Yara International

(Omdirigert frå Yara)

Yara International ASA (OSE: YAR) (Yara) er eit norsk gjødsel- og kjemikalieselskap med omtrent 16 000 tilsette. Selskapet består av tre segment: Sal og marknadsføring av gjødselprodukt og -løysningar, industri- og miljøløysningar og produksjon. Selskapet var tidlegare del av Norsk Hydro og vart og børsnotert som eige selskap den 25. mars 2004.

Yara International
Yara House in Oslo.jpg
Selskapsformallmennaksjeselskap Sjå dette på Wikidata
Org.nr.986 228 608
Skipa1905/2004
DotterselskapYara (Germany) Sjå dette på Wikidata
EigarNærings- og fiskeridepartementet, Folketrygdfondet Sjå dette på Wikidata
Bransjekjemisk industri
Produktkunstgjødsel
nitrat
LandNoreg Sjå dette på Wikidata
HovudkontorOslo Sjå dette på Wikidata
NykelpersonarSvein Tore Holsether, CEO
Tilsette16 033 Sjå dette på Wikidata
OmsetnadGreen up.png 108 milliardar NOK (2015)
Nettstadwww.yara.com

Den norske staten er største eigaren med 36,2 % av aksjane. Thorleif Enger var konsernsjef fram til september 2008, då Jørgen Ol Haslestad tok over etter at Enger gjekk av med pensjon. I 2004 hadde selskapet driftsinntekter på 43 252 millionar kroner. Yara er den leiande leverandøren i verda av mineralgjødsel med sal i over 150 land og sals- og markedsorganisasjonar i omkring 50 land. Svein Tore Holsether vart ny konsernsjef i september 2015.

Namnet Yara er av runeteikna jera/jart som tyder «godt år». Det norske miljøføretaket Yera AS varemerkeregistrerte og tok i bruk runeteiknet jera og namnet Yera som forretningskjenneteikn alt i år 2000.

Yara er notert på Oslo Børs og marknadsverdien til selskapet var per 12. desember 2016 kroner 89 300 000 000 (89,3 milliardar kroner).

HistorieEndra

Det første nitrogengjødselet i verda, Norgessalpeter (kalsiumnitrat) vart produsert på eit testanlegg på Notodden. Produksjonen var basert på Birkeland-Eydes metode. Dette danna grunnlaget for å etablere Norsk Hydro.

Frå 2006 til 2010 har Yara kjøpt selskapa Rossosh, Burrup, Fertibras, Kemira GrowHow, Qafco 5&6, Belle Plaine og Lifeco.

Kunstgjødsel-fabrikken på HerøyaEndra

Sjå òg: Fullgjødselproduksjon på Herøya

Amoniakk er viktig for produksjon av kunstgjødsel. Norsk Hydro (no Yara) har i ei årrekkje vore blant dei største produsentane i verda med fabrikk på Herøya. Metan eller nafta gjennomgår ein prosess med svovelfjerning, primæromforming og sekundæromforming for å skaffe fram reint nitrogen og hydrogen i tilhøvet ein til tre.

Frå nitrogen og hydrogen vert det produsert ammoniakk ved Haber-Bosch-prosessen

N2 (g) + 3 H2 (g) ⇌ 2 NH3 (g)

Den typiske moderne ammoniakksyntesen føregår ved omkring 300 atm trykk og temperatur ved ca 450 °C.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra