Sindbad sjøfararen
Sindbad farmann eller Sindbad sjøfararen (også skrive Sinbad, på arabisk سندباد Sin-di-bad og persisk سندباد Sand-baad) er ein arabisk oppdikta sjømann frå dagens Irak som er kjend frå Tusen og ei natt, ei orientalsk samling folkelege eventyr som stammar frå 900-talet, men som kom til Europa i fransk omsetjing på 1700-talet. Der er Sindbad helt og hovudperson i forteljingane om dei fantastiske sju sjøreisene sine. I tillegg til fantasifulle overdrivingar og skildringar av fabeldyr, spennande stader og anna, inneheld forteljingane også arabiske førestillingar om områda i Indiahavet aust for Afrika.
Sindbad sjøfararen | |||
| |||
Opptrer i | Tusen og ei natt |
---|
Opphav og omsetjingar
endreForteljingane om Sindbad sjøfararen er dei mest berømte i Tusen og ei natt saman med «Aladdin og den forunderlege lampa» og «Ali Baba og dei førti røvarane». Sogene om Sindbad var likevel ikkje med i dei eldste versjonane av samlinga. Dei er ikkje i det eldste manuskriptet ein kjenner, frå 1300-talet, og er i staden sin eigen sogesyklus i manuskript frå 1700- og 1800-talet. Fyrst i europeiske omsetjingar blei dei gjort til del av Tusen og ei natt.
Sogene går føre seg under Harun al-Rashid si tid som kalif av Abbasidekalifatet. Dei speglar trenden i riket på denne tida, der muslimske sjøfolk utforska verda på leit etter nye handelsruter og nye folk å driva handel med. Dette var ei tid med stor økonomisk og sosial vekst. Desse tendensane går att i sogene, i lag med personar og tema i tida. Abbasideverk som ‘Under i den skapte verda’, som skildrar erfaringane til sjøfolk i Indiahavet på 1200-talet, kan vera ei kjelde til sogene.[1]
Sogene om Sinbad er med i den fyrste europeiske utgåva av Tusen og ei natt, Antoine Galland si Les mille et une nuits, contes arabes traduits en français. Denne kom ut i engelsk omsetjing i 1711 som The new Arabian winter nights entertainments,[2] som kom ut i fleire utgåver i løpet av 1700-talet. Ei kjend omsetjing var Richard Burton si frå 1885, The Book of the Thousand Nights and a Night, der Sindbad-sogene er soge numer 120 i band 6.[3][4][5]
Alexander Seippel omsette sogene frå arabisk til norsk i Soga um Sindbad Farmann, som kom ut i 1900. Han nytta fleire kjelder, hovudsakleg det egyptiske manuskriptet kjent som Bulak 1251, Maximilian Habicht si omsetjing, Ahmad Sjirvani si utgåve frå 1814-18 og Louis-Mathieu Langlès si omsetjing frå 1814.[6]
Forteljingar
endreBeraren Sindbad og sjømannen Sindbad
endrePå same vis som Tusen og ei natt har Sindbad-syklusen ei rammeforteljing som går som følgjer: Ein fattig berar (ein som ber varer for andre på marknaden og i heile byen) tek ein pause for å kvila på ein benk utanfor porten til eit rikt kjøpmannshus, der han klagar til Gud over urettferda i ei verd som tillèt dei rike å leva i ro medan han må slita og likevel halda fram med å vere fattig. Eigaren av huset høyrer og sender bod etter portieren, og finn ut at dei begge heiter Sindbad. Den rike Sindbad fortel den fattige Sindbad at han blei rik ved hjelp av lukke og skjebne gjennom sju fantastiske reiser, som han deretter held fram med å fortelja.
