Gahnitt er ein sinkspinell med formel ZnAl2O4, eit mineral som tilhøyrer spinellgruppa.

Gahnitt

Generelt
KategoriOksydmineral
Spinellgruppa
Kjemisk formelZnAl2O4
Strunz-klassifisering04.BB.05
Identifikasjon
FargeMørkegrøn, blågrøn, blå til indigo, gul til brun
KrystallformTypisk åttesidig, sjeldan som dodekaeder, òg massiv til korna
KrystallsystemIsometrisk
TvillingVanleg på [111] produserer striper
KløyvUtydeleg deling på [111]
BrotMuslig, Ujamn
Mohs hardleiksskala7½–8,0
GlansGlasaktig
StrekfargeGrå
TransparensGjennomskinneleg til nesten ugjennomsiktig
Spesifikk vekt4,38–4,60
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparIsotrop
Brytingsindeksn = 1,79–1,80
Kjelder[1][2][3]

Det vart først skildra i 1807 etter ein førekomst i Falu gruve i Falun i Dalarna i Sverige og kalla opp etter den svenske kjemikaren Johan Gottlieb Gahn (1745–1818), som oppdaga grunnstoffet mangan.[2][3]

I Noreg er det mellom anna kjent frå ein granittpegmatitt i Øvre Vats i Rogaland, og i kismalm frå Bleikvassli og Ofoten i Nordland.

Kjelder

endre
  1. http://rruff.geo.arizona.edu/doclib/hom/gahnite.pdf Mineral Handbook
  2. 2,0 2,1 http://www.mindat.org/min-1632.html Mindat
  3. 3,0 3,1 http://webmineral.com/data/Gahnite.shtml Webmineral
  • «Gahnitt». Store norske leksikon. 14. februar 2009. Henta 14. februar 2014. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Gahnitt