Springaren Igletveiten er spela i variantar i Telemark, Numedal, Hallingdal og Valdres. I Valdres er slåtten ofte kalla Kari Hagen eller Raklekjølkin, medan han og er kjend under namnet Vestafe`en i Telemark. Mykje tyder på at slåtten har opphavet sitt hjå spelemannen Jon Kjos. Ein variant av slåtten er bygd ut av Olav Sataslåtten, men han ser ut til å ha vore nytta på Nes før hans tid (Ragnhild Brunsvoll). Elles er det ikkje registrert variantar av slåtten i Buskerud.

Namnet Igletveiten skriv seg frå spelemannen Olav Igletveit frå Seljord, som lærde slåtten av Håvard Gibøen. Då han var komen eit stykke på heimveg, laut han snu av di han hadde gløymt bort slåtten, og gjekk attende til Gibøen for å lære han på nytt. Etter det vart namnet hans knytt til springaren. Mange av variantane nedanfor er knytt til Håvardstradisjonen. Håvard hadde lært slåtten i Sauland, men han ser ut til å ha vore mykje nytta på denne tida.

Det er ein del sams melodisk materiale mellom Igletveiten og springaren Jarand Skinnarland. Båe slåttane byrjar til dømes med den same vendinga, men dei er sett opp i to ulike slåttekrinsar. Variant h, Ragnhild Brunsvoll, har vendingar som peikar mot båe slåttane. Ein kunne tenkje seg at dei to slåttekrinsane båe har sams opphav. Igletveiten har tyngdepunktet sitt i austre Telemark.

Variantgruppa endre

Hardingfeleverket har registrert slåttekrinsen under nr 522. Det er noko tvil om at variant l frå Lærdal retteleg høyrer til krinsen.

  • c: Springar, etter Olav R. Berge, Rauland [3][daud lenkje]. Nedskrift Eivind Groven 1919 (G 741). Denne forma ligg nærare den ”klassiske” Igletveiten enn variant a. Noko meir utbygd enn b.
  • e: Igletveiten, etter Johannes Dale, Tinn [5][daud lenkje]. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1281). Denne forma ligg nærast variant b, men er noko meir utbygd.
  • f: Tullar-Margit, etter Einar Løndal, Tuddal [6][daud lenkje]. Nedskrift Eivind Groven 1956 etter opptak i NRK (G 803). Slåtten er bygd ut av Svein Løndal. Han hadde slåtten frå Tullar-Margit, som var svært til å tulle slåttar. Slåtten er og skrive ned etter Olav Løndal. Forma er svært utbygd, og er den største i variantgruppa.
  • i: Baustadtoppen, etter Olav Sataslåtten, Ål [9][daud lenkje]. Nedskrift Sven Nyhus 1976 etter opptak. Sataslåtten sa han laga slåtten sjølv, men nytta gamalt tilfang. Han hadde vore ute heile dagen for å fange inn sauene sine, då han sette seg til å kvile innunder Baustadtoppen. Då høyrde han sauebjøllene, og sprang utkvilt nedatt medan han tralla på denne slåtten. Elles er slåtten skriven ned av Truls Ørpen. Denne forma har nokre vendingar sams med variant a. Slekter på springaren Jarand Skinnarland.