Fonologien til grenlandsmålet
Fonologien til grenlandsmålet.
Vokalar
endreGrenlandsmålet har – som dei fleste variantane av norsk – 9 kort og 9 lange monoftongar og 7 diftongar.
fremre | bakre | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
urunda | open-runda | trong-runda | runda | |||||
kort | lang | kort | lang | kort | lang | kort | lang | |
trong | i [ɪ] | iː [iː] | y [ʏ] | yː [yː] | ʉ [ʉ̞] | ʉː [ʉː] | u [ʊ] | uː [uː] |
trong-midtre | e [ɛ] | eː [eː] | ø [œ] | øː [øː] | o [ɔ] | oː [oː] | ||
open-midtre | æ [æ] | æː [æː] | ||||||
open | a [a] | aː [ɒː] |
Det er eit særkjenne ved grenlandsmålet at det er klåre kvalitetsskilnader mellom dei fleste korte og lange vokalane. Klårast er dette ved dei trong-midtre vokalane /e eː/, /ø øː/ og /o oː/ og dei opne vokalane /a aː/. Dette inneber at dei lange vokalane /eː/, /øː/, /oː/ og /aː/ ikkje fell i hop med dei tilsvarande korte når dei blir forkorta i trykksvak stilling. Dei seks diftongane blir /æi øy æʉ ai oy ʉi ui/. Diftongane har ein del fellestrekk, t.d. er alle stigande, bortsett frå dei to siste, som er avvikande ved å ha to tronge vokalar. Diftongen /æʉ/ blir uttala [æʉ̞] eller [æʋ].
Trykkveik kort e
endreTrykkveik kort e varierer sterkt i uttale. I omstendeleg uttale av td ²maːɽe 'måle', mellom anna føre pause, læt han oftast som [ɛ]. I raskt tale, særleg føre eit anna ord, blir han sentralisert til [ɛ̈] eller [ǝ]. Dette skjer berre når ordet etter tek til med konsonant, for han blir ikkje uttala i det heile føre vokal:
- skarʉ ²maːɽe [²mɒːɽǝ] poː eːn ¹sønda 'skal du måle på ein sundag?'
- skarʉ ²maːɽ [²mɒːɽ] i ¹daː 'skal du måle i dag?'
Når trykkveik kort e står mellom ein konsonant og n eller l, smeltar e og n/l i hop til syllabisk n/l:
- ¹boːten [¹boːtn̩] 'båten'
- ¹feŋʃel [¹fɛŋʃl̩] 'fengsel'
Når trykkveik kort e følgjer ein annan vokal, får han same kvaliteten som denne vokalen, særleg når ein konsonant følgjer e:
- ²spaːe [²spɒːɛ] ~ [²spɒːɒ] 'spade'
- ²spaːen [²spɒːɒn] 'spaden'
- ²ɡoːen [²ɡoːon] 'gåen'
Desse ord kunne ikkje skrivast fonemisk som *²spaːan og *²ɡoːon, for kort a og o blir uttala [a] og [ɔ]. Legg merke til kva ²spaːe 'dag' og ¹daː 'dag' heiter i bunden fleirtal – dei rimar ikkje:
- ²daːene [²dɒːɒnɛ] ‘dagane'.
- ²spaːane [²spɒːanɛ] ‘spadane'.
Kort [æ]
endreI eldre grenlandsmål var ikkje [æ] eit eige fonem.
I trykksterk staving
endreI trykksterk staving var [æ] og [ɛ] allofonar av eit fonem /e/, med desse distribusjonane:
- Trykksterk /e/ blei realisert som [æ] føre konsonantane /ʈ ɖ ɳ ʂ r ɽ/, som i desse døma:
- /¹eʈ/ [¹æʈ] f 'ert'; /¹ɡeɖ/ [¹ɡæɖ] 'Gerd'; /²geɳe/ [²ɡæɳɛ] 'galne'; /²heʂe/ [¹hæʂɛ] v 'herse'; /¹vere/ [¹ʋæɾɛ] adj, komp 'verre'; /¹eɽj/ [¹æɽj] m 'elg'
- Trykksterk /e/ blei realisert som [æ] i diftongane /ei/ og /eʉ/:
- /¹brei/ [¹bɾæi] adj 'brei'; /²eʉe/ [²æʉɛ] n 'auge'
- Trykksterk /e/ blei realisert som [ɛ] i andre samanhengar, td:
- /²veske/ [²ʋɛskɛ] f 'veske'; /²hesje/ [²hɛʃjɛ] f 'hesje'
Tilhøva endra seg då /sj/ midt på 1900-talet fall saman med /ʂ/ i det som vi i moderne grenlandsmål skriv /ʃ/, slik at det einaste som skil uttalen av 'hesje' og 'herse' er kvaliteten på den trykksterke vokalen:
- /²heʃe/ [¹hæʃɛ] v 'herse'; /²hæʃe/ [²hɛʃɛ] f 'hesje'
I dette nye systemet må vi rekne trykksterk /e/ og /æ/ som to ulike fonem i trykksterk staving.
I trykkveik staving
endreI trykkveik staving var tilhøva tidlegare annleis, ved at [a] og [æ] var allofonar ev eit fonem /a/, med desse distribusjonane:
- Trykkveik kort /a/ blei realisert som [æ] føre konsonantane /ʈ ɳ ʂ r/:[1]
- /¹keʉaʈ/ [¹kæʋæʈ] 'Coward' (eit familienamn); /²læːraɳ/ [²læːɾæɳ] m 'læraren'; /²stakaʂ/ [²stakæʂ] adj 'stakkars'; /²stakar/ [²stakæɾ] m 'stakkar'; /²læːrar/ [²læːɾæɾ] m 'lærar'; /²eɽjar/ [²æɽjæɾ] m, pl 'elgar'
- Trykkveik /a/ blei realisert som [a] i andre samanhengar, td
- /²hopa/ [²hɔpa] v 'hoppa'
Det fanst òg ein kort /e/ i trykkveik staving, som alltid blei realisert som [ɛ]:
- /²jente/ [²jɛntɛ] f 'jente'; /²jenter/ [²jɛntɛɾ] f, pl 'jenter'
Tilhøva endra seg då lånord med trykkveik /ar/ byrja å bli uttala med [aɾ]:
- /¹ɡʉnar/ [²ɡʉnaɾ] 'Gunnar'; /¹raːdar/ [¹ɾɒːdaɾ] m 'radar'
I dette nye systemet må vi skilje mellom trykkveik /a/, /æ/ og /e/:
- /¹keʉæʈ/ [¹kæʋæʈ] 'Coward' (eit familienamn); /²læːræɳ/ [²læːɾæɳ] m 'læraren'; /²stakæʂ/ [²stakæʂ] adj 'stakkars'; /²stakær/ [²stakæɾ] m 'stakkar'; /²læːrær/ [²læːɾæɾ] m 'lærar'
- /²jente/ [²jɛntɛ] f 'jente'; /²jenter/ [²jɛntɛɾ] f, pl 'jenter'
Konsonantar
endreGrenlandsmålet har 22 konsonantfonem:
labial | laminal | apikal | dorsal | laryngal | |||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
plosiv | p | b | t | d | ʈ | ɖ | k | g | |
nasal | m | n | ɳ | ŋ | |||||
frikativ | f | s | ʃ | ç | h | ||||
approksimant | v | l | j | ||||||
flikk | r | ||||||||
flapp | ɽ |
Bymåla i Brevik og Langesund mangla tidlegare (inntil fyrste helvta av 1900-talet) fonemet ɽ, og ein nytta l eller i staden, til dømes ²nyːˌmaːla ²golver 'nymåla golv (pl.)', mot ²nyːˌmaːɽa ²goɽver andre stader. Bymålet i Kragerø manglar framleis ɽ, i motsetnad til dei tilgrensande bygdemåla.
