Jupitermånen Europa
Europa er ein av dei 63 månane til planeten Jupiter, og den fjerde største av desse. Namnet er henta frå eitt av Zevs sine mange kjærleiksprosjekt i gresk mytologi. Denne månen verkar å vere dekt av is, noko som kan forklare at han nesten heilt saknar krater. Under isdekket meiner ein at det finst eit flytande hav av vatn. Det sterke magnetfeltet til Jupiter og den vulkanske aktiviteten under Europa si overflate skulle kunne gi varme til dette havet og ein spekulerer derfor i om det eventuelt skulle kunne finnast primitive livsformer på Europa. Europa vert kalla ein galileisk måne, av di han vart oppdaga av Galileo Galilei (i 1610) og er synleg i eit heilt vanleg teleskop.
Oppdaging | |||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppdaga av | Simon Marius Galileo Galilei | ||||||||
Oppdagingsdato | 1610 | ||||||||
Baneskildring | |||||||||
Gjennomsnittleg baneradius | 670 900 km | ||||||||
Eksentrisitet | 0,0101 | ||||||||
3 dagar 13 timar 14,6 minutt | |||||||||
Banehelling | 0,470° | ||||||||
Satellitt av | Jupiter | ||||||||
Fysiske eigenskapar | |||||||||
Snittdiameter | 3 121,6 km | ||||||||
3,1·107 km2 | |||||||||
Masse | 4,8·1022 kg | ||||||||
1,32 m/s2 (0,1347 g) | |||||||||
synkron | |||||||||
0,1° | |||||||||
Albedo | 0,64 | ||||||||
| |||||||||
Atmosfære | |||||||||
1 µPa | |||||||||
Samansetjing etter volum | Oksygen (100%) | ||||||||
Fysiske eigenskapar
endreIndre struktur
endreEuropa sitt indre er mykje likt steinplanetane i samansetting; det er i hovudsak bygd opp av silikatar og stein. Månen har eit ytre lag av vatn som kan vere omkring 100 kilometer tjukt (dels som frosen is i øvre skorpa, dels som eit flytande hav under isen). Målingar av det magnetiske feltet utført av romsonden Galileo, som krinsa kring Jupiter og studerte Europa i 1995-2003, syner at Europa har eit magnetfelt som samverkar med Jupiter sitt, og dette kan tyde på eit magnetisk leiande lag under overflata, som til dømes eit saltvasshav. Europa har truleg også ein jarnkjerne.
Finst føresetnadar for liv på Europa?
endreAstronomar og eksobiologar spekulerer over om tilhøva på Europa er slik at dei tillet vassbasert liv med organismar bygde opp av kolsambindingar. Tidlegare tenkte ein seg at liv skulle kunne finnast berre i ein ”leveleg” sone kring ei stjerne. For ei stjerne av sola sin storleik skulle den levelege sonen vere lokalisert til mindre avstandar frå sola enn denne. Men Voyagersondane kunee påvise intens vulkansk aktivitet på Io og denne aktiviteten kunne forklarast av tidevasskreftene frå Jupiter si veldige masse. Gjennom denne effekten får Europa tilført energi som kan tenkjast å skape varme og føresetnadar for liv. Ein visste att Europa si overflate består av is. Derfor auka interessa for å studere vilkåra for liv i solsystemet utanfor den tradisjonelle levelege sonen etter som oppvarming frå tidevasskrefter skulle kunne gjere det mogeleg for vatn å finnast i flytande form på Europa.
Temperaturen på overflata av Europa ligg i området -190° C til -140° C. Overflata er utsett for kraftig solstråling grunna den tynne atmosfæren samt partikkelstråling som leier til fotolys ogh radiolys slik at mellom anna syre, ozon og hydrogenperoksid med fleire vert laga frå isen. Om der hadde vore organisk materiale skulle det brytast ned, og ikkje noko har hittil vorte påvist. På overflata finst derfor knapt føresetnadar for liv og dermed kan eventuelle livsformer under overflata ikkje få tilskot av organisk materiale ovanfrå. Sjansen for at det finst liv under overflata er sterkt kopla til spørsmålet om det finst flytande vatn under isoverflata.
