Ekstremvêret Berit

Berit var eit varsla ekstremvêr utstedt 25. november 2011 for Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag, Nord-Trøndelag, Helgeland, Salten, Ofoten og Lofoten. Varselet gjaldt ein kombinasjon av kraftig vind, høge bølgjer og særs høg vasstand fredag den 25. og laurdag den 26. november. Skadane etter ekstremvêret vart estimert til 50 millionar kroner.

Uvêret vart etterfølgd den 27. november av eit nytt kraftig uvêr som råka Vestlandet. Dette førte òg til store øydeleggingar og fleire ras. Ein mann i Bergen miste livet då eit tre blåste over han, medan to personar truleg mista livet i Rogaland då dei vart skylt på havet av store bølgjer medan dei gjorde filmopptak. Dette uvêret hadde derimot ikkje status som ekstremvêr.

Dette var det første ekstremvêret sidan januar 2010.

Vêrsituasjonen endre

Eit særs ustabilt område i Atlanterhavet, som kunne minna om starten på ein tropisk syklon, slo seg saman med eit ekstratropisk lågtrykk i Norskehavet. Dei sørvestlege vindane frå Atlanterhavet og heile vegen til Norskehavet gjorde at bølgjene fekk særs gode tilhøve til å byggje seg opp, samt at vatnet vart stuva opp mot kysten og medførte den høge vasstanden.

Verknad endre

I Nordland, og særleg i Lofoten, vart fleire rorbuer og kaiar knust av stormen, medan det vart heller få skadar i Møre og Romsdal.

Fleire av sendarane til Netcom vart råka av uvêret og 20-30 av sendarane frå Sogn og Fjordane til Nordland hadde problem.

Det vart i tillegg til vind og sjø, registrert kring 2500 lynnedslag i nesten heile landet. Dei fleste lynnedslaga råka derimot Vestlandet og Trøndelag.

Fleire oljeplattformar i Norskehavet måtte stenge produksjonen då det var varsla maksimale bølgjehøgder opp mot 30 meter, noko det òg vart. Heidrun målte mellom anna signifikant bølgjehøgd opp i overkant av 14 meter.

Vasstand endre

Fleire stader i Nord-Noreg sette nye rekord for høg vasstand.

Stad Ny rekord (cm) Gammal rekord (cm)
Bodø 413 404 (1979)
Kabelvåg 428 422 (1949)
Harstad 334 309 (1983)
Andenes 329 320 (1973)
Harstad 335 309 (1983)
Tromsø 383 367 (1967, 1978 og 1993)
Hammerfest 380 376 (1993)
Honningsvåg 379 369 (1993)
Vardø 431 414 (1993)

Vind endre

To stader, Nordøyan fyr og Kråkenes fyr målte vind opp i orkan styrke, medan fem stader hadde sterk storm.

Stasjon Middelvind
(m/s)
Vindkast
(m/s)
Nordøyan fyr 34,4 42,8
Kråkenes fyr 34,1 41,5
Ona 31,5 45,8
Sklinna fyr 30,1 37,5
Halten fyr 29,9 37,9
Sula 29,6 37,2
Veiholmen 28,6 36,0
Myken 27,6 34,8
Ørland 26,8 35,1
Rørvik 26,3 34,0
Vigra 24,2 32,3
Helligvær 24,1 32,0
Værøy 23,2 28,8
Fedje 22,5 28,5
Slåtterøy fyr 21,9 32,1
Andøya - Trolltindan 21,7 27,3
Røst 21,5 28,5
Molde 21,5 28,0
Sandnessjøen 21,3 26,6
Kvamsøy 21,1 28,0
Solvær 21,0 29,5
Skrova fyr 21,0 29,3
Ytterøyane fyr 21,0 27,3
Reipå 20,9 26,0

Sjå òg endre

Kjelder endre