Fyrste reise
endreEtter å ha brukt opp rikdommen han arva etter faren, dreg Sindbad til sjøs for å finna rikdom att. Han legg i land på det som ser ut til å vera ei øy, men denne øya viser seg å vera ein gigantisk sovande kval som tre har slått rot på heilt sidan kvalen var ung. Kvalen vaknar av eit bål eld tent av sjømennene, og dykkar ned i djupet. Skipet fer avstad utan Sindbad, og Sindbad blir berre redda av eit tretrau som flyt forbi, sendt gjennom Allah si nåde. Han blir skylla i land på ei øy som er dekt av tett skog. Medan han utforskar denne folketomme øya, kjem han over ein av stallkarane til kongen. Når Sindbad hjelper til med å redda hoppa til kongen frå å bli drukna av ein havhest (ikkje fuglen, men ein overnaturleg hest som lever under vatn i havet), fører stallkaren Sindbad til kongen. Kongen blir venn med Sindbad, og han stig i gunst og blir ein fortrudd hoffmann. Ein dag legg det opphavlege skipet Sindbad til kai på øya, og han tek tilbake varene sine, som framleis er i lasterommet på skipet. Sindbad gjev sine varer til kongen, og til gjengjeld gjev kongen han rike gåver. Sindbad sel desse gåvene med stor forteneste. Sindbad vender tilbake til Bagdad, der han tek opp att eit problemlaust liv att. Ved slutten av historia gjev Sindbad sjøfararen ei gåve på hundre gullstykke til Sindbad beraren, og ber han komma tilbake neste dag for å høyra meir om eventyra hans.
Andre reise
endrePå den andre dagen av Sindbad si eventyrforteljing (men den 549. natta av dei 1001 nettene til Sjeherasad), fortel sjømannen Sindbad korleis han blei rastlaus av det ledige livet sitt, og sette ut på havet igjen for å sjå seg om i framande land og vinna meir gods.[7] Ved eit uhell blir han forlaten av skipskameratane sine igjen, og er stranda på ei øy som inneheld rokkeegg. Han festar seg til ein rokk ved hjelp av turbanen, og blir frakta til ein dal av gigantiske slangar som kan svelgja elefantar; desse fungerer som det naturlege byttet til rokken. Bakken i dalen er teppet med diamantar, og kjøpmenn haustar desse ved å kasta enorme kjøttbitar ned i dalen: fuglane ber kjøttet tilbake til reira sine, og mennene driv fuglane bort og samlar diamantane som sit fast på kjøttet. Den listige Sindbad spenner eit av kjøttstykka på ryggen og blir boren tilbake til reiret saman med ein stor sekk full av edelstener. Redda frå reiret av kjøpmennene vender han tilbake til Bagdad med ein formue i diamantar, og ser mange vedunder undervegs.
Tredje reise
endreSindbad set segl igjen frå Basra. Men tilfeldigvis blir han og kameratane kasta opp på ei øy der dei blir fanga av ein stygg kjempe. Dette monsteret byrjar å eta mannskapet, og byrjar med kapteinen, som er den tjukkaste av dei.
Sindbad legg ut ein plan for å blinda udyret med dei to glødande jernspyda som monsteret har spidda og steikt mannskapet på skipet med. Han og dei mennene som er att rømmer på ein flåte dei laga dagen før. Likevel treffer vennen til kjempa som er drepen dei fleste av dei flyktande mennene med steinar, og dei blir drepne. Etter ytterlegare eventyr (inkludert ein gigantisk pytonslange som Sindbad flyktar frå ved å tenka raskt), vender han tilbake til Bagdad, rikare enn nokon gong.
Fjerde reise
endreGripen av rastløyse legg Sindbad ut på havet igjen, og forliser nok ein gong. Dei nakne villmennene han er blant gjev folka han er saman med ei urt som tek frå dei fornufta, før dei blir feta for å etast. Sindbad innser kva som skjer og nektar å eta den galskapsframkallande planten. Når kannibalane mistar interessa for han, rømmer han. Eit parti omreisande peparsankarar fraktar han til si eiga øy, der kongen deira blir venn med han og gir han ei vakker og velståande kone.
For seint får Sindbad vita om ein særeigen skikk i landet: ved døden til den eine ektefellen blir den andre gravlagd levande saman med den døde, kledd i dei finaste kleda og dei dyraste juvelane sin. Kort tid etter blir kona til Sindbad sjuk og døyr, og Sindbad ender opp fanga i ei hòle, ei felles grav, med ei krukke med vatn og sju brødstykke. Nett som desse magre forsyningane nesten er oppbrukt, blir eit anna par – mannen død, kona i live – sleppt ned i hòla. Sindbad slår kona i hel og tek rasjonane hennar.
Slike episodar held fram; snart har han eit stort forråd med brød og vatn, og dessutan gull og edelstener frå lika, men er framleis fanga. Ein dag viser eit vilt dyr han ein veg til utsida, høgt over havet. Herfrå blir han redda av eit forbipasserande skip som fraktar han tilbake til Bagdad, der han gjev almisser til dei fattige og tek opp att livet med glede.
Femte reise
endreEtter å ha vore ei stund, grip «ferdahugen» Sindbad att, og han er snart på havet att. Medan dei passerer ei aude øy, oppdagar mannskapet eit gigantisk egg som Sindbad kjenner att som det til ein rokk. Av nysgjerrigheit går passasjerane på skipet av borda for å sjå egget, berre for å enda opp med å knusa det og ha kyllingen inne som eit måltid. Sindbad kjenner omgåande igjen det galne i åtferda deira og beordrar alle tilbake ombord på skipet. Likevel innhentar dei rasande foreldra snart fartøyet og øydelegg det ved å sleppa gigantiske steinblokker dei har bore i klørne sine.
Etter å ha forlise igjen blir Sindbad halden som slave av ein gammal mann, som rir på skuldrene hans med beina om halsen til Sindbad og ikkje vil gje slepp. Han rir både dag og natt, og slår og sparkar Sindbad om han ikkje gjer som han ønskjer.[8]
Til slutt lagar Sindbad vin og lurer den gamle mannen til å drikka han. Mannen blir full og fell av, og Sindbad drep han. Eit skip fraktar han til Apebyen, ein stad der innbyggjarane må sova i båtar på havet kvar natt, medan byen deira er overlaten til valdelege, plyndrande aper. Sindbad får likevel nytte av apane, fordi han kastar stein på dei og dei kastar verdifulle kokosnøtter tilbake. På veg heim byttar han dei mot pepar, nellik og perler, og dreg heim igjen.[9]
Sjette reise
endreSindbad blir lokka ut på havet att av forteljingane til nokre kjøpmenn om reisene sine. Han forliser igjen, denne gongen ganske veldig då skipet hans blir knust sund på høge klippar. Det er ingen mat å få nokon stad, og alle følgjesvennene til Sindbad døyr av svolt til berre han er igjen. Han byggjer ein flåte og oppdagar ei elv som renn ut av ei hòle under klippa. Elva viser seg å vera fylt med edelsteinar, og det blir tydeleg at bekkene på øya renn med ambra. Han sovnar medan han fer gjennom mørket, og vaknar i byen til kongen av Serendib (Sri Lanka/Ceylon), Kongen undrar seg over det Sindbad forteljar han om den store Harun al-Rashid, og ber om at han tek ei gåve tilbake til Bagdad på hans vegner, eit staup skore ut av ein enkelt rubin, med andre gåver som ei seng laga av huda til slangen som svelgde ein elefant[a] Sindbad vender tilbake til Bagdad, der kalifen spør om alt er sant som står i brevet, og Sindbad fortel at kongen av Serendib er endå rikare og mektigare enn det som står i brevet.[10]
Sjuande og siste reise
endreI den sjuande reisa forliser Sindbad att, og ender opp på ein aude kyst. Her byggjer han ein flåte og flyt nedover ei nærliggjande elv til ein flott by. Her gjev sjefen for kjøpmennene Sindbad dotter si i ekteskap, gjer han til arving og døyr ei tid etter. Innbyggjarane i denne byen blir forvandla til fuglar ein gong i månaden, og Sindbad får ein av fuglefolket til å bera han til dei øvste delane av himmelen, der han høyrer englane prisa Gud. Sindbad bryt sjølv ut i lovprising av Gud, men ikkje før orda er ute, før det kjem eld frå himmelen som nesten fortærer fuglemennene. Fuglefolket er sinte på Sindbad og set han ned på ein fjelltopp, der han møter to unge som er Guds tenarar. Dei gjev han ein gullstav. Då Sindbad vender tilbake til byen, får han vita av kona si at fuglemennene er djevlar, sjølv om ho og far hennar ikkje var av dei. Og så, etter forslag frå, sel Sindbad alle eigedelane sine og vender heim med henne til Bagdad, der han til slutt bestemmer seg for å leva roleg med rikdommen sin, og ikkje søkja fleire eventyr.
I ein annan versjon av sogene blir Sindbad sendt ut på den siste reisa si av kalifen sjølv, for å senda svar til kongen av Serendib.[11] På heimvegen blir skipet hans overteke av ville menn, og han og mannskapet blir selde som slavar. Sindbad får i oppdrag å skyta elefantar med pil og boge. Ein dag omringar elefantane treet han sit i, og tek han med seg til ein elefantgravplass der det er mykje elfenbein. For dette gjev eigaren han fridommen att, og halvparten av elfenbeinet.[12] Sindbad vender attende til Bagdad med kamelar og rikdom, «og dette er slutten på soga om ferdirne mine. Lova vere Gud, den eine, skaparen som hev gjort alt som til er».[13]
Nokre versjonar går tilbake til rammehistoria, der beraren Sindbad kan få ei siste sjenerøs gåve frå Sindbad sjøfararen. I andre versjonar sluttar historiesyklusen her, og det er ingen ytterlegare omtale av beraren Sindbad.
Likskapar med andre soger
endreRichard Burton peika på at tredje og fjerde reisa har mange likskapar med hendingar i Odysseen. Der opptrer menneskeetande kyklopar, 'lotus-eterar' som matar mennene til Odysseus med ei magisk frukt som tek frå dei sansane, og flukta til Aristomenes frå Messenia frå gropa han blei kasta i ved hjelp av ein rev som viste vegen.[14]
Sindbad i kulturen
endreSogene om Sindbad har seinare inspirert fleire forteljingar sidan, og blitt del av populærkulturen. Dei har mellom anna inspirert fleire eventyrfilmar, som amerikanske Sinbad, sjøfareren frå 1958, og animasjonsfilmar, som den japanske Arabian Naito Shindobatto no Bōken, ein teiknefilm produsert for fjernsyn i 52 episodar i 1975-1976. I nyare tid har særleg den canadiske serien The Adventures of Sinbad (1996-98) med 44 episodar har hatt stor utbreiing, og blitt vist på norsk tv.[15]
Litteratur
endre- I Greven av Monte Cristo av Alexandre Dumas, fullført i 1844, er Sinbad sjøfararen eit av mange pseudonyms nytta av helten Edmond Dantès.
- Edgar Allan Poe skreiv ei soge kalla «The Thousand-and-Second Tale of Scheherazade» som kom ut i 1845. Denne er litt av ein parodi på Tusen og ei natt, og fortel om den åttande og siste ferda til Sindbad, som møter moderne menneske på eit skip som seglar jorda rundt. Dei merkverdige opplevingane hans blir forklarte som verkelege fenomen i fotnotar til soga.
- I Ulysses, utgjeven i bokform i 1922, nyttar James Joyce «Sinbad the Sailor» som alias for figuren W.B. Murphy og som analog til Odyssevs. Han lagar også ei rekkje ordspel på namnet: Jinbad the Jailer, Tinbad the Tailor, Whinbad the Whaler og så bortetter.
- I John Barth sin roman The Last Voyage of Somebody the Sailor frå 1991 er «Sinbad the Sailor» og dei opphavlege reisene hans ramme for ei rekkje reiser av ein «Ny Journalist» på 1900-talet kjend som «Somebody the Sailor».
- Pulitzerpris-vinnaren Steven Millhauser hadde ei soge som heitte «The Eighth Voyage of Sinbad» med i novellesamlinga si The Barnum Museum frå 1990.
Musikk
endre- I Nikolaj Rimskij-Korsakov sin suite Scheherazade har 1., 2. og 4. sats fokus på delar av soga om Sindbad. Ulike delar av soga har identifiserbare tema, som rokkane og det opprørte havet. I den kulminerande siste satsen blir skipet frå den sjette ferda til Sinbad avbilda i rask ferd mot klippene før oppdaginga av den underjordiske elva gjer at Sindbad kan redda seg og reisa til Serindib.
- «Nagisa no Sinbad» (渚のシンドバッド) var ein single gjeven ut av Pink Lady, ein populær japansk seint på 1970- og tidleg på 1980-talet. Det er gjort coverversjonar av songen av idol-gruppa W og av supergruppa Morning Musume.
- Sinbad et la légende de Mizan er ein fransk musikal frå 2013 inspirert av sogene om Sindbad.
Filmar
endreAnimasjonsfilmar
endre- Sinbad the Sailor (1935), animert kortfilm produsert og regissert av Ub Iwerks.
- Popeye the Sailor Meets Sindbad the Sailor (1936), del av Popeye Color Feature-serien, laga i Technicolor og sloppen til kinoar 27. november 1936 av Paramount Pictures.[16] Han var produsert av Max Fleischer for Fleischer Studios, Inc. og regissert av Dave Fleischer.
- Arabian naito: Shindobaddo no bôken (1962), japansk animasjonfilm
- Sinbad (1992), animasjonfilm sloppen 18. mai 1992, produsert av Golden Films.
- Sinbad: Beyond the Veil of Mists (2000), dataanimert film som nytta motion capture.[17]
- Sinbad: Legend of the Seven Seas (2003), amerikansk animert eventyrfilm produsert av DreamWorks Animation og distribuert av DreamWorks Pictures. Filmen nytta tradisjonell animasjon i lag med noko dataanimasjon. Han var regissert av Tim Johnson.
Engelskspråklege filmar med skodespelarar
endre- Arabian Nights er ein amerikansk eventyrfilm frå 1942 regissert av John Rawlins med skodespelarar som Sabu, Maria Montez, Jon Hall og Leif Erickson. Filmen er avleidd frå Tusen og ei natt, men byggjer meir på fantasi frå Universal Pictures enn dei arabiske forteljingane. Til skilnad frå andre filmar i same sjanger (somThe Thief of Bagdad) har han ingen monster eller overnaturlege element.[18]
- Sinbad the Sailor (1947) er ein amerikansk fantasyfilm i Technicolor frå 1947 regissert av Richard Wallace med skodespelarar som Douglas Fairbanks Jr., Maureen O'Hara, Walter Slezak og Anthony Quinn. Han fortel om den oppdikta åttande reisa til Sindbad, der han oppdagar den tapte skatten til Aleksander den store.
- Son of Sinbad (1955) er ein amerikansk eventyrfilm frå 1955 regissert av Ted Tetzlaff. Han går føre seg i Midtausten og omfattar ei rekkje karakterar, medrekna over 127 kvinner.
- The 7th Voyage of Sinbad (1958) er ein amerikansk fantasyfilm i Technicolor frå 1958 regissert av Nathan H. Juran med skodespelarar som Kerwin Mathews, Torin Thatcher, Kathryn Grant, Richard Eyer og Alec Mango. Han blei produsert av Charles H. Schneer og distribuert av Columbia Pictures.[19]
- Captain Sindbad (1963) er ein uavhengig produsert fantasy- og eventyrfilm produsert av Frank King og Herman King (King Brothers Productions), regissert av Byron Haskin med skodespelarar som Guy Williams og Heidi Brühl. Filmen blei spelt inn ved Bavaria Film-studio i Tyskland og distribuert av Metro-Goldwyn-Mayer.[20]
- The Golden Voyage of Sinbad (1973) er ein fantasyfilm regissert av Gordon Hessler med stop motion-effektar av Ray Harryhausen. Dette var den andre av tre Sinbad-filmar gjevne ut av Columbia Pictures.
- Sinbad and the Eye of the Tiger (1977) er ein fantasyfilm regissert av Sam Wanamaker med stop motion-effektar av Ray Harryhausen. Filmen har skodespelarar som Patrick Wayne, Taryn Power, Margaret Whiting, Jane Seymour og Patrick Troughton. Dette var den siste av tre Sinbad-filmar gjevne ut av Sinbad-filmar gjevne ut av Columbia Pictures.
Andre filmar med skodespelarar
endre- Sinbad Khalashi frå 1930 er ein indisk stumfilm i action-eventyrsjangeren regissert av Ramchandra Gopal Torney.[21]
- Sinbad Jahazi frå 1952 er ein indisk hindispråkleg eventyrfilm av Nanabhai Bhatt.[21]
- Sindbad ki Beti, eller 'Dotter av Sindbad', frå 1958 er ein indisk hindispråkleg fantasyfilm av Ratilal. Han følgjer dottera til Sindbad på leit etter den forsvunne faren sin.[21]
- Son of Sinbad frå 1958 er ein indisk hindispråkleg film av Nanabhai Bhatt. Han er ein oppfølgjar til Sinbad Jahazi.[21]
- Sinbad contro i sette saraceni er ein italiensk eventyrfilm frå 1964, skriven og regissert av Emimmo Salvi med skodespelaren Gordon Mitchell.[22][23]
- Sindbad Alibaba and Aladdin frå 1965 er ein indisk hindispråkleg fantasy-eventyr-musikalfilm av Prem Narayan Arora. Pradeep Kumar har rolla som Sindbad.[21]
- Shehzade Sinbad kaf daginda (‘Prins Sinbad av fjella’, 1971), tyrkisk film.
- Simbad e il califfo di Bagdad (‘Sinbad og kalifen av Bagdad’, 1973), italiensk film.
- Sinbad of the Seven Seas (1989) er ein italiensk fantasyfilm produsert og regissert av Enzo G. Castellari etter ei soge av Luigi Cozzi.
