Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet på UiO
Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet (ofte kalla Mat-Nat) er Universitetet i Oslo si avdeling for studium i matematikk og naturvitskaplege fag.
Fakultetet vart grunnlagt i 1811 som ei underavdeling av Filosofisk fakultet. I 1861 fekk det statusen som eit sjølvstendig fakultet.
Det har vore to nobelprisvinnarar knytte til fakultetet, Odd Hassel fekk nobelprisen i kjemi i 1969 og Ivar Giæver fekk nobelprisen i fysikk i 1973.[1] Ein som ragar høgt er òg professor emeritus Arnt Eliassens Balzanpris i meteorologi i 1996 og Ole-Johan Dahl og Kristen Nygaards Turing-prisar frå 2001 og John Von Neumann-medaljar frå 2002 for objektorientert programmering.
I 2022 var det kring 6 000 studentar og 830 doktorgradskandidatar ved Mat-Nat.[2] Solveig Kristensen er dekan ved fakultetet, Bjørn Jamtveit er prodekan for forsking og Knut Mørken prodekan for utdanning.[3]
Fleire fagmiljø ved Mat-Nat markerer seg internasjonalt, som til dømes Institutt for teoretisk astrofysikk, som deltek i ESA og NASA sitt program «Solar and Heliospheric Observatory».
Einingar
endre-
Fakultetadministrasjonen held til i Fysikkbygningen på nedre Blindern.
-
Vilhelm Bjerknes' hus er det viktigaste bygget for undervising på bachelor-nivå ved Mat-Nat.
-
Institutt for biovitenskap (UiO) held til i Kristine Bonnevies hus.
-
Kjemisk institutt (fremste blokkene), med Fysisk institutt (bakare blokkene).
-
Institutt for geofag held til i Geologibygningen (Sem Sæland veg), med nokre seksjonar er i andre bygningar
-
Institutt for informatikk som held til i Ol-Johan Dahls hus.
- Institutt
- Farmasøytisk institutt
- Fysisk institutt
- Institutt for biovitenskap
- Institutt for informatikk
- Institutt for geofag
- Institutt for teoretisk astrofysikk
- Kjemisk institutt
- Matematisk institutt
- Institutt for teknologisystem
- Senter
- SAFE (Senter for akseleratorbasert forsking og energifysikk)
- Senter for entreprenørskap
- Senter for materialvitskap og nanoteknologi
- Senter for økologisk og evolusjonær syntese (CEES)
- Senter for matematikk for anvendelser (CMA)
- Senter for Jordas utvikling og dynamikk (CEED)
Sjå òg
endre- Liste over professorar ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet (UiO)
- Realistsamskipnaden
- Titan (nettstad), nettavis utgjeve av fakultetet
- Universitetsbiblioteket i Oslo
Kjelder
endre- ↑ «Nobelprisvinnarar - Universitetet i Oslo», www.uio.no (på norsk), henta 22. november 2022
- ↑ «Fakta om Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet - Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet», www.mn.uio.no (på norsk), henta 22. november 2022
- ↑ «Medlemmer i fakultetsstyret - Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet», www.mn.uio.no (på norsk), henta 22. november 2022
- Denne artikkelen bygger på «Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet på UiO» frå Wikipedia på bokmål, den 22. november 2019.