Lonarkjempun

Lonarkjempun er namnet på ein slått frå Telemark som finst i fleire variantar. Attåt Telemarksformene er det og registrert to form frå Voss, skriven ned etter Ola Mosafinn, som hadde ei form etter Isak Rokne. I hardingfeleverket er det skrive ned åtte variantar av slåtten. Fire av desse er frå Telemark, og tre frå Bø i Telemark. Slåtten er truleg komen til Telemark med Knut Lurås.

Lonar er namnet på ein gard i Sauland, og Lonarkjempun er eit namn som følgde kjempekarane som kom frå den garden. Det er mogleg slåtten er bygd ut av Lars Fykerud. Forma etter Olav R. Berge kunne tyde på at slåtten og har vore spela av Myllarguten, og dette, saman med namnet, tyder på at slåtten har kjerneområdet sitt aust i Telemark.

VariantgruppaEndra

Slåtten er katalogisert under fleire numre:

Nr 115:

  • a: Fuglakongen, etter Ola Mosafinn, Voss. Nedskrift Arne Bjørndal 1908 (Bjørndal Nye slåttar 33). "Fuglakongen" var ein mann som budde på Voss på 1830-talet. Han var god til å tralle slåttar, og Mossafinn lærte slåtten av han då han berre var sju år gamal.

nr 145:

Supplementsform: