Whakatāne (uttala ɸakaˈtaːne på maori; fɒkəˈtɑːni eller hwɒkəˈtɑːni på engelsk) er ein by i regionen Bay of PlentyNordøyaNew Zealand, og er setet til regionsstyret, Bay of Plenty Regional Council, og styret i distriktet Whakatane District Council. Whakatāne ligg 90 km aust for Tauranga og 89 km nordaust for Rotorua, ved munningen til Whakatane-elva. Andre tettstadar i distriktet er Murupara, Edgecumbe, Taneatua, Matata, Waimana og Te Teko.

Whakatane
by
Land  New Zealand
Areal 4 441 km²
Folketal 15 850 (30. juni 2018)[1]
Kart
Whakatane
37°57′50″S 176°59′02″E / 37.964°S 176.984°E / -37.964; 176.984
Wikimedia Commons: Whakatāne

Trass i at byen ligg i regionen Bay of Plenty, føretrekkjer mange av innbyggjarane å seia at dei bur i Eastern Bay of Plenty. Den offisielle nettstaden til Whakatane District Council og andre offisielle turistsider er og mellom dei som ønskjer å understreka at Whakatāne ligg i det austlege Bay of Plenty. Ei lang rekkje av lokale verksemder og organisasjonar brukar også uttrykket Eastern Bay of Plenty når dei skriv om kvar dei held til. Byen har eit folketal på 18 700, og i tillegg bur 15 700 menneske i Whakatāne District.[3] Av dei 34 400 innbyggjarane i distriktet, har kring 40% maoriavstamming. Distriket har ei flatevidde på 4 442,07 km². Whakatane District vart oppretta i 1976.

Whakatāne var mellom dei byane som vart råka av Edgecumbe-jordskjelvet i 1987.

Historie endre

Busetnaden endre

Staden har vore busett lenge. Maoriane sine -anlegg i området skriv seg attende til dei første polynesiske busetjingane frå kring år 1200. I følgje maoriforteljingar gjekk Toi-te-huatahi, seinare kjend som Toi-kai-rakau, i land ved Whakatāne kring år 1150, for å leita etter barnebarnet sitt, Whatonga. Då han ikkje fann Whatonga, sette han seg føre å slå seg ned i området, og bygde ein pā på det høgaste punktet på neset som no heiter Whakatane Heads, med utsyn dit byen no ligg. Kring 200 år seinare landa wakaen (kanoen) «Mataatua» ved Whakatane.[4]

Namnet «Whakatāne» skal vera til minne om ei hending som fann stad etter framkomsten til Mataatua. Mennene hadde gått i land, og kanoen kom i drift. Wairaka, ei høvdingkone, sa «Kia Whakatāne au i ahau» ('Eg vil fara åt som ein mann'), og byrja å padla, noko kvinner ikkje hadde lov til å gjera, og med hjelp av dei andre kvinnene vart kanoen berga.[5] Området kring Whakatane var viktig under New Zealand-krigane midt i det nittande hundreåret, særleg for Völkner-episoden. Dette kuliminerte i 1869 med åtak frå styrkane til Te Kooti. På Whakatāne beach fann det stad eit historisk møte den 23. mars 1908 mellom statsminister Joseph Ward og den kontroversielle maoriprofeten og aktivisten Rua Kenana Hepetipa som hevda at han var etterfølgjaren til Te Kooti.

Whale Island (eller Motuhora) er ei lita øy utanfor kysten til Bay of Plenty, om kring 12 kilometer nord for Whakatāne. På øya ligg det fleire pā (befesta maorilandsbyar). Ho gav også ly til James Cook sin bark «Endeavour» i 1769. Det låg ein kvalfangststasjon på øya på 1800-talet.

Mataatuadeklarasjonen i 1993 endre

Den første internasjonale konferansen om urfolk sin eigedomsrett til kulturelle og intellektuelle verdiar (First International Conference on the Cultural and Intellectual Property Rights of Indigenous Peoples) vart halden i Whakatāne frå 12. til 18. juni 1993. Konferansen munna ut i Mataatua Declaration on Cultural and Intellectual Property Rights of Indigenous Peoples, vanlegvis vist til som Mataatuadeklarasjonen Arkivert 2008-05-11 ved Wayback Machine..

Flaumen i 2004 endre

Sterk nedbør råka Bay of Plenty og Whakatāne den 16.-18. juli 2004 og førte til svær flaum, og det vart erklært sivil unntakstilstand. Mange heimar og verksemder vart overfløymde, og tusenvis av innbyggjarane i Whakatāne måtte evakuera. Elva Rangitaiki River gjekk over breiddene sine og la store område av jordbruksland under vatn, og fleire vegar fart stengde av flaum og jordras. I alt fall det 245,8 mm regn i Whakatāne i denne 48-timars perioden, og mange mindre jordskjelv fann også stad på same tid, den gjennomvåte jorda rasa ut fleire stadar, og jordras kravde to liv. Dette var det første jordskjelvet på New Zealand på nær 40 år som valda dødsfall.

Industri og turisme endre

 
Whakatāne Harbour ved solnedgang

Det er ulike viktige næringsvegar i distriktet: Skogsdrift, meieridrift, landbruk, hagebruk, fiske, turisme og produksjonhar alle eit godt grunnlag. Byen har ein papirfabrikk og eit avisprenteverk. Whakatāne er utgangspunktet for turar til Whakaari/White Island, den mest aktive vulkanen på New Zealand, 48 km nord for Whakatane, og eit populært mål for dagsturar. Whakatāne er òg ein base for mange turistar som ønskjer å delta i andre aktivitetar i området kring byen. Populære turistaktivitetar kan vera å symja saman med delfinar, kvalsafari, fisketurar, surfing, amatørastronomi, jakt, flyging og fotturar.

Infrastruktur endre

Munningen til Whakatane River og den naturlege hamna Ohiwa Harbour har båe sytt for hamner til lystfarty, fiskebåtar og mindre skip heilt sidan den europeiske busetjinga i området.

I seinare tid har anlegget av ein flyplass på vestbreidda til elva gjeve regionen tilgang til kommersiell lufttransport med dramatisk reduksjon av reisetid for passasjerar til og frå dei store internasjonale flyplassane ved Auckland og Wellington.

Namnevanskar endre

Whakatāne laga oppstyr på internett då byen vart sensurert av ein søkemotor på grunn av uttalen av namnet. Lokalt vert 'Wh' uttala som ein 'F', og slik vart det første leddet i namnet oppfatta som støytande[6]. Dette fenomenet der eit namn vert blokkert som følgje av eit mistak om å vera eit støytande uttrykk, er kjent som Scunthorpeproblemet.

Venskapsbyar endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

37°59′S 177°00′E / 37.983°S 177.000°E / -37.983; 177.000