Gjennom at Europa si masse kunne målast uti frå forstyrringane månen har på dei andre månane sine baner kunne tettleiken reknast til 2,94 g/cm, noko som er mindre enn jord måne. Berekningane tyder på at det kan finnast vatn motsvarande eit 100 km djupt skikt under overflata. Gjennom Europa sine forstyrringar på romsonden Galileo sine forbiflygingar kunne ein slutte at det finst ein metallkjerne (truleg i hovudsak jarn) omgjeven av ein mantel av berg (truleg av silikathaldig materiale). Dette syner at Europa er differensiert. På Galileo hadde ein eit magnetometer som kunne påvise at Europa påverka Jupiter sitt magnetfelt på ein måte som kan forklarast gjennom induksjon frå eit elektrisk leiande skikt nær overflata på Europa. Førekomsten av flytande saltvatn under den frosne overflata skulle kunne forklare denne observasjonen.
Studier av geologien på overflata av Europa gir enda meir stønad for tanken på eit hav av flytande saltvatn under isen. Overflata verkar vere ung frå astronomisk synsstad mellom anna fordi det finst få krater. Det kan forklarast av at kryovulkanisme leier til fornying av overflata. Ein tenker seg at vatn trenger opp i sprekker i isen som kan skapast av tidevasseffekten. Vatnet frys då og jamnar då ut eventuelle krater. Det kan også forklare førekomst av ulike magnesiumsulfatsalt som er påviste på overflata. Det finst så kalla kaosområde der det ser ut som om isen tilfeldig smeltar og isfjell har flytta på seg slik at ein har fått ein karakteristisk utsjånad med så kalla isflåtar i ei ”issørpe”. Kollar og groper samt så kalla linseforma lenticulae kan vere resultatet av oppstigande varm materie som nedanfrå smeltar isdekket og årsaker desse formasjonane. For tida finst ikkje nokon sikre data om tjukkleiken på Europa sitt isdekke men ein kan tenke seg at det varierer frå nokre få titals meter til i prinsipp heilt ned til mantelen.
Dei grunnemna som er naudsynte for liv, som til dømes karbon, finst i tilstrekkeleg mengde. Derimot kan energitilgangen vere ein avgrensande faktor. Intensiteten på solstrålinga er berre 1/27-del av den jorda har. Og med tanke på den intensive strålinga på overflata er det truleg at eventuelle livsformer på Europa må halde seg minst nokre titals meter under overflata, noko som reduserer tilgangen på sollys enda meir. Det talar mot at fotosyntetisk liv skulle kunne gi opphav til ei særskilt stor biomasse på Europa. Men det skulle kunne finnast eit motsvar til dei så kalla black smokers på jorda som vert drivne av vulkansk aktivitet og som injiserer varmt vatn ut i havvatnet. Varmtvatnet inneheld oppløyste mineral som gir energi til metabolismen hos dei ekstremofilar som lever der og som altså er heilt uavhengige av fotosyntese. Ein veit enno ikkje om det finst slik vulkansk aktivitet i Europa sin mantel. Og enda om det finst eit motsvar til black smokers så finst sjansen for at omgjevande berg tek til seg vassløyselege emne slik at varmtvatnet vert næringsfattig. Det krevst vulkansk aktivitet i slik grad at nytt materiale vert tilført nedanfrå slik at næringstilgangen kan oppretthaldast i lang tid.
I Arthur C. Clarke sin roman 2010 - Andre romodyssén omdannar Jupiter seg til ei stjerne og jordbuarane vert frårådde å lande på Europa. I romanen sin epilog 20 000 år inn i framtida har det utvikla seg intelligent liv på Europa.
Romsonde på Europa
endreEit förslag er å sende ein romsonde til Europa og den skulle bore seg gjennom isen for å kome ned til havet. Der nede skulle denne studere havet for å finne liv eller livsteikn. Dette ligg godt inn i framtida. Ein trur at ein kan sende ein romsonde til Europa kring år 2025. Det skulle ta om lag fem år for ein vanleg romsonde å reise frå jordkloden til Europa.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Europa(måne)» frå Wikipedia på svensk, den 14. november 2012.