Fjøllmanngjenta
Fjøllmanngjenta er ein gangar i 6/8-takt, som finst utbreidd som vandreslått over Hordaland, Telemark og Valdres. Slåtten finst i tradisjon etter Knut Lurås og Håvard Gibøen, som lærde bort slåtten til Knut Dale. Slåtten er gamal i Hardanger, og kan førast attende til spelemenn som Nils Rekve og Eirik Medås. Det er ikkje urimeleg å tru at Knut Lurås fekk slåtten då han vitja Nils Rekve på spelferd. Valdresforma av slåtten skriv seg truleg og frå Luråsen, som hadde hopehav med Jørn Hilme og bytta slåttar med han. Utbreiinga av slåtten følgjer soleis reiseruta hans Knut Lurås.
Namnet Fjøllmanngjenta skriv seg frå Rauland, der ein fjøllmann tyder det same som ein raulending. Slåttenamnet følgjer lina etter Håvard Gibøen, som kan ha gjeve slåtten dette namnet. Der det finst former etter Luråsen gjennom til dømes Myllarguten, finst slåtten under andre nemne (Luråsgangar). I Telemark finst det og nokre stev knytt til slåtten. Det finst og ei heil folkevise knytt til stevet om fjøllmanngjenta:
- Fjøllmanngjenta, ho var blid
- drakk og dansa, aka på ski
VariantgruppaEndra
I Hardingfeleverket har slåttekrinsen nr 118 (band I) og 119 (band VII). Slåttekrinsen kan delast inn i to undergrupper, a-i, og j-m. Den første er knytt til Eirik Medås, den andre til Nils Rekve.
Nr 118:
- a: Fjøllmanngjenta, etter Steingrim Haukjem, Veggli [1]. Nedskrift Truls Ørpen 1922 (Ø 117). Haukjem hadde slåtten etter Knut Dale, Tinn.
- b: Fjøllmanngjenta, etter Gunnulf Borgen, Bø i Telemark [2]. Nedskrift Arne Bjørndal 1947 (B 139). Borgen hadde slåtten etter Knut Dale.
- c: Fjøllmanngjenta, etter Halvor Klonteig, Tinn [3]. Nedskrift Eivind Groven 1920 (G 988).
- d: Fjøllmanngjenta, etter Eilev Smedal, Flatdal, Seljord [4]. Nedskrift Eivind Groven 1936 (G 363). Smedal hadde slåtten etter Kjetil Håvardsson, son av Håvard Gibøen.
- e: Fjøllmanngjenta, etter Tarkjell Kolbjørnsrud, Heddal [5]. Nedskrift Eivind Groven 1944 (G 828).
- f: Fjøllmanngjenta, etter Einar Løndal, Tuddal [6]. Nedskrift Eivind Groven 1953 etter sending i NRK (G 800).
- g: Fjøllmanngjenta, etter Jørgen Tjønnstaul, Kviteseid [7]. Nedskrift Eivind Groven 1955 etter opptak i NRK (G 989).
- h: Spelarguro (Rull), etter Sjurd Håstabø, Granvin [8]. Nedskrift Arne Bjørndal 1936 (B 1081). Forma er og nytta av Halldor Meland. Håstabø hadde slåtten etter farbroren Olav Håstabø, som atter hadde slåtten frå Nils Rekve etter Eirik Medås. Slåttenamnet er etter kona til Olav, som heitte Guro, og var glad i denne slåtten. Ho hadde tilnamnet Spelar-Guro.
- i: Gangar frå Hardanger, etter Karl Bjørnsen, Sigdal [9]. Nedskrift Truls Ørpen 1947 (Ø 302). Bjørnsen fekk slåtten av Kristiane Lund, Bø i Telemark. Rekve-form.
- j: Gangar, etter Ola Mosafinn, Voss [10]. Nedskrift Arne Bjørndal 1908 (Bjørndal nye slåttar nr 3). Dette er forma etter Nils Rekve. Slåtten er mykje nytta i Voss og Hardanger, og denne forma er og kalla Till Till Tove.
- k: Gladheimen, etter Øystein Hovdestad, Vinje [11]. Nedskrift Eivind Groven 1919 (G 389).
- l: Han dryfta godt spel, Knut, etter Johannes Dale, Tinn [12]. Nedskrift Truls Ørpen 1951 (Ø 383). Johannes hadde slåtten etter far sin, Knut Dale. Å dryfte er det same som å reinske. Namnet Knut kan vise til Knut Dale eller Knut Lurås.
- m: Bægjuven, etter Torleiv Lykka, Seljord [13]. Nedskrift Eivind Groven 1953 etter opptak i NRK. Namnet skriv seg frå spelemannen Olav Bægjuv, frå {{Seljord]]. Han reiste til Amerika.
Nr 119:
- a: Fjøllmanngjenta, etter Halldor Meland, Kvam [14]. Nedskrift Eivind Groven 1964 etter privatopptak (G 1547). Forma er etter Olav Bergsland, Kviteseid. Meland bygde om slåtten noko.
- b: Vossarull, etter Sigbjørn Bernhoft Osa, Voss [15]. Nedskrift Eivind Groven 1968 (G 1938). Forma er etter Sjur Helgeland. Går attende på Rekve-forma.
- c: Valdresguten, etter Torleiv Bolstad, Øystre Slidre [16]. Nedskrift Eivind Groven 1964 (G 1510).
- d: Luråsgangar, etter Johannes Dale, Tinn [17]. Nedskrift Eivind Groven 1970 etter opptak (G 1881). Forma er etter Hans Hellos, Bø i Telemark.