Folk som er fødde før 2. verdskrigen, har ʃj av eldre sj, til dømes ¹ʃjøː 'sjø' og ²ʃjelden 'sjeldan'. Den dominerande uttalen i dag er ¹ʃøː 'sjø' og ²ʃelden 'sjeldan'.
Trykk, aksent og tonem
endreTrykk, aksent og tonem i grenlandske ord har desse relasjonane til kvarandre:
- Ordet har trykkveike og trykksterke stavingar.
- Trykksterke stavingar er uaksentuert eller aksentuerte.
- Aksentuerte stavingar har aksent 1 eller aksent 2.
Aksent 1 og aksent 2 kan òg kallast "tonem 1" og "tonem 2" eller tonelag 1 og tonelag 2. Denne klassifikasjonen inneber at det finst fire typar stavingar i høve til trykk, aksent og tonem:
- Trykkveike stavingar.
- Trykksterke uaksentuerte stavingar.
- Trykksterke aksentuerte stavingar med tonem 1.
- Trykksterke aksentuerte stavingar med tonem 2.
Ordet ²baːdeˌstrana [²bɒːd̻ɛˌs̻t̻ɾan̻a] 'badestranda' har fire stavingar, ²baːd, e, ˌstran og a[2]:
- ²baːd er ei trykksterk aksentuert staving med tonem 2, markert med ² føre; tonem 2 er markert med ².
- e er ei trykkveik staving.
- ˌstran er ei trykksterk uaksentuert staving, markert med /ˌ/ føre.
- a er ei trykkveik staving.
Meir om aksent
endreSom nemnt i innleiinga til artikkelen Grenlandsmålet, har dialekten fleire vestnorske drag, til dømes at framandord ikkje har konsekvent aksent på fyrste stavinga, som i tradisjonelt austnorsk. På grenlandsk, som vidare vestover, heiter det mʉ¹sik 'musikk' og diːa¹lekt 'dialekt', mens det i Vestfold og elles på Austlandet tradisjonelt heiter ²mʉsik 'musikk' og ²diːaˌlekt 'dialekt'. Dette tyder likevel ikkje at aksenten alltid ligg på same staden som i såkalla "standarduttale" av nynorsk og bokmål. Det finst mellom anna ord som ¹kɽuːak 'kloakk', pu¹daːɡra 'podagra' og mu¹tuːr 'motor', som i "standarduttale" heiter kluː¹ak 'kloakk', ¹puːdaɡra 'podagra' og ¹mu(ː)tur 'motor'. Hos eldre folk kan ein òg høyre uttalemåtar som puli¹tiker 'politikar', der "standarduttalen" er pu¹liːtikar (nynorsk) / pu¹liːtiker (bokmål).
Ein ting som skil grenlandsmålet frå mange søraustlandske og midtaustlandske dialektar, er aksentueringa av adjektiv i superlativ. Her ei ei jamføring mellom oslomålet og grenlandsmålet:
- Oslomålet: ¹fiːn 'fin', ¹fiːnest 'finast', ²fiːneste 'finaste'; ²tiːli 'tidleg', ¹tiːlikst 'tidlegast', ²tiːlikste 'tidlegaste'
- Grenlandsmålet: ¹fiːn 'fin', ²fiːnast 'finast', ²fiːnaste 'finaste'; ²tiːli 'tidleg', ²tiːliast 'tidlegast', ²tiːliaste 'tidlegaste'
I grenlandsk har superlativformene alltid aksent 2, i samsvar med dei fleste målføra utanfor Søraustlandet og i samsvar med det ein skulle vente på bakgrunn av utviklinga frå norrønt til moderne norsk. Oslomålet har derimot eit system der superlativ utan -e på slutten har aksent 1 og superlativ med -e på slutten har aksent 2, truleg i analogi med positive former, med aksent 1 i ¹fiːn 'fin' og aksent 2 i ²fiːne 'fine'.