Hauyn
Hauyn er eit kvitt, grått eller blåleg feltspatoidmineral i sodalittgruppa (sjå feltspatoidar og sodalitt). Det finst i fonolitt og andre lavabergartar, saman med leucitt eller nefelin.
Hauyn | |||
Hauyn på augitt, Somma-Vesuv-komplekset i provinsen Napoli i Italia | |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Tektosilikat, sodalittgruppa | ||
Kjemisk formel | Na3Ca(Si3Al3)O12(SO4) | ||
Strunz-klassifisering | 09.FB.10 8/J.11-30 | ||
Dana-klassifisering | 76.2.3.3 | ||
Krystallsymmetri | Isometrisk hekstetraedrisk H-M-symbol 43m Romgruppe: P 43n | ||
Einingscelle | Z = 1; a = 9.08 - 9.13 Å | ||
Identifikasjon | |||
Molekylvekt | 1 032.43 g[1] | ||
Farge | blå, kvit, grå, gul, grøn, rosa | ||
Krystallform | Dodekaeder eller pseudo-åttesidig | ||
Krystallsystem | Isometrisk | ||
Tvilling | Vanleg på {111} | ||
Kløyv | tydeleg på {110} | ||
Brot | Ujamn til muslig | ||
Fastleik | Sprø | ||
Mohs hardleiksskala | 5 til 6 | ||
Glans | glasaktig til feittete | ||
Strekfarge | Særs lyseblå til kvit | ||
Transparens | Gjennomsiktig til gjennomskineleg | ||
Spesifikk vekt | 2.4 til 2.5 | ||
Optiske eigenskapar | |||
Optiske eigenskapar | Isotrop | ||
Brytingsindeks | n = 1.494 til 1.509 | ||
Dobbeltbryting | Ingen, isotrop | ||
Pleokroisme | Ingen, isotrop | ||
Smeltbarheit | 4.5[2] | ||
Oppløyselegheit | Gelatinerer i syrer | ||
Andre eigenskapar | Kan fluorescere oransje til rosa under langbølgja ultrafiolett lys[3][4] | ||
Kjelder | [1][2][3][4] |
Det vart først skildra i 1807 frå prøvar oppdaga i lavaen på Monte Somma i Italia,[5] og vart namngjeven i 1807 av Brunn-Neergard etter den franske krystallografen René Just Haüy (1743–1822).[2]
Det er ikkje funne i Noreg.
Kjelder
endre- Hauyn. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/hauyn.
- ↑ 1,0 1,1 «Hauyne». Webminerals. Henta 08/11/11.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 Gaines et al (1997) Dana’s New Mineralogi Eighth Edition. Wiley
- ↑ 3,0 3,1 «Hauyne». Mindat.org. Henta 08/11/11.
- ↑ 4,0 4,1 Handbook of Mineralogi (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 10. april 2020, henta 30. juli 2014
- ↑ Farndon and Parker (2009). Minerals, Rocks and Fossils of the World. Lorenz Books