Antoine Galland
Antoine Galland (4. april 1646–17. februar 1715) var ein fransk orientalist og numismatikar, og den fyrste europeiske omsetjaren av den arabiske eventyrsamlinga Tusen og ei natt. Samlinga kom ut i tolv bind mellom 1704 og 1717, og fekk mykje å seia i europeisk litteraturhistorie og for europeiske haldningar til den muslimske verda.
Antoine Galland | |
Statsborgarskap | Kongedømet Frankrike |
Fødd | 4. april 1646 Rollot |
Død |
17. februar 1715 (68 år) |
Yrke | antropolog, barnebokforfattar, numismatiker, eventyrsamlar, arkeolog, omsetjar |
Språk | fransk |
Medlem av | Académie des inscriptions et belles-lettres |
Antoine Galland på Commons |
Liv og virke
endreBakgrunn
endreGalland stamma frå ein familie av småbønder. Han mista far sin då han var fire år gammal. Som tiåring lærte han seg gammalgresk, latin og hebraisk i Noyon. Seinare studerte han ved Collège Royal og Sorbonne i Paris.
Karriere
endreDei framifrå greskkunnskapane til Galland førte til at den dåverande franske sendemannen, Marquis de Nointel, i 1670 overtalte han til koma til Konstantinopel, der han blei verande i fem år. Der, og seinare andre stader, tileigna han seg ytterlegare språkkunnskapar. Etter kvart lærte han seg grundig både arabisk, tyrkisk og persisk, og gjorde seg kjend med litteraturen til desse språka. I Konstantinopel la han også grunnlaget for den store myntsamlinga si.
I 1676 drog Galland til Jerusalem, for å undersøkja, registrera og skissera gamle minnesmerke og innskrifter. I same hensikt drog han i 1679 til Levanten på oppdrag frå Det franske austindiske kompaniet.
Etter å ha kome tilbake til heimlandet i 1701 blei han medlem av Académie des Inscriptions et Belles-lettres og i 1709 professor i arabisk språk ved Collège de France.
Galland omsette Koranen til fransk, og laga ei nokså fri omsetjing av eventyrsamlinga Tusen og ei natt.[1] Han omsette fyrst soga om Sindbad sjøfararen, frå eit manuskript han hadde funne i Konstantinopel på 1690-talet. Den franske omsetjinga kom ut i 1701,[2] og fekk mykje merksemd som oppmuntra Galland til å omsetja fleire eventyr. Hovudmaterialet til Tusen og ei natt fann han i eit syrisk manuskript frå 1300-talet. Dei første to binda av omsetjinga hans, under namnet Mille et Une Nuit, kom ut i 1704. Det tolvte og siste bindet kom ut posthumt, i 1717. Han omsette fyrste del av verket utelukkande frå det syriskspråklege manuskriptet, men i 1709 fekk han ytterlegare materiale på 14 eventyr, fortalt til han munnleg av den maronittiske lærde Youhenna («Hanna») Diab frå Aleppo i Syria. Blant eventyra han fekk av denne munken tok han inn i band sju, mellom anna Aladdin og den magiske lampa og Ali Baba. Samlinga bidrog sterkt til ei sterk interesse for Orienten i fransk litteratur på 1700-talet. Ho inspirerte også det dramatiske diktet Aladdin av Adam Oehlenschläger.[1]
Han døydde 17. februar 1715 i Paris.
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 Winther, Truls Olav (23. august 2023). «Jean Antoine Galland». Store norske leksikon (på norsk).
- ↑ Robert L. Mack, red. (2009). «Introduction». Arabian Nights' Entertainments. Oxford: Oxford UP. s. ix–xxiii.
- Denne artikkelen bygger på «Antoine Galland» frå Wikipedia på bokmål, den 24. desember 2023.