Springaren Flesbergen er ein gamal tvibeitslått som mest truleg har opphavet sitt i Flesberg, og som har vore spela i ei rekkje variantar i Telemark, Numedal og Valdres. Slåtten har vore nytta av Myllarguten, som fekk han frå spelemenn i Numedal, og av Gamle-Kleven, som spela to ulike former av han. Truls Ørpen meinte slåtten skreiv seg frå spelemannen Ola Pålsson i Flesberg, som var fødd i 1771, og sidan følgde slåtten lina nedetter til Eivind Spellemann frå same området. Namnet Flesbergen skriv seg frå desse spelemennene.

Rikard Berge la fram at Knut Lurås fekk slåtten frå Blinde-Knut frå Flesberg. Luråsen tok så slåtten med seg til Telemark.

I Valdres var slåtten ofte kalla Bikkjelåtten eller Hundehenta, før Ola Okshovd bygde han om og vida han ut. Okshovdforma er sidan kjend under namnet Fagerdalen. Hundehenta var nytta av spelemannen Ivar Ringestad frå Vestre Slidre, og er soleis knytt til den eldste tradisjonslina for hardingfele i Valdres.

Dette er opphavleg ein tvibeitslått av det mest einfelte slaget. Det same veket er teke oppatt på grovstrengene etter å ha vore spela på grannstrengene. I dei fleste utformingane finst det lite av mellomspel. Telemarksformene er etter måten meir utbygd enn dei frå Numedal.

Olav Sataslåtten skal ha nytta slåtten som hallingspringar, men elles finst ikkje denne slåtten i overlevert form i Hallingdal.

Variantgruppa endre

Hardingfeleverket har slåtten under gruppenummer 523 (12 variantar).