Merknadar
endre- ↑ Temaet med ein slange som svelgde ein elefant, med opphav her, blei teke opp av Antoine de Saint-Exupéry i Den vesle prinsen.
Kjelder
endre- ↑ Pinault 1998, s. 721–722.
- ↑ The new Arabian winter nights entertainments. Containing one thousand and eleven stories, told by the Sultaness of the Indies, to divert the Sultan from performing a bloody vow he had made to marry a virgin lady every day, and have her beheaded next morning, to avenge himself for the adultery committed by his first Sultaness. The whole containing a better account of the customs, manners, and religions of the Indians, Persians, Turks, Tartarians, Chineses, and other eastern nations, than is to be met with in any English author hitherto set forth. Faithfully translated into English from the Arabick manuscript of Haly Ulugh Shaschin., London: John de Lachieur, 1711.
- ↑ Burton, Richard. «The Book of one thousand & one nights» (translation online). CA: Woll amshram. Henta 17 October 2011.
- ↑ Marzolph, Ulrich; van Leeuwen, Richard (2004), The Arabian nights encyclopedia 1, s. 506–8.
- ↑ Irwin, Robert (2004), The Arabian nights: a companion
- ↑ Fyriord. Soga um Sindbad Farmann (Cammermeyer). 1900.
- ↑ Soga um Sindbads andre ferd. Soga um Sindbad Farmann (Cammermeyer). 1900. s. 21.
- ↑ Soga um Sindbads femte ferd. Soga um Sindbad Farmann (Cammermeyer). 1900. s. 70-71.
- ↑ Soga um Sindbads femte ferd. Soga um Sindbad Farmann (Cammermeyer). 1900. s. 78.
- ↑ Soga um Sindbads sette ferd. Soga um Sindbad Farmann (Cammermeyer). 1900. s. 92.
- ↑ Soga um Sindbads sjauande ferd. Soga um Sindbad Farmann (Cammermeyer). 1900. s. 94-95.
- ↑ Soga um Sindbads sjauande ferd. Soga um Sindbad Farmann (Cammermeyer). 1900. s. 100-102.
- ↑ Soga um Sindbads sjauande ferd. Soga um Sindbad Farmann (Cammermeyer). 1900. s. 100-102.
- ↑ «The Project Gutenberg eBook of The Book of the Thousand Nights and a Night Vol VI, by Richard F. Burton», www.gutenberg.org, henta 5. januar 2024
- ↑ «The Adventures of Sinbad» (på engelsk). Internet Movie Database.
- ↑ Lenburg, Jeff (1999). The Encyclopedia of Animated Cartoons. Checkmark Books. s. 122–123. ISBN 0-8160-3831-7.
- ↑ Lenburg, Jeff (2009). The Encyclopedia of Animated Cartoons (3rd utg.). New York: Checkmark Books. s. 226. ISBN 978-0-8160-6600-1.
- ↑ Article on Arabian Nights at Turner Classic Movies vitja 10. januar 2014
- ↑ Swires, Steve (April 1989). «Nathan Juran: The Fantasy Voyages of Jerry the Giant Killer Part One». Starlog Magazine (141): 61.
- ↑ «Captain Sinbad (1963) - Byron Haskin | Synopsis, Characteristics, Moods, Themes and Related | AllMovie».
- ↑ 21,0 21,1 21,2 21,3 21,4 Rajadhyaksha, Ashish; Willemen, Paul (1999). Encyclopaedia of Indian cinema. British Film Institute. ISBN 9780851706696. Henta 12. august 2012.
- ↑ Roberto Poppi, Mario Pecorari. Dizionario del cinema italiano. I film. Gremese Editore, 2007. ISBN 8884405033.
- ↑ Paolo Mereghetti. Il Mereghetti - Dizionario dei film. B.C. Dalai Editore, 2010. ISBN 8860736269.
- Pinault, D. (1998). «Sindbad». I Meisami, Julie Scott; Starkey, Paul. Encyclopedia of Arabic Literature 2. Taylor & Francis. s. 721–723. ISBN 9780415185721.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Sinbad» frå Wikipedia på bokmål, den 18. desember 2023.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Sinbad the Sailor» frå Wikipedia på engelsk, den 4. januar 2024.
Bakgrunnsstoff
endre- Soga um Sindbad Farmann. Cammermeyer. 1900. Digitalisert bok ved nb.no