Cembalokonsertar av Bach

Cembalokonsertane, BWV 1052-1065, er solokonsertar for cembalo, strykarar og continuo av Johann Sebastian Bach. De finst sju komplette konsertar for enkel cembalo, (BWV 1052-1058), tre konsertar for to cembaloar (BWV 1060-1062), to konsertar for tre cembaloar (BWV 1063-1064) og ein konsert for fire cembaloar, (BWV 1065). To andre konsertar inneheld solocembalo-parti, konsert BWV 1044, som har soloparti for cembalo, fiolin og fløyte og Brandenburgkonsert no.5, BWV 1050, med same instrumentering. I tillegg finst det eit fragment på ni taktar for ein enkel cembalo (BWV 1059) med obo, strykarar og continuo.

Alle cembalokonsertane til Bach (med unntak av Brandenburgkonserten) trur ein er arrangement av tidlegare konsertar for melodiske instrument truleg skrivne i Köthen. I mange tilfelle er det berre cembaloutgåva som finst i dag.

Historie endre

Frå 1729 til 1741 var Bach leiar for Collegium musicum i Leipzig, ei musikalsk studentforeining, grunnlagd av Georg Philipp Telemann i 1703 og styrt før Bach av Balthasar Schott. Collegium musicum gav ofte framføringar ved Zimmermanns kaffihus. Det var for desse høva at Bach skreiv cembalokonsertane sine, av dei første konsertane for tangentinstrument som nokon gong vart skriven. Ein trur at konsertane for fleire cembaloar kom før dei for ein cembalo, kanskje fordi sønene C.P.E. Bach og W.F. Bach (begge dyktige cembalistar) budde heime fram til 1733 og 1734. Det er sannsynleg at Johann Ludwig Krebs, som studerte med Bach fram til 1735, òg spelte cembalo i Collegium musicum.

Konsertane for ein cembalo, BWV 1052-1059, finst i eit signert manuskript (i dag i Deutsche Staatsbibliothek Berlin, Mus. ms. Bach P 234) som ikkje er ei reinskrift, men eit utkast, og datert til kring 1738. Bach kan sjølvsagt ha spelt verka mykje tidlegare ved å bruke delar frå andre melodiinstrumentkonsertar og tilpasse dei for cembalo.

Verka BWV 1052-1057 var meint for ei samling på seks, som ein kan sjå i manuskriptet til Bach. I tillegg til Brandenburgkonsertane er dette dei einaste konsertsamlingane ein har etter Bach.

Konsertar for enkel cembalo endre

Samlinga av seks cembalokonsertar endre

Konsert I i d-moll, BWV 1052 endre

  1. Allegro
  2. Adagio
  3. Allegro

Instrumentering: cembalo solo, fiolin I/II, bratsj, continuo (cello, violone)

Lengd: ca. 22 minutt

Denne cembalokonserten trur ein er basert på ein tapt fiolinkonsert i d-moll som seinare vart arrangert som ein orgelkonsert i 1728 for å nyttast i to av Bach sine kantater. Dei første to satsane for sinfonia og den første koralsatsen i Wir müssen durch viel Trübsal in das Reich Gottes eingehen, BWV 146, og den siste satsen i Ich habe meine Zuversicht, BWV 188. Originalen er truleg ein av dei tidlegaste konsertane til Bach og særs virtuos, på liknande måte som Antonio Vivaldis Grosso Mogul fiolinkonsert, RV 208, som Bach kjende og transkriberte for soloorgel, BWV 594.

Denne konserten har vorte den mest populære frå samlinga frå 1800-talet og frametter. Felix Mendelssohn spelte han og Johannes Brahms skreiv ein kadens for han. Den første publiseringa kom i 1838 av Kistner Publishing House. Det vart ofte framført og spelt inn med piano på 1900-talet.

Konsert II i E-dur, BWV 1053 endre

  1. Allegro
  2. Siciliano
  3. Allegro

Instrumentering: cembalo solo, fiolin I/II, bratsj, continuo (cello, violone)

Lengd: ca. 19 minutt

Denne cembalokonserten trur ein er basert på ein konsert for blåsarar, truleg obo eller obo d'amore og ut frå stilmessige omsyn, kan han vere frå tida til Bach i Leipzig. Han finst, som BWV 1052, i ein seinare transkripsjon i kantatane BWV 169 og BWV 49.

