Icy Pipes – låg fløyte
- Steve Richards – cello, korvokal
- Fred White, Dee Harvey, Lamont VanHook, Sue Ann Carwell, Jacki Simley, Richard Page, Jeff Pescetto, Wil Wheaton – korvokal
- Suzy Katayama, Daniel Smith – cello
- Blåsarar arrangerte av Kevin Savigar og Oliver Leiber
Produksjon
endre- Rod Stewart – produsent
- Kevin Savigar – medprodusent
- Rob Dickins – leiande produsent
- Chris Lord-Alge – produsent og miksing
- Barry Rudolph – lydteknikar (utanom på «Ooh La La»)
- Steve Harrison – lydteknikar på «Ooh La La»
- Jim Horetski, Rafa Sardina, Allan Sanderson, Jeff Thomas, Greg Collins – assisterande lydteknikar
- Ed Fotheringham – kunstverk
- Lawrence Azerrad – kunstnarisk leiar & design
- Ken Sharp – fotografi
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «When We Were the New Boys» frå Wikipedia på engelsk, den 6. juni 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- When We Were the New Boys album liner notes. Warner Bros. Records.
- «When We Were the New Boys album review». All Media Guide, LLC. Henta 27. juni 2007.
- ↑ When We Were the New Boys på Allmusic
- ↑ Browne, David (5. juni 1998). «When We Were the New Boys Review». Entertainment Weekly. Henta 24. november 2012.[daud lenkje]
- ↑ Catlin, Roger (4. juni 1998). «When We Were The New Boys -- Rod Stewart». The Hartford Courant. Henta 24. november 2012.
- ↑ Dougherty, Steve; Novak, Ralph; Wolmuth, Roger (8. juni 1998). «Picks and Pans Review: When We Were the New Boys». People. Arkivert frå originalen 17. september 2015. Henta 24. november 2012.
- ↑ Wild, David (4. juni 1998). «When We Were The New Boys». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 13. september 2012. Henta 24. november 2012.