Verdas innlandsstatar ifølgje CIA World Factbook.

Innlandsstat er ein sjølvstendig stat som ikkje har kyst mot havet, men berre grensar til andre land. Dei kan likevel ha kystlinjer mot innsjøar. I 2008 fanst det 44 innlandsstatar. Det finst innlandsstatar i alle folkesette verdsdelar bortsett frå Oseania og Nord-Amerika.

To statar i verda er «doble innlandsstatar», det vil seia at dei også er omgjevne av innlandsstatar. Ein må dermed reisa gjennom minst to land for å koma til havet derfrå. Desse to doble innlandsstatane er Liechtenstein og Usbekistan. Nokre statar kan ha ei kort kystline, men inga hamn, slik at landet i praksis blir ein innlandsstat. Dette gjeld til dømes Bosnia-Herzegovina.

Transport og reise til og frå innlandsstatar må føregå over landjorda, eller i nyare tid gjennom luftfart. Nokre av dei har likevel farbare elver og kanalar, som Sveits, Austerrike, Ungarn, Serbia og Kasakhstan.

Innlandsstatar i verdaEndra




1Har kyst til Kaspihavet, som har kanalsamband med havet.
2Har kyst til Aralsjøen
3Heilt innringa av ein annan stat

KjelderEndra