Konsert III i D-dur, BWV 1054 endre

  1. Allegro
  2. Adagio e piano sempre
  3. Allegro

Instrumentering: cembalo solo, fiolin I/II, bratsj, continuo (cello, violone)

Lengd: ca. 17 minutt

Den overlevande fiolinkonsert i E-dur, BWV 1042 var modell for dette verket, som vart transponert ned ein tone for å kunne nå den høgaste tonen på cembaloen. Transkripsjonsprosessen nytta dei same prinsippa som BWV 1053.

Konsert IV i A-dur, BWV 1055 endre

  1. Allegro
  2. Larghetto
  3. Allegro ma non tanto

Instrumentering: cembalo solo, fiolin I/II, bratsj, continuo (cello, violone)

Lengd: ca. 14 minutt

Truleg basert på ein tapt konsert for obo d'amore. Dette er eit modent og formelt konsentrert verk. Det finst ein generalbass-del for denne konserten, som vart lagt til seinare, truleg for eit høve med ein cembalo nummer to, kammerorgel eller theorbo som fylte ut harmonien til generalbassen.

Konsert V i f-moll, BWV 1056 endre

  1. Allegro moderato
  2. Largo
  3. Presto

Instrumentering: cembalo solo, fiolin I/II, bratsj, continuo (cello, violone)

Lengd: ca. 10 minutt

Dei ytre satsane kjem truleg frå ein fiolinkonsert som var i g-moll og den midtre satsen frå ein obokonsert i f-dur. Denne satsen finst òg som sinfonia i kantaten Ich Steh mit einem Fuß im Grabe, BWV 156.

Konsert VI i F-dur, BWV 1057 endre

  1. Allegro
  2. Andante
  3. Allegro assai

Instrumentering: cembalo solo, flauto dolce (blokkfløyte) I/II, fiolin I/II, bratsj, continuo (cello, violone)

Lengd: ca. 17 minutt

Ein transkripsjon av Brandeburgkonsert no.4, BWV 1049, som òg inneheld delar for to soloblokkfløyter, dette er ein concerto grosso. Bach spelte truleg denne konserten sist, som eit høgdepunkt i serien.

Det forlatne første settet endre

Konsert i g-moll, BWV 1058 endre

  1. Allegro
  2. Andante
  3. Allegro assai

Instrumentering: cembalo solo, fiolin I/II, bratsj, continuo (cello, violone)

Lengd: ca. 14 minutt

Truleg det første forsøket til Bach på å skrive ein full cembalokonsert. Verket er ein transkripsjon av Fiolinkonsert i a-moll, BWV 1041. Det ser ut til at Bach var misnøgd med dette verket, og truleg årsaka til at han ikkje endra ripieno-delane særleg mykje, slik at cembaloen forsvann litt i lag med resten av orkesteret, og ikkje i røynda var eit soloinstrument.

Konsert i d-moll, BWV 1059 endre

  1. Ingen tempoindikasjonar

Instrumentering: cembalo solo, obo, fiolin I/II, bratsj, continuo (cello, violone)

Lengd: ca. 20 sekund

Det finst berre 9 taktar av denne konserten, som er teken frå sinfonia i opninga til kantaten BWV 35 Geist und Seele wird verwirret (1726).

Konsert for cembalo, fløyte og fiolin endre

Konsert i a-moll, BWV 1044 endre

  1. Allegro
  2. Adagio ma non tanto e dolce
  3. Alla breve

Instrumentering: cembalo solo, fiolin solo, fløyte solo, fiolin I/II, bratsj, continuo (cello, violone)

Lengd: ca. 22 minutt

Sjølv om dette er ein konsert for tre instrument (Bach kalla det derfor stundom ein trippelkonsert), har cembaloen den mest framherskande rolla. Det er fleire kadensar og virtuose passasjar for instrumentet. Instrumenteringa er identisk den i Brandenburgkonsert no.5, BWV 1050, men karakteren er ganske annleis. Den første og tredje satsen er basert på preludiet og fugen i A-moll for solocembalo, BWV 894, som har vorte utvikla med tillagte tutti-seksjonar. Den midtre satsen er frå triosonaten for orgel i d-moll, BWV 527, som har vorte utvida for fire stemmer. Berre soloinstrumenta spelar, og fløyta og fiolinen delar same melodi og akkompagnement.

Konsertar for fleire cembaloar endre

Konsertar for to cembaloar endre

Konsert i c-moll, BWV 1060 endre

  1. Allegro
  2. Adagio
  3. Allegro

Instrumentering: cembalo I/II solo, fiolin I/II, bratsj, continuo (cello, violone)

Lengd: ca. 14 minutt

Denne konserten er ein transkripsjon for cembalo og strykarar av ein tapt dobbelkonsert i c-moll. Eit rekonstruert arrangement av denne konserten for to fiolinar eller fiolin og obo vert klassifisert som BWV 1060R. Den meistarlege måten soloinstrumenta er blanda inn med resten av orkesteret gjer dette verket til eit av dei mest modne Bach skreiv medan han var i Köthen. Den midtre satsen er ein cantabile for soloinstrument med orkesterakkompagnement.

Konsert i C-dur, BWV 1061 endre

  1. Allegro
  2. Adagio ovvero Largo
  3. Fuga

Instrumentering: cembalo I/II solo, fiolin I/II, bratsj, continuo (cello, violone)

Lengd: ca. 19 minutt

Av alle Bach sine cembalokonsertar, er dette truleg den einaste som opphavleg vart komponert som eit cembaloverk. Verket har opphav som ein konsert for to cembaloar utan akkompagnement. Det er ikkje sikkert det var Bach sjølv som la til orkesterdelane.

Konsert i c-moll, BWV 1062 endre

  1. Andante
  2. Allegro assai

Instrumentering: cembalo I/II solo, fiolin I/II, bratsj, continuo (cello, violone)

Lengd: ca. 15 minutt

Den kjende konserten for to fiolinar i d-moll, BWV 1043 er grunnlaget for denne transkripsjonen. Han vart transponert ned ein tone av same årsak som for BWV 1054, slik at ein kunne nå den øvste tonen.

Konsertar for tre cembaloar endre

Konsert i d-moll, BWV 1063 endre

  1. Alla Siciliana
  2. Allegro

Instrumentering: cembalo I/II/III solo, fiolin I/II, bratsj, continuo (cello, violone)

Lengd: ca. 14 minutt

Musikkvitarane har ikkje enno kome fram til den nøyaktige instrumenteringa og toneartaen til konserten som denne var basert på, men ein meiner at det var ein transkripsjon. Sønene til Bach kan ha vore involvert i komponeringa av dette verket.

Kosnert i C-dur, BWV 1064 endre

  1. Allegro
  2. Adagio
  3. Allegro assai

Instrumentering: cembalo I/II/III solo, fiolin I/II, bratsj, continuo (cello, violone)

Lengd: ca. 17 minutt

Denne konserten var truleg basert på ein orginal i D-dur for tre fiolinar og syner mange likskapar med konserten for to fiolinar/cembaloar, BWV 1043/1061.

Konsert for fire cembaloar endre

Konsert i a-moll, BWV 1065 endre

  1. Allegro
  2. Largo
  3. Allegro

Instrumentering: cembalo I/II/III/IV solo, fiolin I/II, bratsj, continuo (cello, violone)

Lengd: ca. 10 minutt

Bach lagde fleire transkripsjonar av Antonio Vivaldi sine konsertar, særleg frå hans op.3, kalla L'estro Armonico. Han tilpassa dei for solocembalo og soloorgel, og for fire fiolinar i h-moll, op.3 no.10, RV 580, valde han den unike løysinga å nytte fire cembaloar og orkester. Dette er derfor den einaste cembalokonserten av Bach som ikkje var ei tilpassing av ein av hans eigne verk. Den midtre satsen har fire cembaloar som spelar arpeggioar på ein særs uvanleg måte.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre